Gi en gave
Meny
Foto: Eli-Kristine Moltu Last ned

Misjonsgudsteneste og Thaimat i Ørsta

Søndag 23. april var det gudsteneste i Ørsta Kyrkje der det mellom anna var fokus på Kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Denne dagen var det også fleire born som blei døypte og det var ei gruppe som deltok med sang. Kantor Marie Austrheim Riise, kyrkjetenar Ole Ch. Johnsen og konfirmantar var også med.

Sokneprest Arne Moltubak var liturg og Kristian Myklebust hadde preika.

Offeret gjekk naturlegvis til misjonsprosjektet i Thailand.

Etter gudstenesta var det høve til å kjøpe seg middag, og det var tydeligvis eit populært tilbod. På menyen stod ekte Thaimat laga av ei som kan dette og som sjølv er frå Thailand.

Den nydelige thaigryta, ris og vårrullar gjekk unna.

Og som sist, så var det høve til «takeaway», så alle vårrullane blei selde😊

Kaffi, te og kaker høyrde naturlegvis til, og der bidrog konfirmantforeldre med nydelege kaker.

Paul-Kristian Hovden hadde info frå prosjektet.

Og når det no er summert, går heile 13.160 kroner til misjonsprosjektet, -fantastisk resultat!

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp