Gi en gave
Meny
Foto: Hege Steinsland Last ned

Misjonstur til Estland

NMS og Plussreiser arrangerte misjonstur til Estland 13.-17. september med Hege Steinsland som reiseleiar. Vi var tilsaman 20 deltakarar, derav halvparten frå region Møre (Sunnmøre), m.a. fleire frå Brattvåg, som har misjonsavtale med Estland.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Magne Mølster

Magne Mølster, som er NMS-utsending og prest i Saku kyrkjelyd, møtte oss første dagen, og fortalde om Estland og Tallinn, og guida oss rundt i gamlebyen. Andre dagen hadde vi stort sett for oss sjølve for å sjå meir på byen, men søndag drog vi til Saku, eit par mil sør for Tallinn. Her gav Magne oss ei spanande innføring i historia til kyrkjelyden, som vart grunnlagd i 2013 med 12 medlemmer, og som no har 120 medlemmer.

Kyrkjelyden held til i eit gammalt bedehus, som dei leiger av «Brødremenigheten» (herrnhutarane). I sommar starta bygging av ny kyrkje, og den skal vere under tak til 1.desember. Det var gripande å høyre om korleis dei kristne vart undertrykte under Sovjet-tida, og korleis dei eldre heldt ut i bøn. Det var også inspirerande å oppleve engasjementet for kyrkjelyden og den nye kyrkja. I Saku er det m.a. ungdomsarbeid og eit gospelkor. Vi deltok i gudstenesta, og deretter var det kyrkjekaffi ute med pølser, frukt og plommekaker.

Jaana Maria Unga viser fram eit eksempel på Up-cycling. Foto: Hege Steinsland

Måndag besøkte vi Mustamäe, som er ein forstad til Tallinn med mange bustadblokker, men inga kyrkje – inntil no. For no er den nye kyrkja under tak, og kyrkjelyden har teke i bruk kontoret, etter at dei måtte flytte ut av sitt tidlegare lokale i kjellaren på bydelshuset. Elles er kyrkja ikkje innreidd. Den framstår som eit solid bygg med ei flott, men nøktern utforming. Vi var dei første gjestane etter flyttinga. Tiina Klement, som er prest i kyrkjelyden, fortalde levande om korleis denne kyrkjelyden har vakse og utvikla seg frå ei husgruppe i 2008 og fram til no. Nøkkelorda for verksemda er: Misjon, diakoni, barne- og ungdomsarbeid og bibelstudium.

Jaana Maria Unga fortalde om gjenbruksbutikken Magda Misjonipood («misjonsbutikk»), som ho er leiar for. Den ligg ikkje langt frå kyrkja. Vi vart med til butikken, og fekk sjå eksempel ikkje berre på re-cycling (gjenbruk), men også up-cycling (lage nye ting av brukte material).

Alt i alt vart dette ein inspirerande tur, der vi særleg la merke til korleis dei legg vekt på at folk får bruke sine talent – «Use your talents». Vi har noko å l ære av kyrkja i Estland når det gjeld å nå ut til dei som kjenner lite eller ingenting til kristen tru.


Nyheter

Endeleg vart det gjenbruksfest på Kjeldsund!

Mandag 26. februar var over 90 frivillege frå Gjenbruksbutikkane i Ålesund, Volda, Ulsteinvik, Myrvåg og Nordfjordeid samla til gjenbruksfest på Kjeldsund.
Les mer

Stor stas på NMS Gjenbruk Tau denne uken

Onsdag kveld denne uken ble Rogaland Fylkeskommunes miljøpris for 2023 overlevert med diplom og blomster ved NMS Gjenbruk Tau.
Les mer

Miljøpris til NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk er tildelt Rogaland fylkeskommunes miljøpris for 2023. Daglig leder Siri Lindtveit er overrasket og glad.
Les mer

NMS Gjenbruk feirer 25 år

Norges største gjenbrukskjede har vokst jevnt og trutt, og består nå av hele 52 gjenbruksbutikker og ett lysestøperi.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp