Gi en gave
Meny
Foto: Arild Vik / KONSENTRERT: Kåre Myraunet sorterer lysstumpar etter fargar. Last ned

Tennbrikker skaper misjonsglød

I 2023 leverte Knausen Lysstøperi lys og tennbrikettar til NMS Gjenbruk for to millionar kroner, og får stadig nye frivillige som vil bidra.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dei er no 57 frivillige, med ein snittalder på 75 år. I fjor fekk dei tolv nye, og berre ein slutta. Fleire av dei frivillige har inga NMS-tilhøyrsle frå før. Motivasjonen er fellesskapet og eit arbeid med meining.

Stadig nye frivillige

Knausen jobbar målretta for å ta vare på medarbeidarane sine og for å skaffe nye.

– Vi rekrutterer på fleire måtar. Blant anna oppfordrar vi frivillige til å spørje vener og kjente. Vi arrangerte «open dag» i haust for alle som ville kome og sjå arbeidet. Vi spurte også lokale misjonsforeiningar om dugnad for å sortere lys. Dessutan annonserer vi i lokalaviser i området, samt i kyrkjelydsblad. Desse tiltaka har ført til at fleire har teke kontakt og blitt frivillige, fortel Kåre Myraunet, marknadsansvarleg og sekretær på Knausen Lysstøperi.


ENGASJERT: Gert Nielsen på Knausen Lysstøperi. Foto: Skarp Reklamebyrå.

I tillegg har Inge Hill, styreleiar på Knausen, sin eigen metode.

– Inge har ei liste med namn han ber for, som han kontaktar etterpå. Så har det hendt at før han får ringt dei, har dei kontakta han med spørsmål om å begynne. Og det er jo heilt fantastisk.

Viktig å involvere

– Vi prøver å legge til rette for variasjon og at frivillige får oppgåver som passar. Alle arbeidsoperasjonane har beskriving av prosedyre, noko som gjer at dei frivillige kjenner seg trygge.

Samtidig er det ei kvalitetssikring og fører til mindre feilproduksjon, fortel Kåre.

Styret ønsker å involvere dei frivillige mest mogleg og å informere godt. Dei sender informasjon på e-post og sms. I tillegg har Kåre laga ei eiga intranettside for Knausen, som berre deira frivillige har tilgang til.

– Vi ser at den blir brukt. Informasjon er viktig for å anerkjenne dei frivillige og skape fellesskap. Slik kan alle på Knausen kjenne seg som del av eit stort lag, der alle er like viktige, seier Kåre og fortel vidare at styret ønsker å få tilbakemeldingar og innspel.

– Vi vil gjerne bli betre, så tilbakemeldingar er sentralt.

Kåre lagar statistikk både på bestillingar og sal i butikkane og på produksjonen hos Knausen. Statistikk for salet dei siste åra viser at det aukar jamt og trutt.

LES OGSÅ: Knausen Lysstøperi mottok NMS sin frivillighetspris for 2024!


Nyheter

Innholdsrik misjonshelg på Røbekk

Misjonsforeningene i Molde hadde sin tradisjonsrike misjonshelg i november, med misjonsfest lørdagskvelden og misjonsgudstjeneste søndag 17. november. Snøvær og kuling stoppet fergene over fjorden denne lørdagen, men
Les mer

NMS Gjenbruk mottar prispenger, kunst og ros

Sareptaprisen deles ut hvert år til noen som får mye ut av lite. Årets prisvinner er NMS Gjenbruk og deres mange medarbeidere i 53 enheter landet rundt.
Les mer

Suksess med redesign!

Ja, for andre gong blei det arrangert redesign-helg på Kjeldsund.
Les mer

Jubel og Jubileum

NMS Gjenbruk Ålesund har ei jubileumsveke bak seg. 11.november 2023 feira vi 25-årsjubileum for den første NMS gjenbruksbutikken opna på Sola. 25.september 1999 er datoen for butikk nr. 2 i kjeda av dei 52 butikkane knytt til Det Norske Misjonsselskap.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp