Gi en gave
Meny
Foto: Privat/Lisbeth Traaholt. Flyktningar frå Kai Tak på veg til leiren The Green Island, der dei skal få to timar saman med sine næraste. Ingen veit om det er siste gong. Dette er eit sterkt minne frå Sylvi Hevrøys misjonærhistorie. Last ned

En misjonærs historie, del 2: Jordmor-kofferten

Sylvi Hevrøy brukte sin eigen bagasje til å forstå vietnamesiske flyktningar i Hong Kong.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I MT 6 i 2021 fortalde vi Sylvi Hevrøys misjonærhistorie. Om du ikkje har lest del 1, oppfordrar vi deg til å lese den først.

Sylvi ser ned på metall-tallerkenen der eit kjøtstykke og litt kål flyt i fett. Den vesle familien deler ein to meter lang sengebotn i tredje etasje av ei køyseng, bak mange lag av piggtråd, låste portar og kontrollpostar. Dei har overlevd havet i ein open båt. Sjukdom, svolt og piratar klarte ikkje stoppe dei. Dei nådde hamna i Hong Kong, og no rullar middagen inn i den store hallen i flyktningleiren The Green Island. Menyen er ikkje så variert som dei er vande med frå Vietnam. Det er heller ikkje mykje, men dei har fått besøk. Så nært skulle dei våga seg å kome, alle dei som irriterer seg, tenker Sylvi. Dei som er skeptiske til migrasjon. Dei skulle teke undergrunnen, sett seg på skøyta ut til den grøne øya, gått gjennom kontrollpostane, forbi piggtråden, klatra opp tre etasjar og delt eit måltid. Smakt og lytta. Og først då kanskje forstått ein brøkdel.

Båtflyktningane

Etter Saigons fall som avslutta Vietnamkrigen i 1979, flykta mange i enkle farkostar frå Vietnam til mellom anna Hong Kong. For i etterkrigstida byrja dei nye kommunistiske makthavarane å forfølge dei som hadde støtta det tidlegare sørvietnamesiske styret. No kunne dei risikere å hamne i såkalla omskoleringsleirar, om dei ikkje rømte landet.

Over ein million vart fengsla. Det utløyste ei humanitær krise og store flyktningstraumar. Reisa var farleg. Storm, sjukdom, svolt og piratar truga, og fleire tusen menneske omkom på havet. Dei som kom i hamn, var ikkje nødvendigvis trygge.

For flyktningleirane, som dei i Hong Kong, vart stadig meir overfylte.

Krigsbagasjen

Men det veit ikkje Sylvi enno, der ho i 1979 står med ein 17 månader gammal gut på armen, og i handa held storesøster som saknar venene i Norge. Det har skjedd litt sidan sist. Her heime er lova om sjølvbestemt abort vedteken. Sylvi tenker på dei brune konvoluttane, gøymd mellom pasientjournalar, under jordmorpraksisen i Bergen. Den ulovlege aborten ho ufrivillig fekk sjå, og den blanke metallbollen med ein levande gut i, som ikkje hadde livets rett.

Ho tenker også på alle ho prøvde å redde på den tronge klinikken i Beghi. Alle barna ho måtte pakke inn i avisa Dagen, i mangel på kister. Kallet kjentest berre sterkare av alt dette. Ho vil redde liv. Kjenner seg ikkje ferdig.

Det var vondt å forlate Worrity og Etiopia, men det var for farleg å bli. Snart skal familien på fire setje seg på eit fly til ein britisk koloni. Sylvi pakkar kofferten og eit tonn av blanda kjensler.

– Det var ikkje anbefala å flytte misjonærar frå Afrika til Austen. Kulturforskjellane var for store. Eg hadde sjølv sett misjonærar komme heim, psykisk knekte av tøffe påkjenningar. Var vi dei neste?

For opplevingane frå Beghi er med på flyttelasset. Skota i Addis har brent seg fast. Ho høyrer dei framleis.

– Det var krigsbagasje, seier ho om den urolege kvardagen i Etiopia, der kollegaer såg lik i gatene i Addis.

Men snart skal Sylvi få merke at bagasjen kan hjelpe henne å forstå frykt. For i Vietnam er krigen over, men ikkje ringverknadane av den.

Marconi Road

Flyet går lågt innover byen. Over skyskraparar, kjøpesenter, cruiseskip, menneskemylder og blokka dei skal bu i. Den nye heimen, sjuande etasje i Marconi Road, er ikkje bygd for vinteren.

Gardinene vaiar i trekken frå vindauga, men dei har vaskemaskin, komfyr, kjøleskap og vask. Det er kanskje viktigare enn moglegheita for å bevege seg rundt, tenker Sylvi, men saknar utekjøkkenet i Etiopia og varmen frå sola og folket. Men då ho ser fiskelandsbyane, fjella bak skyskraparane, det yrande livet og dei fargerike, velluktande marknadane, blir ho bergtatt.

– Språkstudiar, familieliv, gjestar og barnehage tok oss. Det vart ein travel kvardag. Men allereie etter seks veker kunne eg kjøpe grønsaker på kantonesisk, og vi vart inkludert blant dette varme og vennlege folket.

Men den stadige bylarmen, tronge bussar og undergrunnar, tek litt tid å bli van med. Eit kaos samanlikna med dei fire åra i Etiopias landlege strøk.

Mannen på perrongen

Familien er på veg heim med undergrunnen då dei erfarer kor lite som skal til før ein druknar i dette kaoset.

– Vi hadde vore på ferie og sat på undergrunnen med mykje bagasje. Då dørene opna, sa eg til femårige Cathrine at ho kunne gå ut medan eg plukka opp veskene. Men då eg skulle ta steget over terskelen small døra igjen framfor meg. Eg ser framleis for meg det redde ansiktet hennar og tårene som rann før vi forsvann inn i tunellen.

BESØK: Sylvi besøker mor og barn i ei seng som også fungerer som bustad i den lukka leiren Kai Tak i Hong Kong. Foto: Privat

Redsla blir til panikk.

– Ville ho gå på eit tog? Kva stasjon ville ho i så fall gå av på? Vi ville aldri klare å finne henne i mylderet av folk, frykta tobarnsmora.

Det kjennest som ei æve før dei sit på neste tog tilbake til utgangspunktet.

– Og der stod ho, såg Sylvi til si lette.

På nøyaktig same stad, saman med ein vaksen mann. Han har mørk bukse, lys dressjakke og stirrar mot toget som nærmar seg.

– Eg strente mot dei. Slapp dei ikkje av syne. Men då vi nærma oss, var han borte. Det var ikkje mange på perrongen. Han skulle vore lett å få auge på, men eg kunne ikkje sjå han, fortel Sylvi som gjerne skulle takka mannen som heilt enkelt hadde stilt seg ved sida av Cathrine og sagt at ho ikkje måtte vere redd.

For han skulle passe på henne heilt til mamma kom tilbake.

Å miste eit barn

Frykta sat i lenge. Snart skal ho igjen kjenne døra slå igjen. Men på ein heilt annan måte.

– Det var hausten 1981. Eg hadde ikkje brukt sjukepleiaren i meg endå, men no skulle ho kome til nytte overfor mitt eige barn, byrjar Sylvi.

For Cathrine er sjuk. Først trur dei at det er ein av dei mange luftvegsinfeksjonane som har ramma henne. Men så blir ho dårlegare og må leggast inn. Legane seier ordet alle foreldre fryktar: Leukemi.

– Ho har alle symptoma, seier ein spesialist på feltet.

Og Sylvi som hadde gleda seg til å fortelje Cathrine at ho snart skal bli storesøster igjen. Vil ho få oppleve det?

– Sjølv om legane aldri vart heilt sikre på diagnosen, slo dei fast at ein virusinfeksjon ikkje gir så alvorlege symptom. Ein bønnering vart engasjert. Eg kjende korleis fellesskapet bar oss i bøn. Og ein dag kunne legen fortelje oss det han aldri hadde trudd kunne skje. Ho kom til å bli frisk.

Og ganske riktig. Utover våren frisknar ho til. Snart er ho storesøster til to.

På flukt

Dei er ute i andre periode då Sylvi får spørsmål om å engasjere seg i NMS’ arbeid blant dei mange flyktningane i Hong Kong. Barna er større. Det er meir tid til teneste. Snart skal Sylvi besøke den store flyktningleiren i Kowloon.

– Her møtte eg folk som hadde overlevd farefulle reiser i opne båtar på havet. Mange hadde mista nokon på vegen, fortel Sylvi om dei vonde historiene ho fekk servert i dei små skura.

Her hadde NMS ein barnehage som Sylvi besøkte når nokon trong helsehjelp.

– Korleis klarte dei å leve slik, år etter år, med denne usikkerheita for framtida, undra Sylvi.

– Eg kjende igjen frykta frå Etiopia, men eg hadde Noreg i bakhand. Eit fritt land. Desse hadde ikkje det.

Det kjem hundrevis av flyktningar kvar dag på det meste. Snart er leirane så fulle at myndigheitene tek grep.

– Dei byrja med lukka leirar. Vanskeleg å komme inn. Vanskeleg å komme ut. Dei fekk ikkje gå på jobb. Ikkje ein gong gå på butikken. Det skulle gjere byen mindre attraktiv

Bak stengde dører

Sylvis oppgåve blir å undervise kvinner og barn i ein lukka leir.

– Her kunne det vere tusenvis av menneske. Og midt i leiren, endå eit avstengt område for dei som hadde fått tildelt eit nytt land.

Ein dag ser ho eit norsk flagg i den øvste køya.

– Dei feira at dei skulle til Noreg. Statsminister Gro Harlem Brundtland hadde grått seg gjennom leiren, noko som resulterte i ei kvote på 48 personar til Noreg, seier Sylvi som kvar dag fekk sjå kor lite det var i den store samanhengen.

Og bak stengde dører, blant haugar av søppel dei ikkje veit kor dei skal gjere av, prøver Sylvi å rydde. Rydde i forventningane kring det nye landet. Førebu dei på både flyreiser og setebelte, og alt det som ventar når dei kjem fram.

Laahn

Ei av dei er Laahn. Den skarpe tenåringsjenta, med det det gode språkøyret, er tolk når Sylvi underviser i barnestell, graviditet og fødsel. Snart skal Laahn til Noreg. Ho skal studere medisin, seier ho. Sylvi er ikkje i tvil om at jenta har hjerne til det. For ho er skarp. Samtidig veit ho at den tunge bagasjen ikkje kan bli igjen her.

– Ho var ei av dei som hadde kome i open båt, gjennom ein tyfon, og måtte drikke urin for å overleve.

Sylvi blir stille litt. Må ta litt sats for å fortelje resten.

– Så kom ho seg til slutt til Bergen, full av draumar og håp. Men det som møtte henne der, var fortida. Den kunne ho ikkje rømme frå. Ho fekk store psykiske vanskar. Studiane vart det aldri noko av.


Det var stor gjensynsglede då familiemedlemmar frå andre leirar fekk besøke sine næraste i flyktningleiren The Green Island utanfor Hong Kong. Foto: Sylvi Hevrøy


Eit allereie overbefolka Hong Kong tek i bruk øya The Green Island for å få plass til alle flyktningane. Store leirar settast opp. Det er opp mot 12 000 menneske i ein.

«Ein flyktning har det best så lenge ein er undervegs», har ho høyrt.

– Og kanskje er det noko sant i det. Så lenge ein lever i forventninga, klarar ein å mobilisere. Så kjem ein til målet, der krava ventar. Omverda forstår deg ikkje. Smerta kan vere vanskeleg å setje ord på.

Den grøne øya

Eit allereie overbefolka Hong Kong tek i bruk øya The Green Island for å få plass til alle flyktningane. Store leirar settast opp. Det er opp mot 12 000 menneske i ein.

– Bak høge gjerder, fleire lag piggtråd og kontrollpostar var det store hallar, der tre etasjes køysenger stod tett. Nokre skjerma med eit laken for å få litt privatliv, skildrar Sylvi som ein gong fekk servert middag av ein liten familie i øvste etasje.

– På Green Island skulle det berre vere vietnamesarar. Om far hadde kinesisk opphav, fekk han ikkje bu her. Familiar vart splitta. Det var hjarteskjerande å møte ein fireåring utan mor, fortel Sylvi om jenta som klynga seg til henne kvar dag. Ho nekta å sleppe Sylvi, ei av dei få som slapp inn bak gitteret. Jenta stod klar med ei opa hand gjennom nettingen då Sylvi kom for dagen.

– Ein dag skulle ei gruppe flyktningar frå Kai Tak få besøke familiemedlemmane sine på øya, minnest Sylvi.

Ho sit på ei skøyte som skal ta dei til den grøne øya. Sidemannen er ung, og har med seg ein pose full av barnekle. Han skal treffe kona og barnet som han aldri har møtt før. Men det er første gong han tek båt etter flukta. No fell han saman, svimmel og bleik. Sylvi set seg ned ved sida av han. Prøver å få tankane hans over på noko anna. Snart skal han halde rundt kona og treffe barnet sitt. Men berre for to timar. Er det siste gong?

– Det visste ingen. Alt var så usikkert, seier Sylvi.

Det er ikkje lov å ta bilde av hendinga, men Sylvi har gøymd eit kamera under boblejakka. Noko seier henne at ho skal forevige gjensynet. Så ho trekk seg tilbake, som ei floge på veggen, og ser ein far strekke seg mot kona og barnet. Tårene renn.

– Mannen i båten ende opp i Noreg, fortel Sylvi.

– Men i frykt for å ikkje få opphald, fortel han ikkje om kona og barnet på øya i Hong Kong. Så då han seinare ber om familiegjenforeining, blir han ikkje trudd. Har han bevis på at han har kone og barn? Nei. Ikkje før Sylvi sender eit bilete til Utanriksdepartementet. Eit blinkskot som gjer at familien til slutt blir gjenforeina i Noreg.

På godt og vondt

– Opplevingane i Hong Kong gjer at eg ofte går i forsvarsposisjon om nokon er skeptiske til migrasjon, fortel Sylvi.

Møtet med dei vietnamesiske flyktningane har endra henne. Det er ei anna Sylvi som reiser heim i 1991.

– For meg var det viktig å fortelje kva eit misjonærliv kan by på, på godt og vondt. Tida i Etiopia og Hong Kong har forma meg og skapt ei verdifull historie, seier ho og legg til eit ordtak ho prøver å leve etter i dag.

«Det er ein kunst å leve med utfordringar. Ikkje dyrke dei. Ikkje fornekte dei, men å arbeida vidare med dei».


UNDERVISNING: Sylvi Hevrøy underviser ungdommar i ein lukka leir på The Green Island like utanfor Hong Kong. Foto: Privat

VIL DU LESE FLERE SAKER SOM DETTE? BLI ABONNENT PÅ MT – HELT GRATIS

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp