Gi en gave
Meny
Last ned

Krossvandring og håpsvandring – eit tilbod til kyrkjelydar i heile landet

Å gå i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon. Kyrkjelyden din kan no tinga plansjar med bibeltekstar som kan brukast i lokale kross- og håpsvandringar. Eventuelt overskot vert delt mellom kyrkjelydsarbeid i Balestrand og NMS sitt arbeid i Mali.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Den norske kyrkja tilbyr no sett med 14 plansjar til to ulike vandringar som kyrkjelydar kan bruke både no i koronatida og elles: Krossvandringa VIA DOLOROSA og håpsvandringa VIA LUCIS.

Krossvandring

Krossvandring – der ein går i Jesu fotspor mot krossen – frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon i tida rundt påske. I 2021 er det laga ein heilt ny serie med 14 plansjar med bibeltekstar og nye bilete til ei slik krossvandring. Les meir om VIA DOLOROSA her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema.

Håpsvandring

Ein nyare tradisjon er å gå i lyset frå Jesu oppstode. Vandringa VIA LUCIS (lysvegen) har også 14 stasjonar og fokuserer på lyset og håpet frå Jesu oppstode. Denne vandringa vart laga i fjor, og mange kyrkjelydar nytta denne frå påskedag 2020 og fram mot pinse denne våren då det var avgrensa høve til å feire gudstenester. Les meir om VIA LUCIS her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema.

Det er Balestrand sokneråd som formidlar desse vandringane og sel to seriar med plakatar. Kvar serie har 14 stasjonar og ein velkomen-plakat. Dei gjev ut kvar serie på nynorsk og bokmål. Plakatane har eit kunstbilete laga av Magne V. Kristiansen. Tekstane er frå Bibelselskapet. Plakatane er framstilte på kraftig plastfolie i A3-format. Plakatane er laga for bruk utandørs  ved at dei både er vassekte og lysekte. Plakatane kan til dømes festas på plater/stolpar som kan plasseras rundt ei kyrkje, ein gravplass, i ei naturløype el.l. Kvar serie kostar kr 3000,- eks MVA. Frakt kjem i tillegg.

Teksten er henta frå Den norske kyrkja si nettside. 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp