Gi en gave
Meny
Foto: Laila Helle Last ned

Endeleg vart det gjenbruksfest på Kjeldsund!

Mandag 26. februar var over 90 frivillege frå Gjenbruksbutikkane i Ålesund, Volda, Ulsteinvik, Myrvåg og Nordfjordeid samla til gjenbruksfest på Kjeldsund.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Nokre av arrangørane: Knut-Johan Rønningen, Jostein Husøy og Trygve Danbolt Øygard

Denne gjenbruksfesten og inspirasjonssamlinga er no tatt opp igjen takka vere initiativ frå områdeutvalet på Søre Sunnmøre i samarbeid med Kjeldsund leirstad.

Samlinga starta med mingling og matservering av deilig kyllinggryte «ala Kjeldsund».

Knut Johan Rønningen leia festen og Sonja Kaldhol hadde ord for dagen. Ho hadde med seg forskjellege ting som ho impulsivt hadde kjøpt på Gjenbruk, og som ho brukte i formidlinga på ein engasjerande måte.

Digitalt kåseri av Birger Fossum fungerte godt og mange humra og  kjente seg igjen i dei

Martin Endresen og Knut Johan Rønningen var blant servitørane denne kvelden

mange karikaturane som han presenterte i innlegget med temaet: «Korleis har vi det i gjenbruksbutikkane»?

Vi fekk ein kort presentasjon frå kvar gjenbruksbutikk med vekt på både det som er positivt og det som er utfordrande. Dessverre vart det litt lita tid til samtale og erfaringsutveksling rundt borda på samlinga, men butikkane var oppmoda til å ta dette med seg tilbake til butikkane.

Regionstyreleiar Arne Drøpping og regionkoordinator Laila Karin Tusvik Helle var og invitert og fekk nytte høve til å gi litt info frå regionen og ikkje minst takke både områdeutvalet for initiativet og alle frivillege for den fantastiske innsatsen dei gjer gjennom Gjenbruk.

 


Nyheter

Endeleg vart det gjenbruksfest på Kjeldsund!

Mandag 26. februar var over 90 frivillege frå Gjenbruksbutikkane i Ålesund, Volda, Ulsteinvik, Myrvåg og Nordfjordeid samla til gjenbruksfest på Kjeldsund.
Les mer

Stor stas på NMS Gjenbruk Tau denne uken

Onsdag kveld denne uken ble Rogaland Fylkeskommunes miljøpris for 2023 overlevert med diplom og blomster ved NMS Gjenbruk Tau.
Les mer

Miljøpris til NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk er tildelt Rogaland fylkeskommunes miljøpris for 2023. Daglig leder Siri Lindtveit er overrasket og glad.
Les mer

NMS Gjenbruk feirer 25 år

Norges største gjenbrukskjede har vokst jevnt og trutt, og består nå av hele 52 gjenbruksbutikker og ett lysestøperi.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp