Suksess med redesign!
Syinteresserte frå ulike stadar på Sunnmøre og Nordfjord møtte opp fredags kveld med symaskiner, klare for å skape noko nytt av brukt. Stor inspirasjon i å treffe så mange andre som ser nytten av å redesigne. Alle som trong det, fekk også muligheit til å lære ulike måtar å sy i glidelås, lommer og andre nyttige sytips. Det blei mange vesker, toalettvesker og klesplagg.
Innimellom fekk vi høyre om NMS sine bruktbutikkar, og besøkte ein av dei som ligg i Myrvåg. Vi hadde og besøk av Sonja Kaldhol som delte gode ord og tankar og Mari Ann Vattøy og Ingrid Nerhol med sang og musikk. Søndag avslutta vi med medbrakt lunsj til Herøy Gard, der vi også fekk høyre om Herøyspelet og muséet.
Høyres dette interessant ut for deg å vere med på, så ta gjerne kontakt med Laila Endresen tlf. 92087067 eller Dorthe Lervik tlf. 41565316.

Gøy å sy i lag! Foto: Laila Helle

Her er alle flotte resultata frå helga! Foto: Laila Helle

Hilde Lervik Langås. Foto: Laila Helle

Ingri Hagen er nesten ferdig med veska! Foto: Laila Helle

Helgas yngste deltakara Ingrid klipper ut mønster. Foto: Laila Helle

Tusen takk til Laila Endresen og Dorthe Lervik som delte av sin sykunnskap! Foto: Laila Helle

På tur med lunsj til Herøy gard. Foto: Laila Helle

Randi Stige Øvstebø med toppen ho har sydd om! Foto: Laila Helle

Torill Alnes med sjølvlaga veske av dongeribukse. Foto: Laila Helle

Tur med omvisning på Herøy gard. Foto: Laila Helle

Kari Vatne har lært noko nytt, klippe skråband! Foto: Laila Helle

Sygjengen samla saman med dei flotte resultata! Foto: Laila Helle