Gi en gave
Meny
Foto: Illustrasjon Last ned

Kall og kvilepuls

«Følg meg», seier han. Det er det som er kallet. Ein smal veg, kanskje. Ikkje at det er trongt om plassen eller komplisert å finne den, men det kan koste.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Eg har aldri hatt meir kvilepuls enn dei tre åra eg gjekk «all in» gjennom Ungdom i Oppdrag. Så det er ikkje berre brente barn i kjølvatnet av radikal forkynning av kall. I fjor haust diskuterte Kristen–Noreg uttrykket «all in», altså det å overgi seg heilt og fullt til Gud. Det gir dårlege assosiasjonar for mange, og det er viktig å snakke om fallgruvene. Men vi må ikkje i same slengen slutte å snakke om kall. For det viser seg nemleg at mange går rundt og tenker på slikt, ifølge forskaren vi har intervjua i saka «All in i 1842» som stod på trykk i mars-utgåva av Misjonstidende. Og han har nok rett, for det var langt fleire kallsopplevingar der ute enn det vi fekk plass til i dette nummeret. Det var ei hard prioritering då vi skulle velje kven som fekk dele frå side 18 og utover.

Men, i frykt for nye pietistiske bølger, held vi «kall» på trygg avstand i forkynning og daglegtale. Sjølvrealiseringsjaget har nok heller ikkje hjelpt på. Som Marit og Irene sa til MT ein gong: Vi har ikkje tid til nye vekkingar, for folk skal alltid på hytta i helga.

«Kall» har eit rufsete rykte. Ofte med god grunn. Men kan vi, i vår frykt for å brenne oss, ha gått glipp av noko fint? Kan vi ha misforstått Jesus?

«Følg meg», seier han. Det er det som er kallet. Ein smal veg, kanskje. Ikkje at det er trongt om plassen eller komplisert å finne den, men det kan koste. Det betyr ikkje at alt skal kjennast tungt. Vi trur heller det er frigjerande og meiningsfylt. Difor treng vi ikkje pakke inn Jesu radikale ord. For på den smale stien vil vi oppleve at teneste og kvile går hand i hand. Likesom treet ved bekken av rennande vatn. Vi kan få kvilepuls og alt anna vi treng.

NMS, Noregs eldste misjonsorganisasjon, må tørre å snakke om kall. Difor har vi via MT 2 til dette.

Kva er kallet ditt? Svaret er enkelt. Bla opp på side 12, klipp det ut og heng det på kjøleskapet for å minne deg sjølv på at du først og fremst er kalla til ein dans med treeinigheita, som kyrkjefedrane sa. I dette fellesskapet er kvile og teneste to sider av same sak.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp