Gi en gave
Meny
Last ned

Får klaus utan pass

Det er spesielt to ting som kan vippe Gro Smørdal (52) av pinnen: Urettferd og at ho ikkje finn passet sitt.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

− «Kjempe mot urett» er den delen av NMS sin visjon som ligg hjartet mitt nærmast. Når menneske blir haldne nede og diskriminert blir eg sint på djupet, seier den nye leiaren for NMS Vest-Afrika, Midtøsten og Nord-Afrika (WAMENA).

Når ho i tillegg må snakke litt fransk og engelsk, jobbe i eit fleirkulturelt fellesskap og ikkje minst reise, byrjar det å likne ein draumejobb for Gro Smørdal.

Third culture kid

− Ja, eg får faktisk litt klaus av å ikkje ha passet lett tilgjengeleg. Det er visst eit fenomen blant enkelte «third culture kids», altså folk som har vakse opp i ein annan kultur. Vi er mobile og rastlause, men også sjølvstendige. Lausare relasjonar, på godt og vondt, men til gjengjeld fleirkulturell kompetanse, forklarer Smørdal.

Både foreldra og besteforeldra var NMS-misjonærar på Madagaskar. Gro budde der frå ho var 2 til ho var 15 år. Det har sett spor, mest gode.

− Eg budde heime fram til ungdomsskulen, så eg kjende meg stor då eg kom på internat, fortel Gro som hadde med seg to småsøsken som var to og fem år yngre.

− Sjølv om eg hadde det godt, synes eg det er bra at misjonærbarnsaka kjem opp på nytt. Det er viktig å lytte til dei ulike erfaringane. Vi skal ikkje lukke dette kapittelet, synest ho.

Ungdomsskuleeleven Gro fekk kome heim kvar helg. Sidan ikkje alle kunne det, ordna mor hennar ei rullerande ordning der Gro alltid fekk med seg nokon.

− Foreldra mine var opne om at internatskuleordninga ikkje var ideell. Det var lov å ha kritisk blikk på ting. Vi kunne spørje om alt. Det som var vanskeleg fekk kome ut, utan at dei alltid tok «misjonen» i forsvar.

Snart skal denne openheita bli endå viktigare.

Ulukka

− Pappa sa aldri noko anna enn at det var totalt meiningslaust, seier Gro om den brå og brutale tragedien som gjer at familien reiser heim i 1987. Mora hamnar i ei dramatisk bilulukke og dør. Tilbake står ein mann med tre barn på 15, 12 og 9.

− Vi var sjølvsagt ekstra sårbare då vi kom heim. Det vart «dobbelt vanskeleg» å skulle tilpasse seg nytt land og norsk kultur. Men igjen var det denne openheita som redda oss. Pappa leia oss gjennom sorga på ein god måte.

Fleirkulturelt fellesskap

− Viss det skal stå ei «overskrift» over livet mitt, må det bli fleirkulturelt fellesskap. Det har alltid vore viktig for meg. Faktisk kjeda eg meg litt på internatskulen som berre hadde norske elevar, seier Gro som fekk overtydd læraren om å i det minste lage ei speidargruppe der også dei gassiske venene kunne delta.

Ikkje overraskande byrjar ho på Hald internasjonale skule og blir deretter NMS-eittåring i smeltedigelen Paris, der ho deltek i kyrkjas arbeid blant innvandrarar. Som student vel ho faga «norsk som 2. språk», fransk, engelsk og kristendom på universitetet i Oslo og seinare Bergen. I dag kan ho skilte med ei 25 år lang erfaring i å undervise vaksne og barn med norsk som andre språk. Ho har også skuleleiarerfaring som undervisningsinspektør.

Fleire av elevane har påpeika at Gro er annleis. Ho viser ei anna forståing, seier dei. Kanskje merkar dei at engasjementet hennar kjem frå noko djupt der inne. Ein sensitivitet og eit ekte engasjement for å integrere og bygge bruer.

Nytt kapittel

− Stillingsannonsen kom opp overalt, seier Gro om utlysinga som inneheldt alt ho drøymer om:

− Fransktalande Afrika, dialog, muslimar, kvinners rettar, utdanningsporsjekt, Midtausten og Pakistan som har blitt noko kjent og kjært etter så mange år med norskopplæring for pakistanske. Kan det bli betre?

Sjølv om ho trivst på Karmsund vidaregåande skule, kan ho ikkje la sjansen gå frå seg. I skrivande stund har ho vore tilsett i halvanna månad.

− Midtausten og Pakistan kjenner eg, men Mali, Kamerun og Egypt er meir ukjent. Heldigvis er Wamena eit team med ulike nasjonalitetar, bakgrunn og talent. Eg treng ikkje vere god på alt aleine. Mi oppgåve blir å leie, skape samhald og samarbeid i teamet. Eg ser veldig fram til å treffe samarbeidspartnarane.

Krenka menneskeverd

Gro har sett Brennpunkt-dokumentaren Ære og følgd debatten i etterkant.

− Tematikken engasjerer meg veldig. I æreskulturar kan menneske bli haldne nede. Eg kan ikkje leve med at menneskeverd blir krenka. Derfor vil eg jobbe i NMS. Vi kjemper mot urett, løfter kvinner, løfter menneskeverdet og det at alle har lik verdi, seier Smørdal.

− Evangeliet har eit grensesprengande menneskesyn. Fred, fridom og demokrati er jo bygd på kristne verdiar, seier ho avslutningsvis før ho berre må løfte fram ein siste kjepphest:

− Utvekslingsarbeidet i NMS. Eg kan ikkje få sagt kor viktig det er at unge kjem ut og møter andre kulturar for så å komme heim med ein heilt unik kompetanse. Det trur eg blir til stor velsigning for Norge på lang sikt.

Vest-Afrika, Midtøsten og Nord-Afrika (Wamena)

NMS støttar 30 prosjekt i dette området:

  • KAMERUN: Miljøprosjekt i kyrkje, undervisning for døve, misjonærar frå Kamerun til Mali, stønad til foreldrelause og sårbare barn, fond for fattige pasientar, relasjonsbygging mellom kristne og muslimar, evangelisering, radio, teologisk institutt, stipend til fattige elevar, sjukehus og kampen mot vald og overgrep mot kvinner (Kamerun, Etiopia, Madagaskar)
  • MALI: Use your talents, landsbyutvikling og menighetsbygging.
  • MIDTAUSTEN/EGYPT: Sommarleir, traumebehandling for kvinner, teologisk utdanning, Bibelselskapet Egypt, hjelp til forfølgde, TV-kanalen SAT-7, ungdomsarbeid, støtte til valdsutsette, trusfridom og likestilling og syriske flyktningar i Libanon.
  • PAKISTAN: Rettferd for minoritetar, arbeidstrening for marginaliserte kristne.
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp