Trettandedagsbasaren i Ørsta
Så viste det seg nok ein gang at folk kom seg på basar.
Ser vi på aldersgruppa som kjem, så er det «godt voksne», og for dei er kanskje vér og føre vesentleg når ein tek seg ut.
Matbordet var fullt opp av kaker av ulikt slag, her var det var berre å velge! Dessutan var det litt enkel middag å få kjøpt, som risengrynsgraut og betasuppe.
Årane og tombola lodda gjekk for unna!
Førehandsal på lodd hadde som vanleg foregått på kjøpesenteret, noko som er med på å få opp inntekta. Samstundes blir NMS synlege og det er viktig det også.
Koret «Fasong» sang heilt nydeleg, – og den friske andaktshaldaren, Sonja Kaldhol heldt ei engasjerande andakt.
Den flinke pianisten Eirik Stave steppa inn, då Matias var forhindra til å delta.
Og når pengane er talt opp, viser det seg at resultatet er betre enn i fjor, dvs nær kr 44.500,-
Vi takkar alle som tok del, og kan vel ikkje «legge ned» basartradisjonen…