Han som «eig» himmelen!

Gi en gave
Foto: Eivind Hauglid
– Kjenner du han som «eig» himmelen? spurte Bunruam mor si. Nei, gjer du? svarte mora.
Tilbake

Den fyrste Bumruam tenkte på etter at ho sjølv hadde tatt imot Jesus var mor si, men på den tida var mor hennar nonne i  eit tempel i Nordaust-Thailand. Ho var veldig urolig for korleis mora ville reagere, men ho ville også gjerne fortelje mora om kva som hadde hendt i livet hennar. Det varte difor ikkje lenge før ho tok turen nordaustover.

– Kvifor er du eigentleg her i templet, spurte Bunruam mor si.
– Eg vil til himmelen, svarte mora.

– Kjenner du han som «eig» himmelen, spuŕte dottera.
– Nei, gjer du, svarte mora og såg på dottera med undrande auge.

– Ja, sa Bunruam, det gjer eg.

Bunruam smiler og ler når ho tenkjer tilbake, men ho fortel så levande at ein kunne tru det skjedde i går.

Den fyrste frukt av arbeidet
Men det var ikkje i går det skjedde, det er heile 35 år sidan, – i 1981. Bunruam var den fyrste frukt av det lutherske arbeidet som NMS hadde starta i Thailand fem år tidlegare. Etter to år gjekk NMS inn i eit samarbeid med eit finsk misjonsselskap, og Bunruam minnest at det var ein finsk misjonær som saman med ein thai-evangelist fyrste gongen fortalte ho om Jesus.

– Naboen min fekk besøk av misjonæren, og eg lytta på kva som vart sagt. Då naboen ein dag ikkje var heime, spurte misjonæren om ho kunne kome inn til meg. Eg såg på mannen min, og han nikka. Evangelisten fortalte om ein levande frelsar, som også hadde skapt både himmel og jord, og det syntes eg var fantastiske nyheter. Ein slik frelsar ville eg gjerne lære meir om, fortel Bunruam.
Familien
– Mannen min var ikkje heilt klar til å bli døypt då eg vart døypt, men det varte ikkje lenge før han kjom etter.  Mor mi var nesten 80 år då ho vart døypt. Då hadde ho vore nonne i 14 år. Då ho tok i mot trua, trudde ho akkurat slik som det står i Bibelen. Eg kan huske ein gong ho sa: «Det er sanneleg enkelt å vere kristen, nå ber eg berre litt, og så sovnar eg. Før mediterte eg i timevis utan å sovne!»

Bunruam sjølv er blitt 74 år gamal, og framleis aktiv. Ho er glad i fellesskapet i kyrkjelyden og tek gjerne ordet når det er tid for vitnesbyrd i gudstenesta. Ho har alltid noko å dele, og ofte er det Guds truleik og fred som er tema. Ho er veldig glad for at både barn og barnebarn er aktive kristne.

Expand Lukk Søk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp