En misjonærs historie, del 1: Jordmor-kofferten
Ei 26 år gammal jordmor frå Vestlandet har bytta ut strikkejakka med kvit uniform. Utanfor ein avsides klinikk står 50 menneske og ventar på at ho skal opne. Eit samleband av brannskadar, underernæring, tarmslyng, kompliserte fødslar og tannverk. Autoklaven, ein gammal trykkokar, får køyrd seg i dag. Turnusen hennar er å alltid vere tilgjengeleg. Ho gjer inngrep ho aldri ville fått lov til som sjukepleiar i Noreg. Blar i lærebøker. Ber. Langt vekke frå sjukehus, legar, narkose og den slags. Kanskje for resten av livet? Det veit ho ikkje endå. Eit misjonskall kan bety livet ut.
Kvardagen er så intens at når ho fortel om den i dag kan folk miste både munn, mæle og nattesøvn. Ho trudde ho skulle til Etiopia for å ta imot nye verdsborgarar. Der tok ho feil.
Beghi 1973
Når mørkeret fell på er arbeidsdagen over. Men ikkje i dag. Det har vore mørkt lenge når ho set frå seg jordmorkofferten i gangen. Den ho fekk av venner på Flesland ved avreisa. Ho set seg. Beina verker. Tenner to stearinlys, og legg merke til bunken med avisa Dagen på bordet. Ho blir kvalm. Magen er tom. Ho rakk ikkje middag i dag, for pasienten hadde vore i fødsel ei heil veke då Sylvi eigentleg var ferdig for dagen. Kvinnas livmor hadde gitt opp. Ingen rier. Ingen fosterlyd. Ho var hoven. Hadde nokon prøvd å få ut barnet sjølv? Det var ikkje tid til spørsmål. Sylvi fann heller den største sprøyta på klinikken, stakk den gjennom bukveggen og tappa ut fleire liter urin. Først då kom barnet ned. Livlaust.
– Det er ikkje første gong eg mister eit barn, fortel pasienten.
– Du er heller ikkje aleine, tenker jordmora.
Kanskje er ho ei av dei som vart vaksen så altfor tidleg. Barn skal ikkje føde. Det kan gi varige skadar, har Sylvi fått erfare. Små jenter som vert gifta vekk i staden for å gå på skule. Det kan også vere seinskadar etter omskjering som er rota til problemet. Men det grunnleggande er at helsehjelpa er for langt unna. Sylvi har ikkje tid til å gå til røtene av problema. Det er for mange brannar å sløkke. Her, to dagsreiser frå Addis Abeba, av og til aleine på jobb, er det ikkje tid til å tenke på kvifor alt er som det er. Ho ser på kvinna. Ho blør berre moderat, og smiler mot den kvitkledde.
MISJONÆR: Sylvi Arnhild Hevrøy (76) bur i dag i Skien, har tre barn og åtte barnebarn. Ho var NMS–misjonær i Etiopia og Hongkong i til saman 10 år. Foto: Lisbeth Traaholt
– Neste gong må du love meg å komme før, bønnfell Sylvi og smiler tilbake før ho går for å finne noko å legge barnet i. Auga fell på Dagen. Det vert ikkje mykje tid lesing, men nyttig er den, tenker ho og bretter avisa ut over bordet. Plasserer den vesle kroppen over midtsidene. Legg merke til at formatet passar perfekt. Knyter ein hyssing rundt og løfter han. Lett, men likevel tung.
Sylvi skriv heim. På konvolutten står det Mastrevik. Ei fjern verd no. Ho les gjennom brevet. Tvillingfødsel. Setefødsel. Tanntrekking. Fistula. Død. Politisk uro. Eit muldyr som får penicillin. Ein slange på do. Ho prøver å ikkje kjenne etter korleis ho eigentleg har det.
Ragnhilds koffert
Fødsel. Ingen snakka om sånt i Mastrevik. Men Sylvi var nyfiken.
– Kva hadde eigentleg jordmor Ragnhild i kofferten sin, undra Sylvi gjennom oppveksten i den vesle bygda nord for Bergen. Den lokale jordmora bar på eit stort tabu.
– Eg høyrde rykte om ei ku som skulle kalve på ein gard i nærleiken. Eg sneik meg inn. I skjul såg eg det nye livet velte ut. Klokka er tre på natta då det går opp for henne. Det kan umogleg vere ein baby som skjuler seg i kofferten til Ragnhild.
– Kanskje var det her eg forstod at eg ville bli jordmor, smiler Sylvi, ein målbevisst ungdom.
Ho skal berre ta eit år på folkehøgskule først. Og det er då det skjer. Dette uforklarlege.
– Vi får besøk av ein misjonær som viser lysbilde frå Kina. Eg får ei underleg kjensle. Byrjar å gråte, og det varer i tre dagar, fortel Sylvi.
– Eg trur kanskje du har misjonskall, seier ein av lærarane forsiktig.
Men Sylvi forstår ikkje. Har knapt høyrt om kall før.
– Eg var skremt. Så eg la det vekk og fortalde det ikkje til nokon, seier Sylvi som heller følgde draumen ho fekk natta i fjøset. Men den merkelege hendinga blir med på lasset, som ein slags torn i sida kvar gong misjon blir nemnt.
Ein brun konvolutt
Det er tøffe kår for sjukepleiestudentane ved Haraldsplass i Bergen. Jordmorskulen etterpå likeså.
– Vi jobba døgeret rundt. Nattevakter og rett på førelesning, fortel Sylvi.
KALL: Sylvi Hevrøy er klar for å flytte til Etiopia på ubestemt tid. Foto: Privat
På ei vakt legg ho merke til at enkelte pasientjournalar har ein brun, forsegla konvolutt. Kva er det?
– Legens domene, får ho beskjed om.
– Ikkje bry deg med dei.
Men Sylvi bryr seg. Og svaret får ho ein dag ho blir tilkalla under ein operasjon.
– Eg kjem inn og ser ei kvinne i narkose. Barnet kjem ut. Dei legg det i ein metall-bolle og gir den til meg, fortel Sylvi alvorleg.
Ho ser ned. Ein gut. Veke 25? Han løfter ein arm. Den kvite frakken kleber seg til kroppen hennar.
– Eg leverte frå meg bollen og gjekk. Det var ikkje dette eg skulle drive med.
Sylvi vert berre meir overtydd om si livsoppgåve, men kjensla frå folkehøgskulen vil ikkje sleppe taket.
BEGHI: Klinikken Sylvi arbeidde på, låg like utanfor tettstaden Beghi, to dagsreiser vest for Addis Abeba. Foto: Privat
Jordmor
Våren 1970 er Sylvi ferdig utdanna jordmor, men ho har ikkje fred. Kjensla frå folkehøgskulen kjem tettare. Ho veit ikkje anna å gjere enn å leite seg fram til NMS–kontoret i Bergen. Ein ukjend mann sit på andre sida av bordet. Ho seier det som det er.
– Eg er jordmor. Og eg har visst misjonskall.
Så kjem freden. Og tårene triller nedover den ukjente mannens ansikt.
– Eg har jobba med misjon heile livet, seier han.
– Men dette er min viktigaste arbeidsdag.
Sylvi blir ei av dei første misjonærane NMS sender til nybrottsarbeidet i Etiopia. Ei ny forståing av misjon er i framvekst. Ei forståing av at diakoni og utviklingsarbeid også er misjon, ikkje berre noko ein gjer i tillegg. Og Mekane Yesus–kyrkja i Etiopia har spurt etter slike som Sylvi. Jordmor med misjonskall.
Misjonsskolen for kvinder
Så går alt veldig fort. Familien blir overraska og bekymra, men Sylvi har endeleg fred. Og ho er ikkje aleine. Saman med 20 andre kvinner byrjar ho på Missionsskolen for kvinder i Oslo. Dei studerer kart. Lærer om andre kulturar. Tidlegare misjonærar underviser. Dei serverer ikkje glansbilete, men fortel om sardinar i kvit saus på julafta og slangar som spyttar gift. Sylvi grøsser. Veit ikkje at ho skal møte større utfordringar enn sardinar.
– Eg gløymer aldri besøket av Milly Kopperud. Ord kan ikkje skildre alt ho har opplevd gjennom eit liv som misjonær på Madagaskar. Likevel heldt ho fram kor heldig ho var, fortel Sylvi som likevel lurte på om ho drog med livet som innsats?
Fire tønner og ei kiste
Kullingane reiser kvar til sitt. To av dei, Gjertrud og Herborg, skal ho aldri treffe att.
– Eg såg det i avisa fleire år seinare. Nyheita om to norske misjonærar som omkom då dei skulle køyre over ei bru på Madagaskar. Men Sylvi veit ikkje at den tårevåte avskjeden er den siste. Ho kjøper seg ei campingseng. Lett å frakte rundt, tenker ho. Faren snikrar ei stor trekiste. I den pressar ho kleda saman med ein kleshengar. Ei kiste og fire tønner seinare er ho klar for avreise.
– Eg kan nesten fysisk kjenne forbøna i ei stappfull Austrheim kyrkje. Kjende og ukjende hang over kanten på galleriet. Nyfikne på bygdas første misjonær, minnest Sylvi.
3. april 1973 står ho på Flesland. Vener har spleisa på ein jordmorkoffert til henne. Ho opnar den. Knivar og tenger. Alt ho treng. No skjer det.
Og når ho endeleg ser soloppgangen over Addis Abeba frå flyet, og den raude jorda der nede, blir ho rørt. Men snart skal ho lure på kva i all verda ho har gjort.
Tyfoidfeber
– Det byrja med mageknip. Eg trudde først det var høgdesjuke, men så kom feberen. Resten hugsar eg faktisk ikkje, fortel Sylvi som vart funnen bevisstlaus av kollegane. Det kunne gått skikkeleg gale. Førsteinntrykk og eventuelle kultursjokk vart det ikkje plass til. Det handla om å overleve.
– Først etter tre månadar fekk eg byrje med opplæring i tropemedisin. Ein lege lærte meg mykje eg aldri hadde gjort før, og heller ikkje hadde lov til å utføre i Noreg, fortel Sylvi.
Den lutherske Mekane Yesus-kyrkja plasserer misjonærane der dei trengs. Sylvi skal snart til Vest–Etiopia, til klinikken i Beghi, i provinsen Wollega.
Beghi
Lukta av smør, kamfer og kvitlauk fyller bussen. Sylvi ser ut på støvet som virvlar opp på den humpete vegen. Utsikta gjer henne mållaus. Grøne dalar og Meskel–blom som dannar eit gult teppe. Så går ho over i eit fly med fire seter. Landar på eit jorde. Ho er i Beghi. Med sommarfuglar i magen går ho ut i ein raudbrun røyk. Men når den legg seg blir ho ståande litt og sjå. Eit bølgande grønt kunstverk. Fjella i Sudan i det fjerne. Ho skal bu blant julestjerner, hibiskus og eucalyptus saman med ein prestefamilie og ein jordmorkollega. Det runde huset er lite, men hennar. Ei enkel stove og eit soverom. To kilo meter unna den nye arbeidsplassen.
– Eg trudde nesten ikkje mine eigne auger. Klinikken var eit skur, innrømmer Sylvi at ho tenkte.
– Dette skulle altså romme poliklinikk, behandling, undersøkingar og lab? Ei fødestove utan utstyr. Så trong at senga stod inntil veggen, fortel Sylvi.
Men ei fødestove i alle fall, tenker ho pragmatisk og ser seg rundt. Vaskerommet? Ute, seier kollegaen og peiker på eit oljefat med ved som oppvarming. Aggregat? Nei. Venterommet? Også ute, seier kollegaen og peiker. Og i morgon vil det stå opp mot 100 menneske og vente på deg. Legen er ein to dagar lang biltur unna. Han kjem to gonger i året. Lukke til.
Bratt læringskurve
– Korleis var ein typisk arbeidsdag?
– Vi starta med andakt for dei som stod i kø. Så byrja behandlingane. Frå klokka åtte til det vart mørkt. Frå 13–15 steikte sola, og alle var heime. Det skulle vore siesta, men vi måtte nytte den til å lese lærebøker.
Dei to kollegane tek kvar si veke med nattevakt, men som regel må begge jobbe då óg.
– Den brattaste læringskurva i mitt liv. Nokon av hendingane har skapt varige arr. Det var ikkje forsvarleg, meiner ho.
Fødsel er faget hennar. Likevel er det dette som blir det tøffaste.
– Av alle fødslane overlevde berre fem barn. Resten hadde ikkje fosterlyd då dei kom til oss. Vi måtte konsentrere oss om å redde mødrene. Det vart ein seier midt oppi alt.
Dei fleste fødde heime. Klinikken var siste nødløysing. Men dei kom for seint.
– Ofte sat barnet fast. Vi måtte partere for å få dei ut. Det gjer noko med deg.
Fikado
Ho trekker tenner og behandlar muldyr. Syr store skadar. Improviserer. I dag er ho aleine på klinikken. Ho skal til å stenge då tolken kjem.
– Ein pasient kjem langvegs frå. På ei båre, seier han og peiker på ei eldre kvinne og ein haug med kle. Kor er pasienten, undrar Sylvi. Ho set seg ned og grev seg fram til ein liten kropp. Han er full av fjør. Ho ser spørjande på kvinna.
– Guten låg i hytta då det brann. Det er to veker sidan no, kan ho fortelje.
Han er forbrent frå hovud til fot. Utan bandasje tilgjengeleg, tek ein det ein har. Dei ribba ein fugl og strødde fjør over såra.
– Tilstanden var kritisk. Han var slapp, tynn og apatisk. Såra infiserte. Eit skremmande syn, fortel Sylvi som visste kva det betydde.
Ei bestemor skal snart få den verste beskjeden ho kan få. Barnebarnet kjem til å døy før henne. Det er ikkje slik det skal vere. Men det er sanninga.
– Det er ikkje meir vi kan gjere. Det er for seint.
Bestemora vert ståande. Han heiter Fikado. Og ho går ikkje herifrå før han blir frisk. Sylvi forklarer det ein gong til. Men bestemora flyttar seg ikkje ein meter. Ho står. For barnebarnet sitt.
– Han kjem til å døy. Ta han med deg heim og ta farvel, seier Sylvi.
Men, nei. Sylvi finn ei seng. Ho får improvisere resten i morgon.
Rykte om uro
Og midt i alt dette. Innimellom brannsår, vonde beskjedar og knuste pårørande, kjem det rykte. Rykte om ein ulmande vulkan. Ein revolusjon er på veg. Etiopia er eit av verdas fattigaste land. Men ikkje for ein velståande elite med keisar Haile Selassie i spissen. Folk har fått nok. Studentane ved universitetet i Addis Abeba krev jordreform og rettferdig fordeling.
– Vi visste ikkje alt dette, og merka ingenting. Høyrde berre rykte om at klinikken var utsett, og at vi måtte bu oss på flukt, fortel Sylvi.
MAT: Eit underernært tvillingpar får mat på klinikken. Foto: Privat
Skuldingane
Ho tenker på flyet frå Beghi som berre går tre gonger i veka. Så tek dagens gjeremål henne. Ho må tenke på pasientane. Og ein fem år gammal gut som ikkje ser ut til å klare seg. Ho lagar eit lite telt av eukalyptus greiner og laken. Prøver å løyse ei fjør, men dei sit som limt fast.
– Vi tok det vi hadde. Laga ein graut av vaselin og pulverisert penicillin som vi dynka fillene i, fortel Sylvi.
Dei dekka guten med dette, og håpa på det beste. Resultatet overraska dei.
– Etter ei veke klarte vi å fjerne fjøra og fekk reinsa såra. Då kom han seg litt etter litt. Sylvi gløymer aldri det første smilet. Heller ikkje alle som kom etter det.
Dei har redda eit liv. Men gleda snur brått då dei høyrer om ein underskriftskampanje mot klinikken. Sylvi og kollegaen må i møte med guvernøren og mennene hans.
– Han las opp skuldingar mot klinikken som no var sendt til eit parlamentsmedlem, signert av 200 innbyggar i Beghi. Vi skulle mellom anna ha kasta pasientar på dør, fortel Sylvi.
Ho veit at det ikkje stemmer. Prøver å skjule frustrasjonen.
– Var dette takka? For å vere tilgjengeleg heile døgeret. 10 000 pasientar i året, men ikkje eitt positivt ord, fortset Sylvi som i dag trur mange vart manipulert til å skrive under.
– I urolege tider er det ikkje lett å vite kven som talar sant.
Revolusjonen
Det er generalstreik og stengte flyplassar. Keisar Selassie er styrta, etter 44 år ved makta. Ein militærjunta skal ta over. Dei vil gjere landet til ein sosialistisk republikk. Misjonærkollegane i Addis Abeba fortel om lik i gatene. I Beghi har det ikkje landa fly på lenge. Jordet gror igjen. Og Sylvi merkar at haldningane overfor klinikken endrar seg i ei retning ho ikkje likar.
BODJI: I Sylvis andre periode vart hushjelpa Dessitu ei redning. Her saman Sylvis eldste dotter, Cathrine. Foto: Privat
– Revolusjonen handla jo også om at folk ville styre landet sjølv, utan hjelp frå utlandet. Sjølv om vi samarbeidde med ei sjølvstendig Mekane Yesus–kyrkje, med etiopiske leiarar, frykta vi kva revolusjonen ville bety for klinikken, seier Sylvi som hadde fluktplanen klar. Til Sudan med bil.
– På dagtid rakk eg ikkje tenke på det, men eg var på vakt om det banka på døra om nettene, noko det ofte gjorde når nokon trong medisinsk hjelp.
Fistel
Livet på klinikken går vidare. Nok ein gong kjem eit barn som skal føde eit barn. Men barnet på innsida er allereie dødt. Ho skulle hatt keisarsnitt, men Sylvi må ty til andre metodar. Ho finn fram avisa Dagen, men ikkje for å lese . Stryk jenta over håret. Tenker at det skulle vore mor hennar som gjorde det. Men familien var fattig. Dei hadde ikkje noko val. Dei fekk brudepris for henne. Det handla om å overleve. Og dei har ikkje sett henne sidan.
Sylvi held henne her nokre dagar til. Veit kva som ventar når ho seinare ser henne gå den hellelagde stien bort frå klinikken.
– Når trykket mot underlivet varer i fleire dagar, kan vevet bli øydelagt. Dei mister kontroll over urin og avføring og blir stempla som ureine. Mannen finn ei ny kone. Ho blir forkasta av familien. Kanskje isolerer dei henne, gir henne mat, men elles ingenting. Mange vert sjuke og døyr aleine.
Vegs ende
– De er ikkje lenger ønska her, seier tolken til Sylvi ein dag.
Ute er det mørkt. Det nærmar seg midnatt, og Sylvi er aleine på misjonærbustaden. Det er berre henne og ei uroleg folkemengd eit par kilometer unna. Dei vil angripe, seier tolken. Sylvi ser ein politimann ved porten. No er det alvor.
– Eg vart henta av ein bil og køyrt vekk, skjult under eit pledd, fortel Sylvi.
Ho tenker på Fikado, og eit par andre innlagde.
– Eg fekk gitt beskjed til guvernøren. Forlangte at dei vart tekne hand om.
Ho vert lytta til. Situasjonen roar seg. Sylvi får kome tilbake og behandle Fikado og ta imot heilt akutte tilfelle. Ingen andre får hjelp. Ikkje før ein hund reddar situasjonen.
– Den hadde rabies og gjekk rundt i Beghi og beit folk. Ein av opprørarane kom til klinikken for vaksine. Det var det som skulle til. Vi kunne opne igjen, seier Sylvi.
Men ho står ved målstreken no. Like brått som alt starta. Sylvi skal heim ein tur. Etter eitt år med tøffe tak. Likevel er det gledestårer som renn ned dei støvete kinna når flyet lettar frå eit nyrydda jorde på Beghi flyplass.
– Eg var så takksam. For det var så mykje fint også. Turar på muldyrryggen med tolken. Gode kollegaer. Trass i konfliktane med myndigheitene, fekk eg eit godt forhold til folket i Beghi. Det var vondt å reise frå dei, seier Sylvi.
Kor etiopiarane vil ha henne neste gong, veit ho ikkje.
September 1974
Etter eit kort noregsbesøk er ho tilbake i Addis Abeba. Trass i veksande uro, sender NMS den største flokken dei nokon gong har sendt til Etiopia. Sylvi er nygift*. Den nye rolla gjer at ho skal følgje mannen.
(* Etter misjonærtenesta i NMS gjekk Sylvi gjennom ei skilsmisse. Det som vert formidla her er hennar historie)
– Det betydde å bidra der det var behov. Eg var innstilt på det, seier Sylvi som likevel lurer på om ho nokon gong skal få opne jordmorkofferten igjen? Men aller mest lurer ho på kva revolusjonen vil føre til.
For no er vulkanen i fri flyt.
– Ein laurdagskveld i Addis Abeba får vi motorstopp. Nokre kjem for å hjelpe, trur vi. Men snart forstår vi at dei er ute etter oss, fortel ho.
Dei gøymer seg i bilen til ein redningsbil kjem.
– Idet eg går over til redningsbilen, går dei til angrep. Dei slår meg i hovudet og nedover, fortel Sylvi som heldt om magen for å beskytte hemmelegheita der inne. Ho riv seg laus. Spring for livet. Kjem seg i sikkerheit. Seinare på kvelden byrjar ho å blø. Men Sylvi er si eiga jordmor no. Det gjekk bra denne gongen.
Ein laurdagskveld i oktober høyrer dei skot. Kollegane står tett saman i trappa i misjonærbustaden og forstår ikkje kva som skjer. I ein time står dei slik og lyttar til det som truleg er tungt artilleri.
– Neste dag får vi høyre at skota var retta mot regjeringa. To skandinaviske journalistar var tekne til fange, fortel Sylvi som får beskjed om å pakke. Ho ser enno for seg sekken på golvet. I den ligg eit teppe, ei flaske og Bibelen. Planen er å køyre ut av Addis Abeba til eit flatt område, for så å bli plukka opp av eit fly.
Bodji
Men det blir inga flukt. Sylvi trengs i Bodji, ei dagsreise vestover frå Addis Abeba. Her ser ho til si store glede ein klinikk. Men gleda blir kortvarig.
– Den svenske sjukepleiaren hadde ingen jordmødrer der, men ville ikkje ha hjelp. Diverre var enkelte misjonærar altfor glad i kontroll og makt på ein usunn måte, trur ho.
Men Sylvi får nok av anna arbeid å henge fingrane i. Gjestar. Handling. Brødbaking. Og jordmorkontrollar på seg sjølv. Og på sjølvaste 17. mai blir ho mor for første gong.
– Korleis var den overgangen?
– Stor. Eg uroa meg for tropiske sjukdommar. Og ikkje minst for den politiske uroa, svarer Sylvi.
Redninga blir ei 40 år gammal einsleg kvinne som er blind på eitt auge.
– Ingen ville ha henne på grunn av dette. Men for meg betydde Dessitu alt. Eg gløymer aldri personlegdomen hennar. Trøysta hennar. Måten ho lærte dotter mi handlaget med å ete injera. Eg kunne bli sitjande å sjå på dei i timevis. Nyte den gjensidige gleda mellom dei.
WORRITY: Sylvi og hushjelpa Worrity har handla banan på marknaden i Beghi. Foto: Privat
Heim
Etter fire og eit halvt år med uro, vel NMS å sende misjonærane heim.
– Det var veldig tungt å forlate Dessitu. Samstundes hadde eg ikkje berre meg sjølv å tenke på lenger. Vi måtte komme oss i sikkerheit, seier Sylvi som tek fatt på ei lang reise heim. Gjennom tallause kontrollpostar og endevending av koffertar og kassar. Knuste koppar og draumar. På flyet er ho letta, men ho klarer ikkje sjå Etiopia der nede. Tårene blendar henne.
Sylvi kjem heim før NMS har byrja med organisert oppfølging av heimkomne misjonærar. Alle som verkeleg forstår henne, er i Etiopia eller tidlegare misjonærar som no er spreidd rundt i Noreg.
– Det sveiv rykte om korleis det kan gå med heimkomne misjonærar, seier Sylvi.
– Det kjendest som om eg hadde vore i ein krig, og det hadde eg jo, seier ho og viser til ein middag i hagen til systera like etter heimkomsten.
– Vi grilla ute i det fine veret då vi høyrde fleire skot i nærleiken. Då for eg opp. Både eg og dei andre vart overraska over den sterke reaksjonen. Her var det ting å ta tak i, forstod Sylvi.
For systera var berre nabo til ein skytebane. Men Sylvi er framleis i alarmberedskap og reiser aldri til urolege land.
På ein heilt annan kant er Vietnam-krigen over, men ikkje ringverknadane av den. Det skal Sylvi erfare på nært hald, på ei øy, bak høge gittergjerde.