Gi en gave
Meny
Foto: Siv Herikstad Undheim Last ned

Håp for framtida

– Eg ønsker å bidra til meir gjenbruk. Og eg har eit håp om at vi kan ta betre vare på jordkloden vår og det vi har i klesskapet.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Therese Daniela Lindø begynte å sy som hobby. Håp Redesign såg dagens lys i 2019. Det har utvikla seg til eit enkeltpersonføretak med store og små oppdrag. Vegen fram dit har ikkje vore enkel.

– Eg valde namnet Håp Redesign på grunn av at eg trong eit håp om ein betre kvardag, fortel Therese.

– Det viste seg å vere eit fint namn som har fleire betydningar. Håp for jordkloden. Håp for den oppveksande slekt og framtidige generasjonar. Håp for framtida. Og håp om ein betre kvardag.

Therese jobba som yrkesfaglærar i helse- og oppvekstfag på vidaregåande skule og treivst veldig godt. Ho såg føre seg at ho skulle halde fram med det til ho blei pensjonist. Ho er utdanna barnevernspedagog, har kompetanse som barnehagelærar, i tillegg til at ho har teke praktisk pedagogisk utdanning.

 

Vendepunktet

Så ein dag i oktober 2016 endra alt seg. Ho vakna om morgonen med kraftig hovudverk. Det ville ikkje gje seg, uansett kva ho gjorde. Etter fleire månader gjekk ho til fastlegen sin, som sende henne vidare til utredning. Ho fekk diagnosane kronisk migrene og kronisk hovudverk.

– Eg orka ingenting. Eg låg berre i eit mørkt rom. Det var ei tung tid, fortel ho. Det ende med langvarig sjukemelding og til slutt blei ho ufør. Det var eit vondt slag.

Etter kvart blei Therese med på eit smertemeistringskurs på sjukehuset i Stavanger. Her blei ho oppmuntra til å gjere noko ho likte, å finne seg ein hobby ho kunne halde på med. Noko som kunne gje glede og meistring i kvardagen.

– Det blei eit vendepunkt. Eg har alltid likt gamle klede. Som jente gjekk eg i klesskapet til mormor. Og eg hadde sydd litt frå før, fortel ho. Og dermed var ho i gang.

 

«Eg har alltid likt gamle klede. Som jente gjekk eg i klesskapet til mormor»

 

Therese Håp Redesign på syrommet sitt

 

Samarbeid med NMS Gjenbruk

I starten sat Therese heime med syarbeidet. I 2019 oppretta ho ein Instagramkonto og la ut bilete av det ho laga. Instagramkontoen var eigentleg tenkt som ei dagbok der ho kunne inspirere andre og vise litt av kva ho klarte. – Eg hadde vore heime i to år. Ein blir jo veldig nedtrykt av å leve slik som eg hadde gjort desse åra, og eg hadde blitt folkesky. Med instagramkontoen klarte eg å bevege meg ut i samfunnet igjen, seier Therese.

Gradvis fekk ho fleire følgjarar og fleire oppdrag. I februar 2021 tok ho kontakt med NMS Gjenbruk og spurte om eit samarbeid. Det er vi i NMS Gjenbruk glade for. Sidan har ho lagt ut ein post i veka på Håp Redesign og NMS Gjenbruk sine sider på Facebook og Instagram, med bilete av det ho har laga etter å ha funne noko i ein av våre butikkar.

No er avtala endra litt. Therese skal lage eit produkt i månaden og ha redesign-veker. Ho skal vise meir av prosessen for korleis ho kjem fram til produktet ho lagar. Ho kan dermed fordjupe seg meir i kvar enkelt produkt, og dei som følger henne kan sjå steg for steg korleis ho går fram. I tillegg skal ho ta bilete eller film i den butikken ho finn klede og tekstilar i, slik at butikken også får god reklame.

Når ho skal ut i ein butikk, tek ho kontakt i forkant. Ofte tek butikkleiar ein liten runde med henne og viser kva dei har i butikken. Det ligg inne i avtalen med NMS Gjenbruk at Therese ikkje skal betale for varene ho finn.

Håp Redesign sine postar kan alle butikkar dele på sine sider. Det er veldig fin reklame for NMS Gjenbruk.

 

Veske sydd av gammel skinnjakke. Hals og hårbånd sydd av gammel jakke. Gresskar sydd av gammelt gardin.

 

Redesign stort i sosiale media

For det er stor interesse for redesign og sying av klede i sosiale media. Therese ønsker å få NMS Gjenbruk meir synlege i dette landskapet. På denne måten kan fleire bli kjent med NMS Gjenbruk og få auga opp for våre butikkar. Det fører til fleire kundar hos oss. Her er det eit stort potensiale, meiner Therese.

Therese held også kurs og foredrag, og ho sel plagga ho lagar. Ho merkar at mange ønsker unike og særeigne produkt. – Sjølv er eg veldig glad i fargar og broderi, det lyser opp i kvardagen, smiler ho.

– Eg håpar eg kan inspirere og motivere folk der ute til gjenbruk og redesign. Og at særleg unge kan sjå at det går an å lage fine og unike klede av noko ein har frå før, eller av noko ein kjøper brukt. Sjølv kjøper ho nesten berre brukte klede, eller så syr ho det ho treng.

– I tillegg er målet å bidra til mindre kjøpepress blant unge, og at vi kan bruke kleda våre lengre og ta meir vare på det vi har, seier Therese.

Vi kjøper nemleg mykje klede i Noreg. Forbrukarinstituttet SIFO har rekna ut at kvar nordmann i gjennomsnitt har 359 plagg i klesskapet sitt. Rundt åtte prosent av desse blir aldri brukte.

 

Meiningsfylt arbeid

Det går framleis ikkje ein dag utan at Therese har hovudverk. Men no kan ho styre dagane sjølv, og kan ta seg ein kvil om det trengst.

I eitt år har ho hatt systudio i sentrum av Stavanger, i lokale der kreative fagfolk i ulike bransjar kan leie kontor. Her får Therese ta del i eit fellesskap og har kollegaer igjen.

– Eg har funne ei ny meining i kvardagen. Det er viktig å ha ei tilhøyrsle og oppleve at ein gjer noko meiningsfylt. Det treng vi alle saman å kjenne på. Det gir oss glede og håp for framtida.

–  Å bli ufør er ikkje noko ein ønsker. Det har teke tid å akseptere det. Eg ber på ei sorg over det eg har mista, og at eg ikkje klarer ting som eg klarte før. Derfor har Håp Redesign blitt så viktig, på mange område, seier Therese.

 

Les mer om NMS Gjenbruk


Nyheter

Endeleg vart det gjenbruksfest på Kjeldsund!

Mandag 26. februar var over 90 frivillege frå Gjenbruksbutikkane i Ålesund, Volda, Ulsteinvik, Myrvåg og Nordfjordeid samla til gjenbruksfest på Kjeldsund.
Les mer

Stor stas på NMS Gjenbruk Tau denne uken

Onsdag kveld denne uken ble Rogaland Fylkeskommunes miljøpris for 2023 overlevert med diplom og blomster ved NMS Gjenbruk Tau.
Les mer

Miljøpris til NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk er tildelt Rogaland fylkeskommunes miljøpris for 2023. Daglig leder Siri Lindtveit er overrasket og glad.
Les mer

NMS Gjenbruk feirer 25 år

Norges største gjenbrukskjede har vokst jevnt og trutt, og består nå av hele 52 gjenbruksbutikker og ett lysestøperi.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp