Gi en gave
Meny
Foto: Katrine Pensgård / POPULÆRT: Mange besøkande var innom i løpet av dei to dagane messa varte. Varene fekk bein å gå på. Last ned

NMS Gjenbruk på Fæbrikstad

– Det yrte av folk på standen vår, noko vi vil attskape i år óg. Dette er ein kjempefin måte å få vist fram konseptet NMS Gjenbruk, seier marknadsansvarleg i NMS Gjenbruk, Katrine Pensgård.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I september i fjor deltok nemleg NMS Gjenbruk på Fæbrikstad, ei gjenbruksmesse som ønsker å gjere noko med dei store problema knytt til klima og klesindustrien. Det er damene i Fæbrik, med Jenny Skavlan i spissen, som står bak messa som var ein kjempesuksess med 6200 besøkjande.

Arrangementet gjekk føre seg i Vikingskipet på Hamar, og utstillarar og besøkjande fylte hallen i to heile dagar. Over 100 utstillarar deltok, og dei som kom kunne mellom anna bestille «sypass», der dei lærte å sy ein jakke. På programmet stod også foredrag, workshops, konkurransar og debattar. Her var det mykje å lære.

– Deltakinga på Fæbrikstad var ein stor suksess for oss i fjor, derfor er vi med i september i år óg, seier Katrine Pensgård, marknadsansvarleg i NMS Gjenbruk.

Nettverk og møteplass

– For oss er det viktig å vere synlege i bransjen. På Fæbrikstad kjem mange innverknadsrike aktørar, som kjente politikarar, kjendisar og næringslivsfolk. For eksempel var Maud Angelica Behn der i fjor, samt dåverande næringsminister, Jan Christian Vestre. Det er ein kjempefin arena å få vist alt NMS Gjenbruk har å by på, seier Pensgård.

– I tillegg er det viktig å treffe andre i bransjen og diskutere felles gleder og utfordringar og skape nettverk til gjensidig nytte. Det er sentralt at NMS Gjenbruk er med der det skjer, meiner marknadsansvarleg Pensgård.

– For oss i administrasjonen er dette ein viktig møteplass. Når vi ser kva Fæbrik klarer å skape og all blesten det får, er det avgjerande for oss å vere med. Det skjer mykje i gjenbruksbransjen for tida, vi må halde oss oppdatert og henge på dette toget inn i framtida. Og så er det jo gøy å vere på eit arrangement med så mykje folk og potensielle kundar, smiler Pensgård.

– Det var så god stemning og positivitet. Det gir energi og inspirasjon til å stå på for NMS Gjenbruk.

Stor marknadsverdi

På Fæbrikstad går det mykje i klede og tekstil, men NMS Gjenbruk hadde med litt som gjenspegla heile varespekteret til butikkane.

– I fjor hadde vi med varer frå rundt 20 butikkar. I år starta vi å samle inn varer tidlegare og vil ha med frå enda fleire. Det som blir selt blir kreditert butikken vi hentar det frå, forklarar Pensgård, som også kan fortelje at NMS Gjenbruk skal ha større stand i år. 30 kvadratmeter mot 20 i fjor.

Ho fortel vidare at dette er ein kjempefin måte å marknadsføre seg på. Arrangementet skapte stort engasjement, og NMS Gjenbruk fekk mange nye følgjarar på Instagram etter messa. Dei fekk vist både det frivillige arbeidet, vareutvalet og profilen til eit nytt publikum.

– I fjor deltok fleire frivillige frå butikken i Brumunddal, som ligg nærmast Hamar. Dei gav uttrykk for at dei synest det var veldig kjekt. Og dei gjorde ein strålande jobb, smiler Pensgård.

– Vi selde for over 70 000 kroner på to dager. Det var vi veldig nøgde med. Men det viktigaste er marknadsverdien og gleda over at frivillige deltok saman med oss tilsette, seier Pensgård med sin blide sørlandsdialekt.


Nyheter

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Les mer

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer

Helt topp regionstevne!

Regionstevne for Møre ble arrangert lørdag 23. august på Røbekk i Molde. Røbekk kirkesenter var fylt til siste plass under misjonsfesten og viste stor oppslutning om misjonens arbeid.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp