Gi en gave
Meny
Last ned

Redesign i vinden!

Kleda våre må vare lengre. Det dreier seg om å ta vare på verdiane vi har, og få ned mengda avfall. Eg er glad for at det har blitt trendy å sy igjen, seier Dorthe Lervik.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dorthe Lervik på Gjenbruk Ålesund

Dorthe jobbar frivillig som butikkleiar i NMS Gjenbruk Ålesund, og er ein av initiativtakarane til redesignweekenden som blei arrangert på Kjeldsund leirstad og gjestegard i haust.
Kjeldsund ligg idyllisk til i den sunnmørske skjergarden, 15 minutts køyring frå Ulsteinvik.
Unge kjøper brukt
– Då eg starta som frivillig i NMS Gjenbruk Ålesund for snart tre år sidan, selde vi ikkje klede. I dag har vi ei nyoppretta klesavdeling med godt sal. Særleg mange unge kjøpar hos oss, fortel Dorthe.
– Det var nettopp inne ei ung jente som kjøpte ein herrevest ho skulle sy om til seg sjølv. Ikkje lenge etter kom ho tilbake med ei venninne, og dei kjøpte fleire ting. Det er veldig kjekt å sjå, smiler Dorthe.

Redesignweekend på Kjeldsund
I fjor kom Dorthe på idéen om å arrangere ein redesignweekend. Ho kontakta Laila Karin Tusvik Helle, regionkoordinator i NMS, region Møre, som sette henne i kontakt med Laila Endresen. Ho hadde gått med dei same planane.
Tanken var å samle syentusiastar og gi inspirasjon og tips til redesign, kombinert med andre innslag innan same tema. – Det blei både foredrag, song og musikk, fellesskap og godt sosialt lag. Kjeldsund var ein veldig fin arena for weekenden, seier Dorthe.
Ho hadde med seg eit stativ med klede og tekstil frå gjenbruksbutikken som deltakarane kunne kjøpe.
Dorthe har lang erfaring med søm og tekstil. Ho har fagbrev i søm, og har vore lærar på ungdomsskule og vidaregåande skule innan kunst- og handverksfag. Ho har sydd både bunadar og brurekjolar, samt kyrkjetekstil til i heimkyrkja si på Vigra.

Nytt liv til brukt plagg»
Dei to er i gang med å planlegge årets redesignweekend, som blir 20.-22. september. Dorthe fortel at dei vil legge opp til stasjonsundervisning der ein blant anna kan lære å sy i glidelås, lage lommer og sy vesker. Dei ønsker at dette skal vere eit arrangement som alle kan delta på, ein treng ikkje vere medlem av NMS eller ha misjonsengasjement. Tema er «nytt liv til brukt plagg».

Redesign
Lage noko nytt av brukte plagg eller tekstil.
Sal av klede og tekstil totalt i NMS Gjenbruk:                                                            Til no i 2024: 23,2%                                                                                                     2023: 20,0%


Nyheter

Innholdsrik misjonshelg på Røbekk

Misjonsforeningene i Molde hadde sin tradisjonsrike misjonshelg i november, med misjonsfest lørdagskvelden og misjonsgudstjeneste søndag 17. november. Snøvær og kuling stoppet fergene over fjorden denne lørdagen, men
Les mer

NMS Gjenbruk mottar prispenger, kunst og ros

Sareptaprisen deles ut hvert år til noen som får mye ut av lite. Årets prisvinner er NMS Gjenbruk og deres mange medarbeidere i 53 enheter landet rundt.
Les mer

Suksess med redesign!

Ja, for andre gong blei det arrangert redesign-helg på Kjeldsund.
Les mer

Jubel og Jubileum

NMS Gjenbruk Ålesund har ei jubileumsveke bak seg. 11.november 2023 feira vi 25-årsjubileum for den første NMS gjenbruksbutikken opna på Sola. 25.september 1999 er datoen for butikk nr. 2 i kjeda av dei 52 butikkane knytt til Det Norske Misjonsselskap.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp