Gi en gave
Meny
Foto: Pixabay Last ned

Misjonærbarnas kapittel er ikkje slutt

− Å ha kvitta seg med internatskulane må ikkje bli ei kvilepute. Misjonærbarn står på agendaen så lenge NMS sender ut familiar, seier personalsjef Per Ivar Johansen i NMS.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Podkasten Misjonærbarna og opprettinga av organisasjonen «Sendt bort» skapte overskrifter vinteren og våren 2024. Ei bølge av artiklar, kronikkar og podkastar avdekte nye detaljar kring misjonærbarnas kapittel i misjonshistoria. Kva skjer vidare?

Hentar inn kompetanse

Sidan spørjeundersøkinga i 2009 som avdekte omsorgssvikt, overgrep og mobbing ved internatskular, har det vore eit jamnt tilsig av folk som kontaktar NMS.

− Alt frå ein til fire i året. I år tok fire kontakt i løpet av to veker i februar, truleg grunna mediedekkinga, byrjar Per Ivar Johansen som er personalsjef i NMS på tiande året.

− Det gjeld økonomisk stønad, tips til nokon å snakke med eller å besøke misjonslandet dei budde i. Nokre ønskjer å leite i misjons- og diakoniarkivet ved VID Stavanger for å få vite meir om konteksten dei vaks opp i, opplyser Johansen og legg til at fleire nemner podkasten Misjonærbarna og ønskjer å fortelje si historie.

− Også tidlegare internatpersonell tek kontakt. Først i ettertid forstår ein meir av dei negative konsekvensane internatlivet kunne føre til.

− Kva tiltak gjer NMS framover no?

− Vi har oppretta kontakt med Bispehagen samtalesenter i Stavanger som vil fokusere litt ekstra på misjonærbarn i tida framover. Dei tilbyr terapi og vegleiing med psykologar og psykiatrar. I tillegg relanserer vi ei eiga nettside om interkulturell oppvekst. Via den kan vi informere om eksisterande tilbod. Elles skal vi fortsette å lytte til historier som måtte komme, imøtekomme og legge til rette for informasjon og vidare hjelp.

Ein lang prosess

Sidan Kari Grasmo i 1989 fortalde si historie om overgrep ved Den norske skulen i Japan på 50-talet, har temaet «misjonærbarn» frå tid til anna dukka opp i media, noko du kan lese meir om i saka «Et åpent sår i NMS-historien» (MT 1 2022).

− Det er naturleg at prosessen går i rykk og napp. Nokre hugsar lite frå oppveksten. Andre har levd med sår og smerte eit heilt liv, men har først som pensjonist hatt tid og mot til å søke hjelp, seier Johansen og legg til at dette er prosessar som tek tid, både for enkeltpersonar og NMS.

− For det er så komplekst. Det kjem stadig nye detaljar som skal prosesserast. Mange erfaringar er ikkje fortalt. Difor er det viktig å alltid ha ei opa dør for tidlegare misjonærbarn i NMS.

Dagens misjonærbarn

Den siste NMS-internatskulen stengde i 2006. Det vil i mange år framover finnast folk som vaks opp på internat.

− Men å ha kvitta seg med internatskulane må ikkje bli ei kvilepute. Misjonærbarna står på agendaen så lenge NMS sender ut familiar.

− Kva utfordringar møter dagens misjonærbarn?

− Det vil alltid vere utfordringar ved det å flytte frå ein kultur til ein annan. Dagens misjonærbarn går på internasjonale eller lokale skular med ein annan kultur, pedagogikk og språk. Vil dei om nokre år kritisere dagens system? Vi må til ei kvar tid tenkje gjennom overgangar, førebuing, skulegang og oppfølging av misjonærfamiliar. Vi kan alltid bli betre.

Verne utsette barn

− Fleire av NMS sine samarbeidspartnarar nyttar framleis internatskular i sitt arbeid, til dømes når barn med spesielle behov ikkje kan bu heime. Kva ansvar tek NMS her?

− Vi har inga instruksjonsmoglegheit overfor samarbeidspartnarane våre, men tema som åtskiljing, overgrep og mobbing er stadig på agendaen under møter med partnarar som driv internatskular eller spesialinstitusjonar. NMS har ei rådgjevande rolle og er opptekne av at partnarane kan lære av våre feil, svarer han og legg til at mange foreldre ikkje har anna val enn å sende barna vekk. Det kan gjelde livet.

− NMS og i aukande grad våre utanlandske partnarar, er samstundes opptekne av å jobbe langsiktig med å inkludere barn med spesielle behov i lokalsamfunnet, bryte stigma og få dei inn i lokal skule, slik at dei kan bu heime.

Trygge barneleirar

NMS har 13 leirstader der NMSU arrangerer leirar for barn.

− Vi er særs opptekne av barnas tryggleik. Alle leirleiarar i NMSU skal ha gått gjennom leiartrening, seier assisterande dagleg leiar Elin Flystveit Riska i NMSU.

Ho legg til at leiarar skal kjenne reglar og retningslinjer for leirleiarar som m.a. seier at ein «ikkje skal klemme eller sette barn på fanget utan å vite at det er greitt for barnet». Som leirleiar har ein teieplikt, men skal gi beskjed til hovudleiar ved mistanke om overgrep. Jenter og gutar, både deltakarar og leiarar skal sove kvar for seg, og ein skal aldri vere aleine saman med ein deltakar bak lukka dør. På godnatt-rundar skal leiarar alltid gå to og to.

− Alle over 15 år må levere politiattest. Nye leiarar vert spurt direkte av ein tilsett, hovudleiar eller leirstadstilsett slik at vi har oversikt over kven som er med. Alle tilsette tek TRYGG-kurs for å sikre trygge rammer for både deltakarar og leiarar.

Sendt bort

I desember vart organisasjonen «Sendt bort» stifta. Allereie tre månader seinare har dei 500 medlemmar. Denne uavhengige, livssynsnøytrale støttegruppa for misjonærbarn skal «bidra til at alle misjonærbarn tilknytt Misjonssambandet, skal bli høyrde, tatt på alvor, og få ei verdig og rettferdig oppreising», ifølge nettsida.

− Vi blir kontakta av folk med bakgrunn frå både NMS, Normisjon og pinserørsla, av foreldre, pårørande og tidlegare tilsette ved internatskulane. Difor har vi no oppretta «heiagjengen» for dei som vil støtte opp om arbeidet. Sidan Misjonssambandet og NMS dreiv fleire skular saman, er det også NMS-misjonærbarn blant medlemmane, seier Anne Marit Naustvik som saman med Målfrid Ljønes Kvålo og Jarle Naustvik stifta gruppa i desember 2023.

− Sidan vi har bakgrunn frå Misjonssambandet, vart det naturleg å fokusere på dei, men alle er velkomne til å ta kontakt, fortset Naustvik som gjekk på internatskule i Nairobi frå 1979 til 1983.

I dag har ho to vaksne barn og er utdanna klinisk barnevernspedagog med 30 års erfaring innan barnevern og psykiatri.

− Korleis jobbar de vidare framover?

− Denne våren byrjar vi med temakveldar der både medlemmar og heiagjeng er velkomne. Vi har fått eit samarbeid med Bispehagen samtalesenter i Stavanger som har god kompetanse på traume. På desse kveldane kjem til dømes psykolog Gry Stålsett og forfattar Lene Ask. Vi ser for oss temakveldar om lag ein gong i månaden. Dei som ikkje bur i Rogaland, kan delta på Teams.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp