Gi en gave
Meny
Foto: Eli-Kristine Moltu Last ned

MISJONSMESSA I ØRSTA

Laurdag 9. november arrangerte Ørsta Kyrkjelyd Misjonsmesse på Kulturhuset ,- der inntekta gjekk til Ørsta Kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt, barn og unge i fattigområde i Thailand .
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Handarbeid laga av Hanne Lise Velle.

På førehand var det baka lefser, kaker, sydd og strikka dokkeklær og selt lodd på Alti kjøpesenter. Der  kom det inn over 10 000 kroner!

Nokre dyktige og arbeidsomme menn var i gang med rigging av salen tidleg på morgonen.

Klokka 11.30 var det klart til åpning, og faktisk «strøymde» det på med små og store alt frå starten!

Mykje fint handarbeid for salg laga av Hanne Lise Velle. Elles var det litt julekaker å få kjøpt samt lefser med søst.

I kafeteriaen var utvalget stort; betasuppe, risengrynsgraut, vårrullar, smørbrød, svele og kaker av ulikt slag.

Mykje av inntekta kjem frå åresal, lodd og tombola, der køa på tombola er «stabil»😅

På programmet elles stod sang av dei to flotte barnekora, GLØD og mini GLØD.

Andakt av Kristian Myklebust og misjonsprosjektinfo av Paul- Kristian Hovden

Mange frivillege er i sving ein slik dag, også på førehand.

Vi i komitéen er takksame for alle som stiller. Utan alle desse hadde det ikkje vore mogleg å få til dette flotte arrangementet.

Og når resultatet blei rundt 70 000 kroner , er det verdt å bruke nokre timar for å gi barn og unge i fattigområde i Thailand ein betre kvardag!

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp