Plommehausten som gjekk skeis
Denne lederartikkelen står på trykk i den nyeste utgaven av Misjonstidende. Ønsker du å få bladet tilsendt gratis seks ganger i året? Registrer deg som gratisabonnent i skjemaet under.
Første sommaren kom det berre grøne blad. Andre sommaren fekk vi to blomar, men null plomme. Tredje sommaren såg vi ei potensiell plomme, men fuglane tok den. Neste år mista vi nesten motet då utøy hadde invadert treet. Det same skjedde året etter. Men så kom våren 2024 med hundrevis av kvite, friske blomar. Så kraftig hadde det aldri blomstra før. Ørsmå plommer kom til syne, men til vår store sorg måtte vi kaste halvparten som var ramma av veps. 12 friske plommer stod att. Om lag to til kvar. Dei smakte fantastisk. Desse 12 gir håp om at noko er på gang. Treet krev tolmod, men frukt er frukt, sjølv om hausten er liten. Det blei ikkje syltetøy til jul, men ein vakker dag. Ingen grunn til å gi opp treet. Nabohagar har kanskje tusen plommer og tunge greiner, men kanskje skal ein ikkje samanlikne seg med andre marker, men heller glede seg over at vi har 12 fleire enn i fjor.
Vi har absolutt ingen japansk hage, men kanskje er den litt «japansk» i overført tyding. Den japanske misjonsmarka er nemleg også kjent for å vere ei tolmodsprøve. Den blømer langsamt. Det er berre litt over 1 prosent kristne, trass i 500 år med misjon. Nabolanda har langt fleire kristne, men skal ein samanlikne? Eller skal ein glede seg over enkeltmenneske? NMS har vore der i 75 år, men «den store hausten» kom aldri. Det store garnet ein brukte på Madagaskar, vart bytt ut med fiskestong her. Det er liksom andre «reglar». Stikkorda er tolmod, prosess, medvandring og nære relasjonar.
Eg har aldri vore i Japan, men vi har snakka med dei som kjenner landet, og dykka ned i NMS si berg- og dalbane av ei reise her. Kva er det med dette landet? Kvifor så få kristne akkurat her? Eg sit igjen med at Japan er eit stilig, paradoksalt, vakkert og mystisk land. Det er umogleg å dekke alt, men kanskje blir vi litt klokare. Vi håpar du blir med i den store bønnekampanjen saman med fleire andre kyrkjer og organisasjonar. For det vil alltid komme ein ny vår med håp om plommesyltetøy som varer ut året.