Gi en gave
Meny
Foto: Bente Anita Pilskog Last ned

Karneval, misjonstivoli og leirfest på Kjeldsund

36 jenter og gutar kom yre av forventning til Kjeldsund på 2.-4. klasse leir i vinterferien. Kven skulle dei bu på rom med? Kven skulle vere leiarar? Skal vi kjøpe godteri denne gongen?
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post


Lena Kvalsund Myklebust

Spenninga summa og stemninga steig.  Leiren hadde dei beste leiarane frå 14-50 år og deltakarane av det rolige og fornøgde slaget. Vi kosa oss med masse leik, korssamling på madrasser, sporløp og pølser på bålpanne i  gapahuken, vi laga ting og spelte spel. Lena Kvalsund Myklebust hadde bibeltimar der vi fekk lære kven Jesus er. Ein av deltakarane hadde komt heim og sagt at no var ho meir kristen enn ho var då ho for på leir og at det var viktig å bygge huset sitt på fjell.

Bente Anita måtte steppe inn for Hald-studentane frå Hong Kong og ha misjonstime om Thailand. No kan alle snakke litt på thailandsk og kan mykje om livet på landsbygda på der. Sprøsteikte grashopper freista visst ikkje dei små, norske ganene.

Om kvelden hadde vi karneval og leirfest. Vi kosa oss med sjølvlaga program og gode, gamle sketsjar.

Vi avslutta med eit alle tiders Misjonstivoli der vi samla inn 2700 kr til Thailand.

Strålande fornøgde små drog heim til sine og vi ber om at dei skal ha med seg Jesus i hjartet og ha lyst til å kome tilbake på neste leir.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp