Vi gledde oss!
I Ørsta kyrkje var store og små invitert til familiegudsteste der påskbodskapen og Jesu møte med læresveinane var tema; «Følg meg», sa Jesus.
Frå misjonsgudstenesta. Prest Arne Moltubak. Foto: Paul-Kristian Hovden
Prest, Arne Moltubak, tok oss med både i båten og opp på land der bålet venta – store og små fekk mat å ete. Det gav styrke til svoltne magar, men og til trusvegen vidare.
I Ørsta har vi støtta Imanuelkyrkja sin dagheim i Bangkok gjennom mange år. Gleda over å få sjå og høyre Thailand-misjonær Anne Storstein Haug var derfor stor.
Med eit smil om munnen fortalde ho frå kvardagshendingar gjennom snart 25 år. «Det nyttar», var hennar bodskap. At de ber, samlast og gjev pengar gjer kvardagen til born og vaksne i Klong Toy litt lettare. Mange har fått oppleve Jesu kjærleik i praksis gjennom snart 25 år.
Frå kyrkjemiddagen med deilig thaimat. Foto: Paul-Kristian Hovden
Etter gudstenesta var det kyrkjemiddag. Sky Johnsen og Eli Kristine Moltu hadde saman med andre førebudd nydeleg Thaimat. 6o store og små fekk ete seg mette og høyre meir om arbeidet vi er med å støtte.
«Vi er heldige – takk for maten», kyrkjetenar Flingai Foloboi var særs fornøgd og vi gler oss til arbeidet vidare.
Misjonsgudsteneste i Ørsta kyrkje. Foto: Paul-Kristian Hovden
Mange tok turen til Ørsta kyrkje. Her frå kyrkjemiddagen. Foto: Paul-Kristian Hovden
Anne Storstein Haug med misjonsinfo i Ørsta kyrkje. Foto: Paul-Kristian Hovden
Anne Storstein Haug i møte med dagens kokk Sky frå Thailand. Samtalen gjekk sjølvsagt på thai. Foto: Eli Kristine Moltu