Gi en gave
Meny
Foto: Lindøy Last ned

Stranda misjonsforening 160 år!

27. april var det jubiléumsmarkering i Kyrkjestova på Stranda. 25 misjonsvener fekk eit interessant og tankevekkande attersyn på 160 års samanhengande NMS-foreiningsliv i bygda, i korte glimt av møteleiar Ivar Berge og vår eigen, i høve jubiléet, “skodespelar” Anne Marie Sæth.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det lokale misjonsengasjementet starta våren 1863, og før året var omme hadde foreininga 112 “teikna lagslemer”, dei fleste var menn. Kvinneforeiningane kom etter kvart, og tidleg på 1900-talet hadde alle krinsane si eiga NMS-kvinneforeining. Dette er no historie. Furset kvinneforeining var den som heldt det gåande lengst, men måtte gi seg i 2016. I dag har bygda éi foreining der både menn og kvinner er med.

Møteleiar Ivar Berge

Den nytilsette misjonskonsulenten i region Møre, Jostein Solbakken, heldt andakt og fortalde sidan inspirerande om NMS sitt arbeid, med fokus på samarbeidet med lokale aktørar. Han viste bilde frå eit ekspanderande arbeid i ein kyrkjelyd i Frankrike, som han besøkte i fjor haust.

Matykta gjekk føre seg på tradisjonelt og nøkternt Stranda kvinneforeinings vis med serviett-innpakka bolle, formkake og lefse, og kaffi til. Vår trufaste og dyktige pianist André Ramstad sørga for feststemt tonefølgje til allsongen.

Historikk

Det Norske Misjonsselskap vart skipa i 1842, og i 1863 kom «- det første laget i Stranda prestegjeld for friviljug kristeleg verksemd»:

Presten, klokkaren og ein gardbrukar tok initiativet, og etter styreval i mars 1863 vart det invitert til medlemskap. Då året ebba ut hadde laget 112 «teikna lagslemer».
Nokre tiår seinare var det skipa kvinnemisjonsforeiningar i alle skulekrinsar, – og nokre barneforeiningar. Då desse si etter kvart over 100-årige historie tok slutt, er ein tilbake til berre ei NMS-foreining i bygda.
Gjennnon 160 år har lokalt misjonsarbeid innehalde forkynning og økonomisk støtte til arbeid på misjonsfelta. For Stranda har utan tvil Madagaskar stått i fokus. Dit reiste også misjonærparet Anne Oline og Sivert Ringstad frå Stranda 1920-åra, og kyrkjelyden vår har i periodar hatt prestar med mange tenesteår i misjonen nettopp på «Solskinsøya».
Torsdagskvelden 27. april var det ei samling i Stranda kyrkjestove. Der fekk vi dele små brotstykke av laget si historie, stanse ved sider av misjonsinnsatsen og dvele litt i respekt for kvinner og menn som i tider meir krevjande enn vår hadde vilje og evne til å dele, også med ukjende langt borte.
Vi håper Det Norske Misjonsselskap sitt arbeid må lukkast vidare med desse måla: – Å arbeide mot fattigdom og urettferd, og å dele trua på Jesus.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp