Gi en gave
Meny
Foto: SJØMANNSMISJON: Frå 1962-1975 gjekk båten Shinko Maru frå hamn til hamn i Osaka-bukta for å dele evangeliet. Foto: Olaf A. Ellingsen. Bilete til høgre visar Ragna Landmark Holthe – ein av Japan-pionerane og Kina-veteranane i NMS. Ho var i Japan frå 1952-1963. Foto: Misjonsarkivet. Last ned

Japan – den femte misjonsmarka

Då NMS-misjonærane blir kasta ut av Kina i 1949 rettast blikka mot ei ny misjonsmark.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Audmjuka etter krigen er japanarane meir opne for evangeliet enn nokon gong, blir det sagt. Men snart skal visjonen møte verkelegheita.

Det er ei spesiell stemning denne ettermiddagen under generalforsamlinga i Ålesund i 1951. Møteleiaren har nyleg erklært Japan som NMS si nye misjonsmark. Høgtidleg reiser forsamlinga seg og bryt ut i ein salme. Dei er så høge at generalsekretær Einar Amdahl kjenner behov for ei realitetsorientering. Flokken som står framfor han er nemleg fattige etter krigen. Det er også NMS. Begeistring er ikkje nok, åtvarar han utan resultat. Vedtaket skal ha skjedd så raskt at dei gløymer å votere. Ikkje eit kritisk ord blir sagt. Ei forsamling som nyleg har levd med rasjoneringskort, gir heller sterk støtte til eit benkeforslag om ei ekstrainnsamling til det nye misjonsfeltet.

Mystiske Japan

− Kva er Guds plan for Japan? Det har eg ofte lurt på, byrjar historikar og tidlegare Japan-misjonær Kristin Fjelde Tjelle.

Hennar relasjon til Japan startar med at ho gifter seg inn i ein familie med sterke band til landet. Svigerforeldra, Lars og Haldis Tjelle, er to av pionerane på 50-talet. Mannen hennar, Lars Sigurd, er fødd der. I 1993 reiser dei sjølve ut. I dag er ho historikar, med mellom anna misjonshistorie som spesialfelt. Ho har jobba 17 år ved VID vitskaplege høgskule og er i dag arkivleiar ved Misjons- og diakoniarkivet i Stavanger.

− NMS i Japan er inga solskinshistorie, fortset Tjelle som sjølv har stått i denne «hengemyra av ei misjonsmark» i 10 år.

Eitt skritt fram, to tilbake. Lågpunkt og lyspunkt om einannan. Litt som å gå ein fjelltur med mange lure-toppar undervegs.

Kvifor blir Japan stempla «som den tunge misjonsmarka»? Vi må ta det frå starten.

Stovemisjon

− Portugisiske katolske misjonærar kom til Japan i 1549. Samstundes kom vestlege handelsskip. Japan var prega av maktkamp mellom klanar, og det heile blanda seg til eit samansurium av handel, politikk og misjon. Mange i overklassa blei kristne, og den nye religionen spreidde seg raskt, byrjar Tjelle.

I 1587 blir alle utanlandske misjonærar utvist og kristendommen etter kvart forbode. No følger 200 år med systematisk forfølging, tortur og bestialske avrettingar av kristne.

− I 1600 vinn Shogun Tokugawa Leyasu maktkampen i landet. Han ønskjer ikkje påverknad utanfrå. Japan blir no heilt isolert frå omverda, opplyser Tjelle.

Først i 1867 blir landet opna, noko som fører til ein rask moderniseringsprosess.

− Misjonærar kjem tilbake, og møter menneske som kan truvedkjenninga. Det viser seg at undergrunnskyrkjer har overlevd og evangelisert i skjul, fortel misjonshistorikaren.

Men utfordringane er ikkje over for dei kristne: Japan blir monarki og keisaren ein guddom som alle må sverje truskap til. Viss ikkje, blir dei fengsla.

Etterkrigstid og optimisme

Japan vel tysk side under 2. verdskrig som avsluttast med atombomber over Hiroshima og Nagasaki i 1945. Japan kapitulerer, amerikanske styrker tek over, og keisaren gir frå seg guddomstittelen.

− Audmjukinga og keisarens nye rolle gjer at fleire vestlege misjonar, deriblant eit titals norske, ser mot Japan, forklarer Tjelle.

− Samstundes, i nabolandet Kina, der NMS har vore sidan 1902, har det lenge vore krig mellom nasjonalistpartiet og kommunistpartiet. Då Mao og kommunistane vinn i 1949, må alle vestlege religiøse agentar ut. Brått mister NMS alt av tomter, bygg og institusjonar der, opplyser Tjelle.

Allereie i 1949 er NMS-misjonærane Angell Eggen og Ragnar Wisløff Nilssen i Japan for å inspisere.

«Det stolte landet har gitt tapt. Dei er fattige, slitne, audmjuka og har mista trua på sin eigen kultur, keisaren og gudane. No er dei på jakt etter eit nytt åndeleg grunnlag», rapporterer dei.

Hausten er moden.


1954: Misjonærkonferanse i Nara. F.v. foran: Ragna Holthe, Gerda Ingebretsen, Solveig Nordbø (barn på armen), Haldis Tjelle, Mary Salomonsen, Ingrid Backer, Hanna og Steinar Kjøllesdal, Lars Tjelle. Bak f.v. Ernst Ingebretsen, Ånund Nordbø, Hanna og Trygve Sandvik, Bjørn Alve og Leif Salomonsen. Foto: Misjonsarkivet

Eit skadeskutt land

Alt skjer fort etter generalforsamlinga sommaren 1951. Allereie i august reiser første par, Nora og Bjørn Alve til byen Kobe, der språkskule, Frikirken- og Misjonssambands-misjonærar allereie er på plass. Dei skal bli viktige støttespelarar kommande år. Oppgåvene er overveldande. Men med gode resultat frå afrikanske land, tek NMS fatt på den femte misjonsmarka med friskt mot.

− Dei visste ikkje heilt kva dei gjekk til. Haldis leitte etter Japan-bøker i båten på veg dit. Dei var nyutdanna og unge, men dei støtta seg på dei erfarne Kina-veteranane, er Tjelle blitt fortalt av si no avdøde svigermor.

Det er sterke inntrykk som møter NMS-pionerane. Store sår etter krigen. Skjelett av utbrente fabrikkar. Lemlesta tiggarar og fattige menneske overalt.

− Japanarane reiste seg raskt etter krigen, slik dei ofte har gjort opp gjennom. Snart er hjula i gang igjen, skyt Tjelle inn.

Men er dei lykkelege, spør misjonær Alve i eit brev heim:

«De sender opp bønner til guder som ikke er, og til guder som ikke kan hjelpe og frelse. Vi skal fortelle dem om den Gud som er i går og i dag den samme.»

Misjonærane og misjonsfolket i Norge har store forventningar. Men ein av Kina-veteranane, med lang erfaring frå aust, er skeptisk:

«Den åpne dør kan snart bare være som en liten sprekk,» formanar han, og får diverre rett. For året 1951 blir «det siste gode året i den kristne høgkonjunkturen i etterkrigstida», ifølge H. Drummond, spesialist i japansk kyrkjehistorie.

Stovemisjon og stangfiske

− Først er interessa stor. Allereie etter eitt år blir første person døypt. Likevel merkar misjonærane at interessa dalar allereie året etter dei kom, fortset Tjelle.

Er det den raskt voksande velstanden? Det åndelege behovet verkar i alle fall dalande. Men kanskje er det også noko med forventningane om Madagaskar-tilstandar, der nye sjeler hankast inn med store garn. Ein døypt etter eitt år er langt meir enn NMS sin første misjonær i Sør-Afrika fekk oppleve. Han strevde i 14 år før noko liknande skjedde.

«Det er intet garnfiske i gang i Japan, bare stangfiske,» skriv Fridtjov Birkeli i MT etter den første dåpen i november 1952.

− Den første tida var prega av gatemøter og evangelisering. Ein ville starte med enkeltmenneske, bygge nære relasjonar gjennom stovemisjon, altså samle folk i misjonærheimane. NMS hadde jo dårleg økonomi og hadde brent seg på tomtekjøp i Kina. I Japan ville dei tenke nytt. Kyrkjebygging skulle japanarane ta initiativ til når dei var klare.

Frå stove til kyrkje

Etter kvart merker misjonærane at stovene ikkje eignar seg for møter. Kanskje dei skal bygge kyrkjer likevel?

− Sakte, men sikkert vart det ein meir «tradisjonell strategi». NMS, Frikirken og Misjonssambandet fordeler Japan i geografiske ansvarsområde. NMS etablerer seg i fem fylke i Kinki-regionen på øya Honshu. Etter kvart veks det fram kyrkjer, preste-bustader og barnehagar, held Tjelle fram.

I 1954 har NMS om lag 15 misjonærar på plass. Ved utgangen av 50-talet har det kome seks nye fellesskap med til saman 378 medlemmar. Oppmøte er varierande.

− Mange japanarar er kanskje den einaste kristne i si slekt. Det kan vere utfordrande å gå mot straumen i eit så fellesskapssentrert samfunn. Kyrkjelydane er små og består av enkeltmenneske som kanskje ikkje har ein sterk relasjon frå før. Det blir etter kvart vanskeleg å fylle dei store kyrkjene.

Shinko Maru

1961 blir eit historisk år. Dei første japanske prestane blir ordinert, og Kinki evangelisk-lutherske kyrkje (KELK) blir stifta.

− Møter om strategi og kyrkjeleg organisering tærer på misjonærane på 60-talet. Enkelte blir sjukmelde og reiser heim. Dei kristne er så få, behova enorme og ansvaret overveldande, forklarer ho.

Ein ny og litt vågal ide bryt monotonien: Kva med sjømannsmisjon langs kysten av Osaka-bukta ved hjelp av eit omreisande kyrkjeskip?

− Misjonær Ernst Ingebretsen var initiativtakar og drivkraft. Båten skapte enorm begeistring i Noreg og tiltrekte seg investorar. Innsamlingsmålet på 260 000 kroner blei raskt nådd, fortset Tjelle.


SJØMANNSMISJON: Frå 1962-1975 gjekk båten Shinko Maru frå hamn til hamn i Osaka-bukta for å dele evangeliet. Foto: Helene Reite Uglem

Det er som om euforien frå generalforsamlinga i 1951 blir vekt igjen. Shinko Maru, Det sanne lys, kjem fleire gonger på TV i Noreg. Ja, til og med Newsweek dekker hendinga. Dei første åra er det opp 200 møter og 9000 besøkande i året. Kaptein Umano og maskinist Nomura sine sterke omvendingshistorier får fram tårer i augekrokane.

− Skipet tiltrekte seg særleg barn og unge. Få kom til tru, men ein heil del menneske fekk høyre evangeliet i mange hamner desse åra, ifølge Tjelle.

Båten reiser rundt frå 1962 til 1975. Deretter blir det for dyrt og ressurskrevjande sett opp mot manglande resultat. Misjonsfolket i Noreg blir svært skuffa. Det hjelper ikkje på at kapteinen besøker Noreg i 1974 og uløyser eit rekordår i innsamlinga. Båten blir hogd opp. Det einaste som står att er ein liten modell av skipet på Misjonsarkivet.

Noko i gjære

NMS i Japan er så langt ei berg-og-dal-bane. I 1966 vert 67 personar døypt på eitt år. I 1971 har KELK fordobla seg til 1418 medlemmar og 24 kyrkjelydar. Ingen store tal samanlikna med afrikanske land, noko som kan forklare mismotet i misjonærflokken.

− Men på 70-talet opplever fleire misjonærar ei åndeleg fornying, har Tjelle lese.

− Flokken pregast no av personleg forbønn, salving og handspålegging, profetiske bodskap og tungetale. Dei er fulle av håp om vekking i Japan.

«Vi er altfor opptekne av hus,» skriv ein av dei i Misjonstidende.

− Fornyinga forplantar seg ikkje i japanske kyrkjelydar. Dei viser heller motstand og fryktar svermeri og splitting, held Tjelle fram.

Kanskje gjer fornyinga meir med misjonærane enn misjonsmarka. Så langt har arbeidet «tatt folk ut av sin samanheng og inn i kyrkja», sett på spissen. No vil det «møte folk der dei er og verne om det japanske.»

− Så langt har NMS sendt ut om lag 130 misjonærar til Japan. På slutten av 80-talet fører børskrakk og høge kostnadar til at alle misjonsorganisasjonane bygger ned. Men behova er like store, noko som slit på misjonærane. Det blir meir fokus på å bygge opp sjølvstendige kyrkjer som står på eigne bein.

Den norske skulen

I 1989 fortel Kari Grasmo offentleg at ho vart utsett for overgrep då ho var elev ved Den norske skulen (DNS) i Japan på 50-talet. Etter kvart kjem det fram at fleire av jentene opplevde dette.

− Misjonssambandet starta skulen i 1950. I 1953 vart DNS eit samarbeidsprosjekt mellom Misjonssambandet, NMS og Frikirken. Det kom som eit sjokk på alle at skulens husfar frå 1954 til 1964 utførte alvorlege seksuelle overgrep mot fleire av jentene, opplyser Tjelle som har skrive meir utfyllande om saka i boka «Med hjertet på flere steder», men her er kortversjonen:

I 1987, om lag 30 år etter hendingane, sender Grasmo eit brev til overgriparen. I tillegg fortel ho Misjonssambandets leiing om det ho og fleire andre vart utsett for. Ho blir trudd.

Misjonssambandets generalsekretær Egil Grandhagen konfronterer mannen som innrømmer ugjerningane, stadfester det skriftleg og sender ei unnskyldning til Grasmo. Kort tid etter dør den eldre mannen. Det vert ingen rettsleg prosess, men fleire får erstatning. I MT 7 2023 fortel Kristins svigerinne, Marit Tjelle Drabløs, si historie frå si tid på internatet på 50- og 60-talet.

− DNS flytta til nye og flotte bygg på Rokko Island i 1990. I 2005 vart skulen lagt ned, dels grunna låge elevtal.

Jordskjelvet

17. januar 1995 går Lars Sigurd og Kristin på språkskule. Dei kom hit for to år sidan med to barn. No ventar dei tredjemann. Denne dagen vekkast dei grytidleg av risting og høge drønn. Dei blir slengt frå side til side. Kristin og Lars Sigurd tek med seg dei to barna på 5 og 3 år til nærmaste opne område, ein leikeplass. Kristin gløymer aldri synet av sprekkene i jorda som sluker små leikeapparat.

Akkurat no veit dei ikkje at skjelva tek livet av 6434 menneske. 4600 av dei er i Kobe. Fleire av venene bur nært episenteret for det nest verste jordskjelvet på 1900-talet.

− Det første vi gjorde var å ringe rundt til vener og kollegaer. Alle var ok. Men snart gjekk det opp for oss kor enorme øydeleggingane var. Det var ei veldig spesiell tid.

Har håp

Første arbeidsplass er ein liten kyrkjelyd beståande av fire kvinner som deler oppgåvene orgel, klokkar og pynting mellom seg. Lars Sigurd skal vere prest. Kristin undervise i engelsk og brødbaking. Dei er unge, idealistiske og kanskje litt naive, innrømmer ho.

− Vi var budde på motgang, brydde oss ikkje særleg om tal, men fann glede i enkeltmenneske. Det var lærerikt å møte ei minoritetskyrkje. Inspirerande å oppleve tolmodet og djupna i den japanske kristne trua, seier Tjelle avslutningsvis.

− Dei har låge skuldrar når det kjem til statistikk. Fokuserer heller på kor heldige dei er som har fått fridom av berre nåde.

Ho synest det er noko fint med at menneske i seg sjølv ikkje har klart å knekke koden i Japan.

− Det er Gud som gir vekst.

Kjelder i artikkelen: fn.no, snl.no, misjonsarkivet og Tor Berger Jørgensen sitt Japan-kapittel i boka «I tro og teneste».

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp