Gi en gave
Meny
Foto: Bente Anita Sæter Pilskog Last ned

Flott festgudsteneste i Ulsteinvik

Søndag 19. mars feira Ulstein Kyrkje ei festgudsteneste av dei sjeldne.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Soknet har Midt-Austen som sin misjonsavtale og denne dagen var det Familiens misjonsdag i samarbeid med NMS.  Begge barnekora til kyrkja, Korklubben og Tween-Sing var med å song så taket lyfta seg og deltok som lesarar og medhjelparar.

Bente Anita Sæter Pilskog, tidlegare Thailand misjonær, heldt preika og oppmoda alle om å dele av tru, tid, ting og talent for å vere med å gje våre sysken i Midt-Austen håp om ei betre framtid.

Sonja Kaldhol som har besøkt prosjektet i Egypt fortalde om det ho hadde sett og opplevd.

Etter gudstenesta var det i samarbeid med Ulsteinvik søndagsskule kyrkjekaffi, tombola og misjonstivoli til inntekt for prosjektet. Tombolaen vart raskt utseldt og både små og store kosa seg på misjonstivoli. Å kunne skryte av å vinne over både kateketen og ein ekte politimann i handbak var stas. Flaskebowling, Kims leik, spikre fjøl, sette halen på grisen, lakke negler var også veldig moro, spesielt når ein vart premiert med godteri i tillegg.

Ei gudsteneste som løfta fram misjon, viste fram barna sine talent og skapte samhald i kyrkjelyden.

Ulsteinvik Misjonsgudsteneste-inngangsprosesjon video

Barnekor Ulstein-gloria

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp