Gi en gave
Meny
Last ned

Høg stemning på ein strålande dag!

Søndag 7.april toga barn med misjonsflagg inn i Ulstein Kyrkje. Den årlege misjonsfamiliegudstenesta gjekk av stabelen med mykje glede og song.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post


Prosesjon med misjonsflagg i Ulstein kyrkje

Trygve Danbolt Øygard heldt ei begeistra preike og informerte om kyrkja sitt misjonsprosjekt i Midtausten. Barnekoret Korklubben song jublande om Guds kjærleik og deltok ivrig i dei ulike liturgiske ledda. Som ein del av bønevandringa teikna presten ein kross i handa med dåpsvatn til dei som ville, ein kunne tenne eit lys, skrive bønelappar og ikkje minst få ein kjærleik på pinne med henvisning til “Smak og kjenn at Herren er god.

I samarbeid med Søndagskulen arrangerte NMS misjonstivoli med tombola til inntekt for misjonsprosjektet.


Populært både for store og små å lakke negler

Her kunne ein få lakka glitrande negler, kaste på på blink, spikre i fjøler, ta handbak med ein ekte politimann og mykje meir.

Høg stemning på ein strålande dag. Kyrkjekaffi og kaker gjekk ned på høgkant før alle gjekk glade heim med små og store gevinstar i hendene.


Både store og små fekk lakke neglane sine av Bente Anita.


Handbak med ein ekte politimann. Foto: Bente Anita Pilskog


Mange aktivitetar å velge i. Foto: Bente Anita Pilskog


Handbak med ein ekte politimann. Foto: Bente Anita Pilskog

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp