Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin T. Helle Last ned

Vi ynskjer Møre bispedøme velkomne med kontorplass hos NMS i Møre

Møre Bispedømekontor er frå årskiftet på plass i Keiser Wilhelmsgate 23 i 4. etasje i Ålesund. I samlokalisering med Det Norske Misjonsselskap (NMS) sitt regionskontor, har bispedømekontoret etablert seg med 3 arbeidsstasjonar og tilgang til godt møterom.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Lunsjpause, ein god arena for fellesskap og samhandling. F.v. Geir Sakseid, SMM- rådgjevar, Arvid Helle, MBD, Laila Helle, NMS, Tor Johan Øvstebø, MBD, Erika Lynn Sollie, NMSU

Møre bispedømekontor held til i stiftsbyen Molde med gode kontortilhøve og eigna møterom for dei fleste samlingar i bispedømeregi. . Sidan fleire av dei tilsette på bispedømekontoret har heimeadresse i området rundt Ålesund og sidan fleire enn halvparten av medlemene i kyrkja bur på Sunnmøre, er det etter kvart utvikla seg eit behov for både å arbeide og å invitere til møte i regionen.  Kontoret i Ålesund er difor ei praktisk kontorteknisk innretning. Vi har ei tid sett etter ledige lokale for medarbeidarar på Sunnmøre og høve for møteplass for mindre møter i området

-Kvifor arbeidsplass i Ålesund?

På denne måten kan vi spare reisetid og rasjonalisere tidsbruken. Ålesund er ikkje etablert som bispekontor, men arbeidsstasjonar for inntil 3 personar og tilgang til møterom. Kontoret i Ålesund er ei praktisk kontorteknisk innretning. Vi har sett etter ledige lokalar for medarbeidarar på Sunnmøre og etter møteplass for mindre møter.

– Er det viktig for bispekontoret å jobbe saman med andre aktørar?

Bispedømet har snusa på ulike alternativ og det var litt tilfeldig at vi landa hos NMS. Der fann vi egna lokalar. Etter å ha sjekka med NMS Region Møre og huseigar om det var praktisk mogleg, sendte vi formell førespurnad til NMS om kontrakt og leigeavtale.

At det er ein kyrkjeleg organisasjon er ikkje eit «must». Vi håper at lokalisering her kan auke samhandling med fleire aktørar i Ålesundsregionen.  Kyrkja er ein samfunnsaktør som samhandlar bredt, og vi vil vere til stade på mange arena. Men det er sjølvsagt viktig for oss å ha god kontakt med det kristne organisasjonslivet.

-Kva synergiar kan dette gi?

Vi ynskjer Møre bispedøme velkomne med kontorplass hos NMS i Møre. Arvid Helle, MBD, Laila Karin Tusvik Helle, NMS, Erika Lynn Sollie, NMSU, May Lisbeth H. Aurdal, NMS

Når ein er samlokalisert, er det sjølvsagt interessant å sjå kva synergiar ein kan få ut av det. Å møtast i same lokale, kan bidra til auka innsyn i kvarandre sin arbeidskvardag, utfordringar og løysingar.

Vi kan gi kvarandre innspel og få fagleg utbytte av det. Ein vil automatisk få dele erfaringar og kunne spele ball med kvarandre i ulike spørsmålsstillingar.

-Tar de imot besøk på kontoret?

Ja, ein kan avtale møte med aktuell tilsett og det er høve å stikke innom for å helse på.   Vi har ikkje fast kontortid då vi tilsette vekslar mellom dei ulike kontora, og er ute i kyrkjelydane. Kontoret er ikkje eit publikumskontor, men ein er velkomen til å gjere avtale.

Saman om oppdraget

Kyrkja har mange oppgåver, men berre eitt oppdrag; misjon. Saman kan vi  dele trua på Jesus, kjempe mot urett og utrydde  fattigdom. Ved å vere vedkjennande, open, tenande og misjonerande kan vi saman vere med på å skape meir himmel på jorda.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp