Gi en gave
Meny
Foto: Anette Thingbø Sundnes / ENGASJERTE: Dirigentskapet kunne konstatera at leirstadene engasjerte delegatene. Frå venstre: Jonas Skrettingland, Tone Nybø og Anders Emil Kaldhol. Last ned

Både glede og frustrasjon kring leirstadene

Leirstadene skapte størst engasjement då landsstyret la fram seksårsmeldinga si under generalforsamlinga. Regionstyreleiar i Møre, Arne Kristian Drøpping, var tydeleg i sin kritikk av landsstyret – men såg håp for vegen vidare.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

– Landsstyret har eit problem. Eg kan ikke helt forstå kva landsstyret vil med leirstadene. Vi i region Møre kan ikkje heilt skjøna korleis frittståande foreiningar skal kunne klare å drive store leirstader som jo er som flaggskip å rekna i NMS. Prosessen kring leirstadene har ikkje vore god, sjølv om den nå i løpet av våren er kommen inn i eit betre spor, sa Drøpping.

Andre delegatar, blant anna frå leirstaden Fjelltun, var positive til at dei mindre leirstadene nå kunne bli sjølvstendige foreiningar. Debatten avdekte at det særleg er dei fire store leirstadene (Mesnali, Mjuklia, Stenbekk og Kjeldsund) ikkje er nøgde med landsstyret sitt vedtak om at alle leirstadene skulle bli eigne foreningar.

Framtida for leirstadene

Det blei også retta kritikk mot NMS og NMSU for at leirstadene i for liten grad blei trukke fram i seksårsmeldinga, og fleire etterspurte kva NMS/NMSU tenkte om framtida for desse.

Guro Reknes, som er nestleiar i landsstyret til NMSU, tok til motmæle mot førestellinga om at ikkje NMSU nyttar leirstadene lenger:

– Eg er einig i at leirstadene skulle ha vore tydelegare nemnt i seksårsmeldinga. Samstundes har eg lyst til å løfta fram at NMSU i 2022 hadde kring 3300 deltakarar på leir, fordelte på 76 leirar. Dette er opp 37 prosent frå året før. Ikkje minst ser vi at den nye konfirmantsatsinga saman med kyrkjelydar i Den norske kyrkja nå ber frukter. Me i NMSU tenkjer at dette er ein en bra måte å bruke leirstedane meir på, sa Reknes.

Også leiar i landsstyret, Bjørg Tysdal Moe, gav ein respons til innlegga om leirstadene:

Lyttande og kreative

– Vi i landsstyret forventa at dette med leirstadene skulle komma opp, sa ho og leste opp eit vedtak som landsstyret gjorde tidlegare i juni. Her kjem det fram at landsstyret er audmjuk for den belastninga både frivillige og tilsette har opplevd gjennom år med skifter av driftsmodellar og andre forhold kring leirstadene. Landsstyret erkjenner også manglande oppfølging av leirstadene. Samstundes registrerte ho at fleire av dei mindre leirstadene opplever foreningsmodellen som en tenleg plattform for vidare drift. Ho understreka også at ho har tru og håp for at ei finn gode og tenlege løysingar også for dei største leirstadene-

– Landsstyret ønskjer å knyta leirstadene tettare til NMS og NMSU. Vi vil bidra til utvkling av leirstadene. Vi står saman om eit globalt og lokalt engasjement, og saman må vi finne veien vidare.Ting tar tid, men vi skal vera kreative og lyttende, forsikra ho.

Rekord i doktorgradsstudentar

Elles tok dekan Tomas Sundnes Drønen ved VID vitenskapelege høgskule ordet for å understreka at banda mellom NMS og det som tidlegare var Misjonshøgskulen (nå ein del av VID) blir vidareført like sterkt som før.

– Vi har blant anna hatt over 25 masterstudentar frå våre samarbeidskyrkjer dei siste åra, og ti doktorgradsstudenter frå Kamerun, Etiopia og Madagaskar. NMS og VID går hand i hand som vi har gjort heilt sidan 1843. Dette kan me gjera takka vera innsamla midler fra misjonsvenner, samt bidrag frå NMS og VID. Eg vil gjerne takke for det gode samarbeidet vi har. Eit samarbeid som fortset med uforminska styrke. Vi har for eksempel aldri hatt så mange doktorsgradsstudentar som i dag, sa han.

Etter debatten vedtok generalforsamlinga å ta seksårsmeldinga til etterretning.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp