Misjonsmesse i Ørsta
På førehand hadde det blitt solgt lodd på Alti, og nokre hadde baka lefser og julekaker
Andre hadde bidrege med klær til dokka, og mange hadde bidrege med små og store gevinstar, kaker, kringle, smørbrød og vårrullar osv
Paul- Kristian Hovden kom med god og ny informasjon frå Misjonsprosjektet
Anne Storstein Haug som er misjonær i Thailand hadde laga ein fin reportasje frå arbeidet som Ørsta Kyrkjelyd støttar.
Paul-Kristian Hovden leia programmet og tok også andakten, sidan prestevikar Constanze Lindner måtte stå over pga sjukdom.
Den velkjende pianisten, Eirik Stave som tidlegare ga ut si eiga misjonsavis, deltok med musikk.
På messa var det mange som bidrog, så mange fortener stor takk for innsatsen. Takk – de veit kven de er.
Og når vi har summert, viser det seg at resultatet vart skikkeleg flott, nær kr 45.000,- kom inn til misjonsprosjektet.
På søndagen var det Barnas Misjonsdag, med besøk frå Brita Petrin Kvalsvik i NMSU.