Gi en gave
Meny
Last ned

Inspirert til Misjon

At misjonsfolket savna det å kome saman og møtast fysisk igjen, såg ein tydeleg på inspirasjonssamlinga for Nordre/ Austre Sunnmøre denne torsdags kvelden!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Eit fargerikt bord med deilig påsmurd brødmat!

Sidan det ikkje lot seg gjere å arrangere det årlege områdestemnet i vår, så kombinerte ein denne samlinga med å ha eit kort årsmøte i starten.

Geir Sakseid fortalte frå aksjonen «Saman som kyrkje i heie verda»  som er ein innsamlingsaksjon til hardt ramma søsterkyrkje i
koronatida og tok oss vidare til Midtausten og utfordringane dei har der med marginalisering, migrasjon og misjon.

May Lisbeth Hovlid Aurdal i NMS har hatt mykje med denne aksjonen å gjere i NMS samanheng. Ho supplerte denne

Butikkmedarbeidar Dorthe Lervik t.v med kåpe kjøpt på Gjenbruk saman med styreleiar på Gjenbruk Ålesund Reidar Standal og butikkmedarbeiar Solveig Aksnes

aksjonen på ein god måte ut ifrå ei NMS vinkling.  Det var ein stor andel kyrkjelydar med misjonssavtale gjennom NMS som var med på aksjonen og mange hadde funne kreative måtar å gjennomføre den på. Sjølv om denne aksjonen oppsto i fjor under pandemien, så håper NMS at dette kan bli ein årleg aksjon også i framtida.

Jorunn Bakke Orvik akkompagnerte til allsongane og hadde med seg Kari Hagen på fløyte. Saman spelte dei og eit par vakre musikkstykke for oss!

Mat høyrer med og her var det på førehand stelt istand påsmurt deilig brødmat som vart servert på ein koronavennleg måte saman med kaffi og te!

Reidar Standal, styreleiar i NMS Gjenbruk Ålesund, informerte om butikken og den fantastiske omsettinga dei har hatt til trass kortare opningstider og færre folk i koronatida! Butikken i Ålesund ligg på 2. plass av 51 NMS butikkar når det gjeld inntekter! Imponerande! Han hadde med seg to gode medarbeidarar, Dorthe Lervik og Solveig Aksnes som fortalte korleis dei opplevde det å jobbe i Gjenbruk og kva det har gitt dei. Dorthe viste fram eit par ting ho hadde handla på Gjenbruk,- mellom anna ei flott kåpe  som og hadde ei historie med seg. Dei oppmoda fleire til å bli medarbeidarar i Gjenbruk.

Kjellaug Standal leia os gjennom ei flott samling! Tusen takk til områdeutvalet og til dei som ordna med alt det praktiske- lyd og bilde, pynting, rydding og mat!


Nyheter

Populær redesignaften med fullt hus!

Fullt hus og 80 besøkende når NMS Gjenbruk i Molde arrangerte redesign aften i oktober.
Les mer

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Les mer

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp