Camp Kjeldsund-ein fantastisk leir!

Fotballkampen mellom team Hårfin og Team Norge
«Takk for ein fantastisk leir», står det å lese på Kjeldsund si Facebook side!
Ein super innsats av leiarane, og «utruleg kjekt å bli kjent med mange nye folk, og treffe gamle kjente». Den tradisjonelle fotballkampen i år mellom Team Hårfint (voksne med parykk) mot Team Norge (barna) var nervepirrande og underholdande både for aktørar og heiagjengen på sidelinja!
For ikkje å gløyme å nemne «Battle og Kjeldsund», lagkonkurransen der lag konkurrerer mot kvarandre om heider, ære og premiar. Imponerande innsats under årets ballberestafett! (Sjå video under)
Camp Kjeldsund er alltid like spenningsfylt, ingen kanovelt i år, men masse vatn likevel.
Misjonstivoli, måltid, rytmer og musikk og mykje spanande deling frå Madagaskar saman med familien Cecilie og Stephen Thomas Leinebø.
Tusen takk til alle som var med både arrangør, komité og til alle små og store som deltok og gjorde leiren unik!



