Gi en gave
Meny
Foto: Lise Tørnby Last ned

25 årsjubileum i Thailand

Etter 18 års misjonsinnsats vart Den evangelisk-lutherske kyrkja i Thailand etablert den 24. april 1994.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det er ikkje ofte at misjonsarbeid som vert starta fører til kyrkjeetablering. Dei siste 50 åra har det for NMS vedkomande skjedd ein gong og det var i 1994. Det var rett og slett kyrkjehistorie som vart skreve denne dagen for 25 år sidan.

Utviding av arbeidet
Då NMS tidleg på 70-talet ville utvide arbeidet i Søraust-Asia, var det fleire aktuelle land. Laos var eit av dei, men då kommunistane slo ned borgerkrigen og overtok styringa i landet våren 1975 vart landet totalt stengt for muligheten til å drive misjonsarbeid.
I staden vart det Thailand, – og seint i august 1976 kom dei to første misjonærane til landet. Det var Eli og Emil Årsheim. 2-3 veker seinare kom også Bjørg og Nils Peder Kjetså. Begge familiane hadde bakgrunn frå misjonærteneste i Hongkong.

Vanskeleg start
Då NMS starta arbeid i Thailand som den fyrste lutherske misjonsorganisasjonen, hadde det vore katolsk arbeid i landet sidan 1500-talet og protestantisk misjon i nesten 150 år. Likevel var det langt under ein prosent kristne i landet. Oppstarten i Thailand var vanskeleg. Eli Årsheim sa det slik: «Om dagen gjekk vi gatelangs og sveitta, – om kvelden sat vi og grein og ba.»
Det tok fem år før den fyrste vart døypt som eit resultat av arbeidet.

Misjon og kyrkje saman
Men før det hadde det kome fleire lutherske partnarar. Det finske misjonsselskapet (nå FELM) og Den evangelisk-lutherske kyrkja i Hongkong ville vere med og byggje ei lutherske kyrkje i Thailand. Seinare på 80-talet vart også Den lutherske kyrkja i Singapore med.
Utover 80-talet vaks arbeidet. Arbeidet vart utvida til Nordaust-Thailand, nye menigheter vart planta, det diakonale arbeidet vart utvida og ein bibelskule etablert.

Milepæl
1988 var ein milepæl for arbeidet. Det året skjedde tre store ting. Fire thai-evangelistar vart ordinert til prestar, Den lutherske kyrkja i Malysia & Singapore vart med i arbeidet og den fyrste misjonæren frå ELCHK kom til Thailand.
I 1994 var det misjonærar frå Norge, Finland, Hongkong og Singapore. Seinare har det også kome misjonærar frå Kinki-kyrkja i Japan og frå Den lutherske kyrkja i Australia. Og i dag har vi til og med to misjonærfamiliar frå Madagaskar. Dette har vore ein rikdom for arbeidet. Det var til dømes biskop Gideon Chang frå Malaysia som vigsla den fyrste biskopen i Thailand, Banjob Kusawadee. Han var 34 år då – og vi sa det slik: Verdens yngste biskop i verdens yngste kyrkje!

ELCT 2019
I fjor åpna kyrkja for ordinasjon av kvinnelege prestar, og den norske kyrkja var representert ved preses Helga Haugland Byfuglien då to kvinner vart ordinert og ny biskop vigsla. I dag er kyrkja representert i 14 av landets 78 provinsar eller fylker – og har over 5 000 medlemer. Og denne veka er utsendingar frå ca. 50 menigheter samla til årets generalforsamling i Bangkok!

Gratulerer med dagen!

Faksimile fra Misjonstidende juni 1994

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp