Gi en gave
Meny
Last ned

STOR JUBILEUMSHELG FOR NMS I NORHEIMSUND. 

12. juli 1846 var nokre eldsjeler samla på Skeie i Steinsdalen. Då vart den første misjonsforeininga for NMS i Kvam skipa lokalt. Mange generasjonar misjonskvinner har sidan vore aktivt med, og foreininga i Vikøy er framleis vital. Seinare vaks det fram foreiningar både i Øystese, Norheimsund og Strandebarm.   
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Sundag 22. oktober i år vart det skipa til jubileumsfest for alle desse foreiningane. Om lag 80 personar hadde funne vegen til Norheimsund kyrkje, kor Anne Marie Solsvik og hennar medhjelparar hadde sytt for ein vakkert pynta festsal.  Misjonsvenner frå Voss og Samnanger hadde også møtt fram.

Vidar Grindheim, leiar i NMS Kvam, ønskte velkommen og leia festen.  Han drog linene tilbake til starten i 1846, og understreka at misjonsbefalinga framleis står ved lag. Av rikholdig program nemner me at Solrun Leiren framførte «Misjonskonene» av Nobelprisvinnaren Jon Fosse.

Under mottoet «Komme ditt rike!» heldt regionsstyreleiar Bjarne Andersen ein inspirerande tale, der han understreka kva alle misjonsforeiningane har betydd gjennom åra: Den lokale misjonsiveren er sjølve pulsslaget i alt kristent arbeid.

Velsmakande betasuppe og stor jubileumskake smaka framifrå.

Det kom helsingar både frå generalsekretær Helge S. Gaard og misjonsgruppene i området. Heims musikklag gledde festlyden med fin musikk.

Jubileumsfesten var lagd opp i samarbeid med Vikøy sokneråd. Som avslutning på dagen vart vi inviterte inn til jazzgudsteneste i ei fullsett kyrkje.

Vi ser tilbake på ein rik misjonsdag til inspirasjon og kveik i arbeidet vidare.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp