Det har skjedd store endringar i misjonsarbeidet, kunne Helge Gaard informere om på regionstemnet
Jes. 43.19 «Sjå eg gjer noko nytt, no spirer det fram».
Det har skjedd store endringar i misjonsarbeidet. På 1960-talet var det 3-400 misjonærar, no er det 30. Men vi har prosjekt i 17 land. Heilt frå starten har organisasjonen vore ein kyrkje- og fellesskapsmisjon. Det har vorte danna kyrkjer i mange land, og no er det dei som har styringa gjennom sine eigne folk. NMS bidreg med midlar, råd og erfaring. Teologisk utdanning er vektlagt. På Madagaskar er det 6 lokale presteskular og 1 institusjon for høgare teologisk utdanning. Det trengst, for kyrkja veks med 100 nye kyrkjelydar i året.
Madagaskar og Thailand har ein del til felles i tradisjonar og tankegang. NMS bidreg med 90 % av
kostnadene når det blir sendt gassiske misjonærar til Thailand.
For kyrkja i Japan, med 2000 medl, er to norske misjonærfamiliar ei vitamininnsprøyting.
Kyrkjene i Afrika ville ha halde fram om vi måtte gi oss, men vårt bidrag er framleis viktig. Og i Kina veks det!

Godt salg hos «Bergfruas Lapper»
Frå Taiwan, der NMS trekte seg ut for mange år sidan, kom det utsendingar nyleg for å ta erfaring av korleis det var når norsk misjon starta arbeid i eit land. Ei luthersk menigheit på 12000 medl, hadde plan om å sende ut 40 misjonærar. Dei spurde ikkje etter pengar, men etter relasjon. Dei har som mål at kvart medlem i kyrkja skal vere ein Jesu disippel, og søndagane blir bruka til å presentere evangeliet for kyrkjeframande.
Eit eksempel på korleis NMS vil bekjempe fattigdom og urettferd, er aksjonen Walk for living water, som er no i september. Gjennom arbeidet i Thailand, kom dei i kontakt med Laos. Der har 80% av folket ikkje tilgang på reint vatn nær seg. Jentene må gå lange, farefulle vegar pga udetonerte bomber frå Vietnamkrigen. Dagen blir brukt til å hente vatn, i staden for å gå på skule. NMS har skaffa vatn og skule til 26 landsbyar, og mange står på venteliste. Det er kommunistiske myndigheiter som søkjer. Folket ser at dei kristne bryr seg, og det blir nye kristne fellesskap.

Ingen mat og kaffi uten disse dyktig Kjøkkenarbeidere. Foto Laila Helle
Gjennom 24 mill frå Digni/Norad kan NMS drive effektiv bistand, pga lokalkunnskap og at dei som skal motta støtta, alltid er involvert. Det som skal vektleggast: kjønnsroller og likestilling, miljø, kultursensitivitet, Use your talents. NMS bidreg med 10% av kostnaden.
Gaard er med/leiar for fleire samarbeidsorgan for misjon. Det er misjonsfokus som er det viktige, ikkje å vere enige om alt anna.
Tilknytninga til den norske kyrkja ser han og på som viktig. Misjonstanken må alltid ha plass. Av 1100 menigheiter i kyrkja, har heile 595 ein misjonsavtale med NMS, og det er og samarbeid mellom NMSU og kyrkja, t d om Follow me, eit prosjekt for ungdom som bygger og utrustar. Gjennom utvekslingsprogram med høgskular i Norge, får unge ein gnist gjennom opphald i Thailand, Kamerun eller Madagaskar. I dei landa får dei sjå at religion er ein del av kvardagen, f eks får ein sjukepleistudent høyre at det blir bedt før ein operasjon på sjukehuset.
«Utan frivillige stoppar misjonsarbeidet», sa generalsekretæren, og han takka varmt for innsatsen som blir gjort på så mange vis, etter dei talent og tid vi har! Gjenbruk står for bortimot halvparten av NMS sine inntekter. Det kjem inn 30 mill frå faste givarar, 20 mill frå foreningar og messer og 12-13 mill frå kyrkjeoffer
Helge Gaard har no hatt jobben sin i 6 år, men NMS ønskar å forlenge åremålstillinga med tre år til. Han har takka ja til det. Han understreka at for alle gjer Sanninga fri og frimodig (John 8.36)
For den som har glede av å sjå kva songar vi song frå salmeboka, var det nr 541, 697, 695, 433
Stor takk til «Bergfruas Lapper» som stilte opp og selte heimesydde varer der alle inntekter går direkte til NMS!
Bjørn Hovde song ein gamal og ein nyare misjonssong, nr 683 og 689, og Bolsøy kyrkjekor gledde oss med vakker song, bl a med musikk av Mozart, Schubert og Bach.