Gi en gave
Meny
Foto: Illustrasjonsfoto – Endre Hilleren Last ned

NMS for klimasmart landbruk

− Det er enorm interesse for dette, seiar spesialrådgjevar Per Ivar Våje i NMS.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

– Klimasmart jordbruk er eit kinderegg. Ein metode som gjer at jordbruket blir meir tilpassa klimaet, at bønder produserer meir og reduserer påverknaden på klima, forklarer Per Ivar Våje, spesialrådgjevar for klima, miljø og matsikkerheit i NMS Global.

På vegne av Digni, paraplyorganisasjonen for kristne organisasjonar som jobbar med utviklingssamarbeid, har NMS fått ansvar for å utvikle eit fagfellesskap for klimasmart jordbruk.

− Det er enorm interesse for dette, ifølge Våje.

− NMS skal bidra til å spreie kunnskap, dele erfaringar, knyte folk saman på tvers av land for å sikre matsikkerheit og hindre negative effektar av jordbruk på klima.

I september arrangerte han workshopar om temaet på Madagaskar og i Etiopia saman med lokale arrangørar. Seminaret blei streama på ulike språk, i fleire land.

− Det er også utvikla fleire ressursar som lanserast på nettstaden FABO, eit Digni-finansiert læringssenter der ein deler erfaringar, ressursar og informasjon om klimasmart landbruk, hagebruk, husdyrhald, naturforvaltning og biologisk mangfald, prosessering og lagring av mat, ernæring, klimareduksjon- og tilpassing.

Metodane er basert på forsking og lokal kunnskap. Hovudforfattarane på nettstaden FABO er Våje og Jens B. Aune frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Begge har lang erfaring med landbruksutvikling blant småskalabønder. I tillegg har andre ressurspersonar gitt verdifulle bidrag til ressursnettstaden.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp