Gi en gave
Meny
Last ned

Som ung ville Anne ut på eventyr og «redde verda.» No er målet å gjere seg overflødig.

Eit knallgrønt hus under ei motorvegbru, omringa av grå asfalt, gittergjerder og støv, har blitt ei redning for naboane i Klong Toey, eitt av dei fattigaste strøka i Bangkok.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Barnehagen og fritidsklubben her har halde barn unna lim og leia mange til vidare utdanning. I 23 år har Anne Storstein Haug fått vere med på dei viktigaste åra i eit barns liv, i eit land utan barnevern, der «mine minste» alltid trekk det kortaste strået.

Her kan du støtta arbeidet til NMS i Thailand!

Anne har berre følgt draumen og eventyrlysta. At det kunne brukast i misjon, var for godt til å vere sant.

Ho verkar like nyfiken, impulsiv og uredd som barna ho møter på jobb. Like fargerik som kleda ho alltid kjøper brukt. Ho har ein liten dyrehage heime, elskar kunst og musikk og skårar høgt på synleg entusiasme. Det boblar når ho snakkar om Bangkok, heimen gjennom 23 år. Ein treng knapt stille spørsmål. Kor kjem denne brannen frå? Eit nedarva omsorgsgen frå faren som var prest, kanskje. Reiselyst og ei ubestemmeleg dialekt etter ein barndom med mykje flytting. Perspektiv og sjølvstende etter ei tid aleine på eit reumatismesjukehus, langt vekke frå familien. Men det som skal prege livet hennar for alltid, er ein Bangkok–tur. Ho fell pladask og blir liggande, skriv eit brev til NMS for å spørje om dei kan bruke henne, sjølv om ho absolutt ikkje er «den seriøse misjonær–typen.»

Ein barndom på hjul 
Som 11-åring får Anne ein reumatisk sjukdom som tvinger henne til å slutte med alt ho elskar.
– Eg måtte legge fotballen på hylla. I fleire år budde eg på eit reumatismesjukehus i Oslo i fire veker om gongen. Mamma følgde meg, men måtte snart heim for å ta seg av søskena mine, byrjar Anne.
Ho er mykje aleine, men ei tante og ein onkel i byen kjem henne til unnsetning. Dei auser på med omsorg og tek henne med på kjekke ting.
– På sjukehuset møtte eg mange som hadde det langt verre enn meg sjølv. Det opna horisonten min. Kanskje påverka det draumen om å hjelpe barn som har det vanskeleg, undrast Anne.
Ho skildrar oppveksten som trygg og god. Den var flyktig, og det å vere prestedotter var ikkje alltid like kult, men barndomsheimen var open og det lukta ofte nysteikt brød.
Dei siste 23 åra har ho sett kva det motsette kan føre til. Ho tenker på dei som ikkje ende opp som solskinshistorier i MT. Dei som vaks opp med rus og mishandling og som sjølve bukka under for det same, for så å gi det vidare til neste generasjon. Det finst ikkje vanskelege barn. Berre barn som har det vanskeleg.
– Likevel kan tida i det grøne huset, Lovsangshjemmet, i barnehagen og fritidsklubben der, påverke dei positivt også seinare i livet. Her vart dei møtt med omsorg og kjærleik i formative år, seier Anne.
Som førskulelærar veit ho kor viktige dei tre første åra i eit liv er. Ho har ikkje tal på kor mange ho har mata, leia, trøysta og hatt på fanget i løpet av dei 23 åra i Thailand. Enkelte har ho kontakt med, dei fleste veit ho ikkje noko om. Kanskje tenker dei på den knallgrøne barnehagen når livet er tøft? Kanskje hugsar dei at den kjærleiken dei møtte der, den finst og bankar stadig på.

Fall og kall 
Anne utdannar seg til førskulelærar, men når ho får jobb i ein privat barnehage i Haugesund full av ressurssterke familiar, kjenner ho på ei rastløyse.
– Eg treivst godt, men kjende likevel at det ikkje var der eg skulle vere , fortel Anne om barnehagen som i dag støttar Lovsangshjemmet i Bangkok.
Søstera Kari er NMS–misjonær i Thailand på denne tida. Anne som knapt har vore i utlandet før, bestemmer seg for å besøke henne, men er ikkje budd på det som no skjer.
– Eg fall pladask for Thailand, ler Anne og klarer ikkje heilt skildre kvifor.
– Det var noko med stemninga, livsstilen og folka. Det var så fritt, ikkje noko A4–liv. Eg berre elska alt ved dette.
I bagasjen ligg draumen ho har hatt så lenge ho kan huske. Draumen om å gi barn ei betre framtid.
– Eg hadde aldri tenkt at eg kunne bli misjonær, innrømmer 54–åringen som likevel har bore den tittelen i 23 år og ikkje er ferdig enno.
– Misjonær forbant eg med slangeskinn, plansjar og lysbilete, ler ho.
Men i Thailand ser ho at det er meir enn som så. Anne skriv ein open og ærleg søknad til NMS. «Eg er ingen typisk seriøs misjonær, men ein førskulelærar som vil jobbe med barn som har det vanskeleg og som har blitt forelska i Thailand.»
Eventyrlysta er nesten forstyrrande. For det kan vel umogleg vere så «lett» å bli misjonær? Skal det ikkje koste?
– Men dåverande generalsekretær, Kjetil Aano, forsikra meg om at det også kan vere Gud som legg eventyrlyst ned i oss. Då fekk eg ro, men også ein ny jobb.

Frå BBC til Bangkok 
Eventyret startar med engelskstudiar i naturskjønne Whitby, der «Med hjarte på rette staden» er spela inn.
– For eit privilegium å få lønn for å studere i ein så vakker by. Eg har vore utruleg heldig, seier Anne entusiastisk.
Ho forelskar seg i Whitby, i musikkmiljøet, naturen og misjonærdraumen ho er på veg til. Og då BBC kjem på besøk for å intervjue studentane om byen, er det ja–mennesket Anne som blir intervjuobjekt for det britiske kringkastingsselskapet.
– Så ein stad i BBC–arkivet finn du altså meg, «ein singel 30–åring som hadde ofra alt for å jobbe i slummen i Thailand», seier Anne og ler av den tabloide vinklinga. Ho kjenner seg tvert om som verdas heldigaste.

Bangkok 
Då Anne landar i år 2000 er Bangkok like fantastisk som ho hugsar det. Likevel tek det tid før ho finn sin plass i eit misjonærmiljø der dei fleste har familie.
– Eg kjende behov for å finne folk som hadde dei same interessene som meg, så eg blei med i ein bokklubb, vart kjend med eit thailandsk kunstmiljø og gjekk på konsertar. Eg fekk vener og eit fantastisk liv på fritida.
Innimellom thai–studiane tenker ho mykje på kva tida etterpå vil bringe. Kva type misjonær skal ho bli? Blir det slangeskinn eller kan ho vere seg sjølv?
– Allereie før eg var ferdig med språkskulen, spurde misjonær og prest Dag Johannessen om eg ville vere med og starte ein barnehage i eit fattig distrikt med store sosiale utfordringar.
Anne kjenner freden senke seg. Hjartet er på rette staden.

Heime best 
Først var det ein politistasjon, så ein billeg buplass for rusavhengige. I 1998 kjøper Den evangelisk-lutherske kyrkje (ELCT) det slitte huset og set i gong ein kjempedugnad. Dei malar det knallgrønt. Lovsangshjemmet skil seg ut blant alt det grå – asfalten, blikktaka, støvet, jernbanelinja bak nettinggjerda og godstoga som rasar forbi i taktfast rytme. Det høyrest kanskje trist ut, men også her er heime best. Husa er små, men praktiske, mange reine og inviterande. Dei har sjarm og sjel. Det flyt ikkje med søppel, for ein tek vare på heimplassen og ville ikkje budd nokon annan stad. Men bak husets fire veggar skjuler det seg ofte rus, vald, narkotikahandel og låge inntekter som drikkast opp for å gløyme. Midt i alt dette malar dei fram ein grøn oase som snart skal romme små stolar, bord, fargerike teikningar og barnelatter.
– Vi forventa storinnrykk, hugsar Anne.
Dei har kartlagt behova i nabolaget før dei sette i gong.
– Ein stad for barna på dagtid var det dei fleste drøymde om. Kanskje kunne ein barnehage redde dei frå å gå same veg som foreldra? Kanskje kunne dei sleppe dei lange arbeidsdagane og den låge løna?
I 2002 kan Lovsangshjemmet endeleg opne dørene for første gong.
– Men det var berre tre barn som kom. Etter nokre dagar kom det fem, men så stoppa det der, seier Anne.
Kollegane klør seg i hovudet.
– Dei kjende oss ikkje. Skepsisen var forståeleg. Skulle vi tvangskristne barna? Melde ulovleg verksemd til politiet? Kunne dei stole på at det mest dyrebare dei hadde var i trygge hender?
Anne byrjar å gå via nabolaget til og frå jobb. Dei må bli vande med å sjå henne. Erfare at ho er til å stole på. Etter kvart endrar dei skeptiske blikka seg. Barnehagen fyller seg opp, og snart blir det ventelister.
– Før det grøne huset kom, var det nesten ingen som hadde høyrt om Jesus. No fekk dei oppleve evangeliet i praksis.

Green 
Ein dag er det ingen som hentar «Green» etter barnehagen. Den eine etter den andre forsvinn ut dørene, og snart skal dei stenge. Då Anne går ut for å sjå, ser ho politiet arrestere bestemora som er teken på fersken i å sniffe lim. Dei bryr seg ikkje om Annes argument om at ho har eit barn å hente.
– Green er ei av dei som var hos oss i mange år, heilt frå ho var baby. Etter barnehagen fortsette ho i fritidsklubben. Vi strekte oss langt og ga henne det vi makta så lenge ho var der. Så gjekk ho vidare. Vi veit ikkje alltid korleis det går med dei vidare, seier Anne med eit sukk.
Men ein dag dukkar det opp ei melding på Facebook.
«Hei! Det er Green. Hugsar du meg?»
Klart ho hugsar Green.
«Framleis kjenner eg på omsorga og kjærleiken eg fekk på Lovsangshjemmet,» skriv Green og seier det går bra med henne. Ho bur hos mora og går på vidaregåande. Anne må tørke tårene for å klare å lese vidare.

Løvetannbarn 
Det er på Lovsangshjemmet den kjende forteljinga om Ton kjem inn. «Guten frå slummen» som lærer å spele fiolin av misjonær Solveig Johannessen. Han kunne valt ein karriere som fiolinist, men flyttar i staden heim til Klong Toey etter musikkstudiane. Han vil gi vidare det han sjølv har lært gjennom musikkskulen på Lovsangshjemmet, der han no jobbar. Historia kan du lese i MT 4/2018.
– I dette nabolaget er det ikkje mange som tek utdanning, seier Anne.
– Mange hamnar i lågt lønna yrke eller bukkar under for alkohol og narkotika. Mange foreldre uroar seg for dette.
«Po» gjekk litt motvillig på fritidsklubben i mange år. I dag er han takksam for at faren tvinga han.
– Her lærte han engelsk og vart skikkeleg god. Han tok utdanning og jobbar i dag på eit universitet i byen, fortel Anne.
Og faren, ein smilande yrkessjåfør som alltid parkerer lastebilen sin like ved Lovsangshjemmet, roper stadig ut takksemda si i forbifarten.

Motstraums barnehage 
Det kjennest lenge sidan ho sat på golvet saman med dei ferske barnehageassistentane for å lære dei om viktigheita av leiken. Framfor dei ligg ein haug med duplo. Kva kan eit barn lære gjennom dette, spør Anne, men møter berre tystnad. Å lære gjennom leik er gresk for dei.
– Lovsangshjemmet vart ein barnehage mot straumen, seier Anne.
– Omsorg, kjærleik og tryggleik er byggesteinane. I eit samfunn der barn er lågt nede på rangstigen er ikkje dette sjølvsagt. Andre barnehagar var strenge, det var lite leik og barn blei slått, fortel Anne som ikkje kan gi frå seg stafettpinnen før ho finn ein arvtakar som deler Lovsangshjemmet sine verdiar. Det gjer Ms Nittaya som tek over roret etter Anne. No ventar fleire år som rådgjevar i diakoniavdelinga i ELCT.

Fot i begge leirar 
– Thailand er eitt av dei landa der det er størst forskjell på fattig og rik, seier Anne som ser kontrastane kvar morgon på veg til jobb. Tuktuk–en tek henne med seg gjennom eit kulturstudium i seg sjølv. Det startar i middelklassestrøket ho bur i, via rikmannsbustadane og bassenga deira, forbi ruvande skyskraparar og heilt til Klong Toey. Kontrastane er store.
– I byrjinga klarte eg ikkje å seie nei til alle dei hjarteskjærande historiene og behova eg møtte på min veg, innrømmer ho.
I dag er det annleis. Ho har lært seg den profesjonelle distansen utan å miste seg sjølv. Det er ein hårfin balanse.
– Eg har alltid budd eit stykke frå jobb. Der har eg min eigen vesle oase. Eg har hobbyar og vener, seier Anne.
– Og ikkje minst dyr, legg ho til.
For Anne elskar dyr og har alltid hatt huset fullt. Både katt, undulat, slange, skjelpadde, hamster, hund, høner, ender, piggsvin og øgler har vore innom, om ikkje alltid samstundes.
– No har eg «berre» to undulatar, tre hundar, ein katt og ei øgle, men det var berre to hundar som kunne bli med oss til Noreg, smiler ho.
Trass i dyrehagen heime, skrur Anne aldri jobben heilt av.
– Telefonen er alltid på. Eg likar å vere tilgjengeleg. Om folk ikkje kan nå meg, blir det ein distanse til folka rundt meg. Det trivast eg ikkje med.
Anne har to gutar saman med ein mann ho ikkje er gift med lenger. Barna har fram til no gått på ein britisk skule, der gutane har hatt det trygt og godt.
– Eg har både fattigdom og fråtsing tett innpå livet. I den eine leiren er privatfly og yacht kvardagskost.

60 000 barn 
I ei heilt anna gate, der det yrer av liv, fargar og matlukt, kan du kjøpe steikte insekt, men også andre ting. Det er berre å velje frå menyane bortover. På avstand minner dei kanskje om eit vanleg middagskart, men ved nærare augesyn ser du at det er oversikta over kva du kan gjere med ei jente og kva det kostar.
– Eg har sett det så mange gonger at det ikkje sjokkerer meg lenger, seier Anne.
Det betyr ikkje at det ikkje engasjerer henne. Bangkoks skuggesider er med i bakhovudet då ho besøker vakre Nan i nord. Her møter ho den etniske gruppa Lua, eit fattig folk som ofte blir sett ned på. Det kjennest meiningsfylt å formidle den enkle bodskapen om at alle er like verdifulle i Guds rike. Her blir det så radikalt.
– Dei siste åra har turismen eksplodert i det vakre fjellandskapet. Gjestehus kjem opp i rekordfart, fortel Anne.
Dei ser glamorøse ut, men bak fasaden er det ei anna historie.
– Ungdom sluttar på skulen for å jobbe på gjestehus. Vegen derifrå til prostitusjon er svært kort.

Sterke og trygge familiar
Det er her Anne møter «Nam», ei vakker jente som drøymer om å reise ut for å studere. Men utdanning gir ikkje mat på bordet, seier mora som allereie har skaffa henne jobb ved bensinpumpene i Bangkok.
– Men den låge løna der fører ofte til at jenter blir rekruttert til prostitusjon, har Anne sett så altfor mange gonger. Ho er redd jenta blir ein del av menykartet på veggane i Bangkok.
− Eg ba dåverande diakonileiar om å snakke med presten i landsbyen der Nam budde. Kanskje han kunne åtvare foreldra? Men presten ville ikkje blande seg i det han meinte var familien si private sak, seier Anne og fortel av Nam diverre vart ein av dei 60 000 unge som jobbar i sex-industrien i Thailand. Korleis kunne dei hindre dette i å skje gong på gong?
− Slik kom ideen om prosjektet «Sterke og trygge familiar». Saman med tidlegare diakonileiar, Anuttaraphat, norske og finske misjonærar, planla vi prosjektet og søkte om midlar frå NMS og FELM (Finnish Evangelical Lutheran Mission).
Prosjektet vaks fram og er i dag ein del av alle prosjekta i ELCT si diakoniavdeling.
– Tilsette og volontørar vert opplærte i å formidle kunnskap der dei bur og jobbar, å identifisere familiar som er i faresona og våga å blande seg. Vi har seminar om førebygging av menneskehandel og barn sine rettar. Sterke og trygge familiar skaper sterke og trygge samfunn og kyrkjer.

«Pla» og «Hoom» 
Anne kjem aldri til å gløyme «Pla». Ho veks opp på landsbygda med mor og tre yngre søsken. Faren dør når Pla er fire år. Ho giftar seg tidleg og vert gravid med ein mann som viser seg å vere valdeleg. Til slutt blir det så ille at ho må forlate både han og barnet. Så vert mor hennar alvorleg sjuk. Pla låner pengar for å hjelpe familien. Ho får stor gjeld, men blir lova gull og grøne skogar gjennom eit jobbtilbod i ein bar. Bak disken blir ho lurt inn i prostitusjon og snart vert ho gravid.
– Heldigvis kom ho til Nådehjemmet for å få hjelp, seier Anne som har vore engasjert i senteret for komande mødrer i vanskelege livssituasjonar. Ved Nådehjemmet får dei vegleiing, arbeidstrening og hjelp til vegen vidare.
− Pla bestemte seg for å behalde barnet. Etter ei tid hos oss sette vi henne i kontakt med eit senter der ho kunne bu vidare med barnet sitt. Her tok ho utdanning og fekk jobb. Dessutan har ho teke imot Jesus, fortel Anne.
Ho gløymer heller aldri «Hoom», jenta frå Myanmar som er aleine med barn i magen. Ho er buddhist, men kjenner at det er noko med atmosfæren på Nådehjemmet. På den første gudstenesta legg ho merke til korset på veggen. Ho festar augo på det og tenker «viss du er her, Gud, så ver så snill og hjelp meg.»
– Ho snakka mykje med dei tilsette om den kristne trua, hugsar Anne.
– Ho leste Bibelen og kjende fred i lovsongen. Hoom tok imot Jesus og døypte seg saman med dottera si.

Ringverknader 
For ei tid skal steikte insekt, reker og ris byttas ut med «sild og poteter» i Haugesund, ikkje langt frå Anne sine foreldre. Den eldste sonen ville ta yrkesfag, noko som vart vanskeleg i Thailand. Etter ein to timar lang samtale om favorittbyen, kjenner Anne på saknet og kor mykje dette betyr for henne. Men ho veit ho skal tilbake. I første omgang eit par gonger årleg som rådgjevar i diakoni, så kanskje for godt. Huset står der enno, som ei «hytte i Thailand».
– Eg kjenner meg heldig som har fått følgje draumen i NMS. Ein organisasjon som heile tida jobbar for å gjere seg overflødig. Eg har fått leve ut eventyrlysta og brukt mine gåver, seier ho.
Like før heimreisa er Anne på gudsteneste i Immanuel kyrkje som ligg i nærleiken av det knallgrøne huset. Her møter ho den tidlegare kollegaen Kru On. Det er lenge sidan dei har sett kvarandre, men Anne hugsar godt denne assistenten som sat som eit spørsmålsteikn framfor duploen på golvet og lurte på kva eit barn kan lære av ein kloss? No har On tårer i augo. Ho fortel kor viktige dei 15 åra på Lovsangshjemmet var for henne då mannen var trulaus og ho vart aleine med tre barn. I 23 år har Anne tenkt at det var barna ho var der for. Ringverknadane har vore større enn ho visste om. On sine barn er no vaksne og sjølvstendige. Dei har det godt, seier ho. Så peiker On bort på Namkang som har vore vaskehjelp på Lovsangshjemmet heilt sidan starten i 2002. Namkang har hatt eit vanskeleg liv, kan On fortelje. Men dette arbeidet har betydd alt for henne. Meir enn Anne kan førestille seg. Difor er det med eit smil Anne set seg på tuktuk-en for siste gong på ei god stund.

Her kan du støtta arbeidet til NMS i Thailand!  

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp