Gi en gave
Meny
Last ned

«Dugnadsånda» er godt levande i Ørsta

Laurdag 11. november arrangerte Ørsta Kyrkjelyd si årlege messe til inntekt for Ørsta Kyrkjelyd sitt Misjonsprosjekt, som støttar barn og unge i fattigområde i Thailand.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Messa var på kulturhuset og der er god plass og ein veldig praktisk stad å vere. Det at der var god plass, var absolutt viktig sidan vi var så heldige å få med dei nystarta barnekora.

Dette var  første gongen at desse barnekora var med på eit arrangement, så der var nok mange barn som var spente og forventningsfulle😊. Kanskje leiarane i kora også var litt spente, uansett: Det var kjempefint å få med desse kora og flott at det er starta opp att barnekor i Ørsta.

Utanom korsong, var det misjonsprosjektinfo og andakt med Paul-Kristian Hovden. Han er ein misjonsengasjert ung mann som har ei fantastisk evne til å formidle slik at alle får med seg noko.

Rune Sjurgard underhelt på toradar, så det var eit variert program.

Lodd, åre og tombolasalget gjekk fint. Folk er flinke til å støtte med gevinstar.

Mange er også i sving med praktiske oppgåver frå tidlig morgon og til alt er rydda etterpå. Inntrykket er at folk flest syns dette er eit kjekt arrangement, og at «dugnadsånda» framleis er levande.

Når alt er talt opp i kroner og øre, viser resultatet i kroner rundt kr 70.000,-! Dette er ny rekord og den kan vi kanskje slå til neste år?😊

Men alt kan ikkje målast i kroner. Det at så mange er engasjert, små og store, og får betre kjennskap til arbeide Ørsta Kyrkjelyd støttar, er også viktig.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp