Gi en gave
Meny
Last ned

Misjonsauksjonen i Ålvundfjord

Misjonsauksjonen i Fossheim i Ålvundfjord torsdag 6. februar er truleg det arrangementet som har lengst tradisjon i vårt område. Det er dei som vel å møte opp som bidreg til å føre tradisjonen vidare.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Vi er så heldige at vi har 2 faste auksjonariusar som byter på. I år er det Nils T Ulvund som skal svinge auksjonsklubba. Auksjonen har vore knytta til kyndelsmess og har tradisjonar tilbake til 1867, 158 år er ein respektabel alder.
Vi får song av Ålvundeid barnekor der det er songarar både frå Ålvundeid og Ålvundfjord. Elles blir det misjonsandakt v/ Jostein Solbakken. I enkelte periodar blir det ulike aktivitetar for barn ute i vestibylen.
I tillegg til auksjon blir det også vanleg salg av enkelte handarbeidsvarer og lys frå NMS Gjenbruk. Mykje av det som blir auksjonert er matvarer.
Det går an å betale med VIPPS eller kontant.
Dei som ikkje har mot til å by, kan heller satse på å vinne ein av gevinstane på basarbordet. På Joker Ålvundfjord er det lagt ut basarbok med ein vårbrikke, hekla løp, plate med treskjering, kransekake, ei dokke med 3 strikka antrekk og ein kolonialkasse som gevinst. Det er kundane på butikken som går saman om å fylle kolonialkassa. I tillegg blir det ei basarbok med gevinstar som berre er tilgjengeleg den kvelden.
Inntektene går til Det Norske Misjonsselskap (NMS)


Se andre arrangementer

06 feb

Misjonsauksjonen i Ålvundfjord

Misjonsauksjonen i Fossheim i Ålvundfjord torsdag 6. februar er truleg det arrangementet som har lengst tradisjon i vårt område. Det er dei som vel å møte opp som bidreg til å føre tradisjonen vidare.
Les mer
06 feb

Det skjer i Møre 2025

Her er oversikt over innmeldte arrangement i Region Møre for våren 2025 Velkommen til å delta!
Les mer
06 feb

Mannskveld for NMS på Stenbekk

Torsdag 6. februar 2025 er alle menn hjertelig velkomne til den tradisjonelle Mannskvelden for NMS på Stenbekk!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp