Gi en gave
Meny
Last ned

Markering av 160-års jubiléum i Ørsta

Søndag 27. august markerte NMS i Ørsta at det er 160 år sidan vi blei «sjølvstendige», etter å vore samanslått med Volda. 
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Markeringa begynte med gudsteneste i Ørsta kyrkje med sokneprest Arne Moltubak og fleire.

To barn blei døypt, det var musikkinnslag ved organist Bjørningsøy og Olav Bårøy og nattverd. Vi fekk litt glimt frå foreiningsarbeidet i Ørsta ved Torbjørg Langdal og Paul Kristian Hovden.

Fleire frå NMS deltok i gudstenesta med tekstlesing og forbøn.

I Ørsta er vi svært takksame for at Sokneprest Moltubak er så positiv med tanke på samarbeid.

Til kyrkjekaffien hadde fleire baka kaker, og folk såg ut til å kose seg med festkaker og prat rundt borda.

Der blei det også meir misjonsinfo og historikk.

Sonja og Inge Kaldhol kom med historikk og helsing frå NMS i Ulsteinvik.

Irene Lotsberg helsa frå NMS i Volda, Torbjørg Langdal hadde funne fram dokumentasjon med tanke på innsamlingar med meir frå tidlegare tider, som ho delte.

Paul-Kristian Hovden leia samlinga på ein god måte, som alltid.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp