Gi en gave
Meny
Foto: Maria Indrøy Risanger / HISTORISK: Lovasoa har ei tomt på 20 mål og inneheld både gjestehus, musikkskule, språkskule, konferansesenter, bibliotek, forskingsarkiv og museum. Last ned

Menneskemøter på historisk grunn

Noko nytt spirer fram i det som ein gong var ein internatskule for misjonærbarn på Madagaskar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Kultur- og kompetansesenteret Lovasoa, «den gode arven» på gassisk, bygger vidare på noko som starta for 154 år sidan.

Arven

I 1870 kjem NMS-misjonær Thorkild Guttormsen Rosaas til Antsirabe og bygger misjonsstasjon, leprakoloni, vegar og vatningsanlegg, for å nemne noko. Byen veks i takt med talet på misjonærar som etter kvart får barn. I 1881 bygger NMS ein internatskule der misjonærbarna kan bu medan foreldra turnerer rundt omkring på øya. Rundt 650 har hatt heile eller deler av oppveksten sin på Madagaskar. No er internata blitt til kontor, kapell og gjestehus. Likevel ligg historia tungt i veggane. Dei fortel om vekkingar, kyrkjevekst, skulegang og helsehjelp, men også om tårer.

Over 800 misjonærar

− Generasjonar av nordmenn har hatt sitt virke her. Over 800 i tillegg til barna, fortel NMS-utsending Audhild Steinnes Heum som bur på Lovasoa saman med mann og tre barn.

Audhild Steinnes Heum

Audhild Steinnes Heum

− Då skulen vart lagt ned i 2008, idémyldra partnarane NMS og Den gassisk-lutherske kyrkja (FLM) om kva dette enorme anlegget skulle brukast til. I 2011 blir kultur- og kompetansesenteret Lovasoa grunnlagt med eit ønske om å bygge vidare på arven frå dei djupe misjonsrøtene, fortset Heum.

Gradvis blir gamle klasserom og internat til konferansesalar og kapell, gjestehus og grupperom. Det kjem volley- og basketballbanar, men først og fremst menneske, ein smeltedigel av folk som skal bere Lovasoa-tida med seg i hjartet resten av livet.

Lovasoa kultur- og kompetansesenter

Lovasoa vart stifta i 2011 av Den gassisk-lutherske kirke (FLM) og NMS og er i dag ein sjølvstendig NGO. Senteret ligg i byen Antsirabe, om lag 170 km frå hovudstaden Antananarivo, og inkluderer tunet med den tidlegare norske internatskulen. Her er det i dag m.a. gjestehus, musikkskule, språkskule, konferansesenter, bibliotek, forskingsarkiv og museum. Lovasoa tilbyr praksisplassar for studentar. Mange studentar kjem gjennom trepartsavtalar mellom norske universitet, Lovasoa Exchange og NMS Global Exchange. NMS og Lovasoa har avtalar med sju norske høgskular og universitet. Lovasoa tek også imot studentar frå universitet på Madagaskar.
Les meir her: www.lovasoa.mg

Meir enn utveksling

Hit kjem norske praksisstudentar for å bli litt klokare før eit langt arbeidsliv. Gassiske unge for å lære seg nye språk eller kanskje eit instrument? Forskarar og lærarar skal på konferansar og seminar. Brått står kanskje eit tidlegare misjonærbarn på tunet, på jakt etter røtene.

− Lovasoa er eit spennande mylder av historier, erfaringar, kulturar og språk. Eg skulle ønskje eg oftare kunne sette meg ned med kvar enkelt, seier Heum, men kvardagen som studiekoordinator er travel. Kvart semester rullar det inn fleire titals studentar, framtidas lærarar, sjukepleiarar og sosionomar, som snart skal møte seg sjølve i døra, men reise heim litt klokare.

− Jobben er så utruleg meiningsfylt, synest ho.

− I 2023 hadde 112 studentar Lovasoa som base medan dei farta rundt på ulike praksisplassar, som sjukehus, skular og sosiale institusjonar, i nærleiken.

Lovasoa har gjennom sitt utvekslings-program samarbeid med 22 lokale institusjonar som tek imot praksisstudentar for lengre eller kortare opphald.


UTVEKSLING: Lovasoa har gjennom sitt utvekslingsprogram samarbeid med 22 lokale institusjonar som tek imot praksisstudentar for lengre eller kortare opphald. Foto: Linnea Rismyhr.

− Mange studentar seier at dette er den beste praksisen dei har hatt. Heilt klart utfordrande, men likevel ei erfaring som er gull verd på den norske arbeidsmarknaden, seier ho og tek helsefagstudentar som eksempel:

− På Madagaskar møter ein eit heilt anna helsesystem, ei anna sjukdomsforståing. Praksisstudentane får ein fleirkulturell kompetanse som er gull verd i møte med pasientar med minoritetsbakgrunn, seier Audhild som sjølv har vakse opp i Kamerun, reist mykje rundt og jobba som forskar ved VID.

− Det er noko spesielt med det å erfare ein annan kultur på kroppen. Det går det ikkje an å lese seg til.

Håpar på 150 studentar

− 2019 var eit toppår med 170 norske praksisstudentar. Etter pandemien har det vore om lag 250 norske studentar innom, fleire av dei masterstudentar. Målet er 150 årleg, seier studiekoordinatoren og legg til at det til våren kjem masterstudentar frå teatervitskap, barnevern, helsesjukepleie og anestesi.

− Lovasoa er ein NGO, altså ein ikkje-statleg organisasjon med over 60 tilsette. Tomta er på 20 mål, har ein enorm bygningsmasse og fleire avdelingar, seier Audhild.

I tillegg til å vere ein oase for norske og gassiske praksisstudentar, har Lovasoa ein språkskule med 400 elevar, ein musikkskule med 250 elevar, her er forskingsarkiv, konferanserom, restaurant, bibliotek og eit gjestehus som nesten alltid er fullt. Lovasoa har også eit museum som syner Madagaskars og Lovasoas historie. I løpet av dei to første månadane i 2024 har Lovasoa teke imot 400 gassiske studentar frå høgare utdanning.

Annleis sjukepleiarrolle

Sjukepleiar Linnea Rismyhr var ein av dei heldige frå Universitetet i Stavanger som fekk ein tre månadar lang sjukepleiepraksis på Madagaskar i 2019. Dette sa ho til bladet Madagskarforum etterpå:

− Det å vere i eit land der du ikkje forstår språket, for så å få ei rekke faglege utfordringar i tillegg, har gjort meg tryggare og meir sjølvsikker.

Størstedelen av praksisen var ho på operasjonssalen på det lutherske sjukehuset Andranomadio.

− Når eg først skulle ha utanlandspraksis, ville eg oppleve noko heilt anna, ein ny kultur og eit nytt språk, fortset studenten som fekk vere med på både operasjonar og fødslar.

− Sjukepleiarrolla er annleis på Madagaskar. Dei har berre ansvar for det reint medisinske. Det er helst familien som tek seg av mat og stell. Eg kom tett på ein operasjon på ein som var skoten i magen under eit innbrot i huset. Kikholskirurgi var ikkje mogleg, så dei måtte opne heilt opp. Etterpå ville ikkje såret gro, fortel ho.

− Eg lærte mykje, ikkje minst av måten dei nyttar ressursane på. Dei sløser ikkje og har smarte løysingar.


PRAKSIS: Linnea Rismyhr fekk delta under ein operasjon då ho hadde sjukepleiepraksis på Madagaskar i 2019. Foto: Privat.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp