Gi en gave
Meny
Last ned

Gjenbruksbutikken på Skei – ein koseleg arbeidsplass

Er det noko som har vorte aktuelt i dei siste åra, så er det gjenbruk og reduksjon av forbruk, for å spara miljøet og kloden. Det er noko vi alle kan vera med på.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Gjenbruksbutikkane rundt om i landet har vorte svært populære, slik også gjenbruksbutikken på Skei som snart er tjue år gammel. Mange av desse butikkane gir store intekter til organisasjonane som står bak, og det er fint å vita at det vi ikkje har bruk for, kan koma til nytte for andre, og enda det er billeg, så gir det pengar til organisasjonar som driv hjelpearbeid, utviklingsarbeid etc.

I og med at omlag 10 dedikerte menneske arbeider gratis, så er driftsutgiftene minimale og det meste går til menneske som treng hjelp.

Vi var innom og var imponerte over det store utvalet av nyttige og vakre koppar og kar, lamper, antikke ting, fine bøker som ikkje lenger er å få i bokhandel og forlag etc. Det er også eit lager av diverse møblar. Butikken sel og mange slags heilfarga lys som er støypte av innsamla lysestumpar i NMS’ eige lysestøyperi på Melhus. (NB! Ikkje kast resttalg og lysestumpar, men lever dei til bruktbutikken, så blir dei til varierte og fine lys.)

Butikkpersonalet ønskjer fleire varer og oppfordrer pensjonistar og andre som har ekstra tid til å melda seg som selgarar. Kosleg arbeidsplass. Ta kontakt.

Dersom du har noko du ikkje lenger har bruk for, men som andre kan bruka, så kan du levera det til gjenbruksbutikken på Skei, i Landbrukshuset vis a vis Coop Extra.


Nyheter

Nabofest. Ny-sommer. Og ingenting.

Skjedde det noe på Nabofesten i NMS Lilleborg, siste lørdagen i august? Mange sa «ingen ting» - men de mente at dette likevel var en usedvanlig stor blessing sommerdag, mens ungene koste seg i hoppeslott og artige doskåltreff!
Les mer

Ein inspirerande og optimistisk dag

- skal vi ta dei hyggelege tilbakemeldingane på alvor. Forventning var tema på Haakon Kessel sin bibeltime under regionstemnet på Vestnes. Forventning på så mange plan.
Les mer

NMS Gjenbruk på Fæbrikstad

– Det yrte av folk på standen vår, noko vi vil attskape i år óg. Dette er ein kjempefin måte å få vist fram konseptet NMS Gjenbruk, seier marknadsansvarleg i NMS Gjenbruk, Katrine Pensgård.
Les mer

Tennbrikker skaper misjonsglød

I 2023 leverte Knausen Lysstøperi lys og tennbrikettar til NMS Gjenbruk for to millionar kroner, og får stadig nye frivillige som vil bidra.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp