Gi en gave
Meny
Foto: Egil Veddeng Last ned

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Full sal, og åresalget gjekk strykande.

Det er alltid spennande om det kjem bra med folk, og no vart det heilt fullt rundt borda! Åresalget gjekk strykande, og basarbordet med litt større gevinstar, var godt besøkt. Gevinstlista var lagt ut på bygdesidene på Facebook nokre dagar før, med oppfordring om å vippse pengar til lodd, og det benytta mange seg av som ikkje hadde høve til å komme på basaren.

Ålvundeid barnekor, 40 år i år, gledde forsamlinga med fin song. Snakk om songglede! Arne Drøpping delte frå bibelen «Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile». Matt.11.28.

Frivillig på gjenbruken tok ideen med mannekengoppvisning, og det var eit populært innslag, som frista til å gå i butikken. Foto: Egil Veddeng

Han hadde med eit metallbilde av ein som ber ei tung bør, legg ho ned ved korset og går oppreist vidare. Arne gav oss og misjonsglimt frå Bankok i Thailand med musikkskule under motorvegen, og Don som vart ein fantastisk fiolinist. Han fekk tilbod om fast jobb i det beste orkesteret i landet, men valde å vere fiolinlærar for dei fattige borna i slummen.

Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel. Ei av dei som er frivillig, Inger Elisabet Bråten, tende på ideen å reklamere for dei fine kleda dei har, og det vart eit skikkeleg vellukka innslag, som vi håpar kan få enda fleire til å besøkje butikken i Nordmørsvegen.

Tradisjonell basarkost på indre Nordmøre er smørgraut og vaflar, sjokoladekake og smørbrød, og det gjekk med to store grautbollar.

Resultatet vart godt over 20 000 kroner, og det blir berre husleige å trekkje frå, sidan alt elles er gåver.


Nyheter

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer

Helt topp regionstevne!

Regionstevne for Møre ble arrangert lørdag 23. august på Røbekk i Molde. Røbekk kirkesenter var fylt til siste plass under misjonsfesten og viste stor oppslutning om misjonens arbeid.
Les mer

Kvifor er du engasjert i misjon og NMS?

Regionstyret saman med dei tilsette i region Møre inviterte til regional samling mandag 26. mai for representanter fra områdeutvalga, gjenbruksbutikkane, leirstaden Kjeldsund og NMSU. Dei 23 som kom representerte då alle "arbeidsgreinene" i regionen. Kvelden vart leia av regionstyreleiar Olav Gading.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp