Rom for misjonærbarna
− Bispehagen Samtalesenter tilbyr mellom anna ulike former for samtalar og terapi for menneske som på ulike måtar har smertefulle erfaringar frå religiøse miljø. Nettopp slike samtalar blir det fleire av framover, trur psykiatrisk sjukepleiar Unn Rosenberg som den siste tida har blitt kontakta av tidlegare misjonærbarn frå ulike kristne organisasjonar, deriblant NMS.
Misjonærbarn på agendaen
− Misjonærbarnsaka står på agendaen så lenge NMS sender ut familiar, sa personalsjef i NMS, Per Ivar Johansen til MT tidlegare i år.
Podkasten-serien «Misjonærbarna» hadde då nyleg sett misjonærbarnsaka på dagsorden igjen
For å imøtekomme nye bølger av tidlegare misjonærbarn med vonde erfaringar, har NMS innsett at det trengs kompetanse. Difor har NMS no oppretta kontakt med Bispehagen Samtalesenter i Stavanger som skal fokusere ekstra mykje på misjonærbarn i tida framover.
Samarbeid med Sendt bort
− Opplever de ei auke av folk med misjonsbakgrunn som tek kontakt?
− Tilbodet er jo relativt nyetablert. Vi har ein del misjonærbarn som tek kontakt, og går ut ifrå at det vil auke etter kvart som tilbodet blir kjend blant målgruppene, svarer Rosenberg som tidlegare i år vart kontakta av leiargruppa i Sendt bort, interesseorganisasjonen for misjonærbarn i NLM.
− Vi er i dialog med dei om utforming av eit tilbod, og er invitert til å delta på eit medlemsmøte for å presentere tilboda våre, samt gi eit fagleg innslag, legg ho til.
I MT 2 kunne Sendt bort fortelje at dei også blir kontakta av misjonærbarn i NMS. NLM og NMS hadde nemleg fleire internatskular saman.
− Menneske med erfaring som misjonærbarn har nokre fellesfaktorar, blant anna dette med at dei smertefulle erfaringane har skjedd i ei ramme av tru og overtyding, der dei har kjent seg i andre rekke i forhold til foreldra sitt misjonskall. Samtidig er kvar historie og den enkelte si erfaring heilt unik, og eit individuelt tilpassa opplegg er difor naudsynt.
Også for foreldre
− Vi har eit tverrfagleg team med fleire faggrupper. I tillegg til terapiforløp hos psykolog og psykiater, har Bispehagen også ulike typar refleksjons- og støttesamtaler som kan vere både arbeidande og framtidsorienterte. Vi tilbyr både individuelle samtalar, men også terapi- og samtalegrupper ved interesse. Vidare kan vi arrangere temasamlingar og kurs, fortset Rosenberg.
− Vi erfarer at dette er ei vanskeleg tid også for foreldra til misjonærbarna. Også dei kan ta kontakt. Ved behov kan vi starte eit gruppetilbod for foreldregruppa.
− Har de tilbod for folk i andre delar av Norge?
− I tillegg til å møte ved Bispehagen, kan både individualsamtalar og gruppe-samlingar gjennomførast digitalt. Vi vil også kunne legge til rette for eit tilbod i Oslo-regionen.