Meny

Elsk din nabo som deg sjølv

Foto: Marit Mjølsneset Last ned
Tamio Konno blei kristen takka vere den eine kristne naboen i eit buddhistisk nabolag. Sjølv har ho hjelpt mangfaldige familiemedlemmar til tru.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Tamio møter oss med eit stort smil nede ved hovudvegen. Ho vil vise oss nabolaget sitt.

Me er i bustadområdet Najio, i byen Nishinomiya i Japan. Området er kjent for å på det meste ha husa over tusen fabrikkar som laga tradisjonelt japansk papir. I dag er det berre nokre få att. Men templa ligg framleis tett. Tamio viser oss fleire av dei på ei strekning på kanskje 300 meter fram til huset hennar nesten på toppen av ein bratt bakke. Buddhismen står sterkt i lokalsamfunnet her. Og sjølv om det er 45 år sidan Tamio blei kristen, er ho framleis ein del av buddhistiske feiringar og festivalar i nabolaget. Familien hennar har opp gjennom bidratt med tid og innsats på ulike tilstellingar i buddhistisk samanheng.

– Hadde det ikkje vore for det, kunne me ikkje budd her. Alle rundt her er buddhistar, og for å vera ein del av lokalsamfunnet kan me ikkje isolere oss. Men både eg og mannen min har vore tydelege på kva me vil bidra med. Me har til dømes hjelpt med praktiske ting som matlaging og servering under feiringar eller med å føre oversikt over gåver i gravferder, ikkje med den åndelege biten, fortel Tamio.

Sushi og shiba
Når du kjem inn i stova til Tamio er det ikkje mykje som skil seg frå ei norsk bestemor si stove. Veggane er fulle av bilete av barn og barnebarn og veggteppe i lappeteknikk. I den blå skinnsofaen ligg det rikeleg med saueskinn, og glaskarmane bognar av potteplanter. I hylla i hjørnet står det ein kross i porselen, eit innramma Jesus-bilete i god, gamal stil og små englefigurar.

Også gjestfridomen er den same. Ho har fått dottera til å baka sjokoladekake, dessutan har ho laga middag til heile det norske fylgjet. Fyrst hadde ho tenkt å laga sushi, men det kan vel kven som helst gjera, meiner Tamio, og har difor diska opp med frityrsteikte reker og kylling, misosuppe og krydra ris.

Den nesten 80 år gamle, nette kvinna susar rundt på kjøkenet. Den gyllenbrune hunden av den populære japanske rasa Shiba sjanglar rundt føtene hennar. Sjølv om det vesle fjeset hans ser kvalpeaktig ut, er det motsette tilfellet. Hunden har for lengst nådd pensjonsalder, noko den tynne pelsen, ryggstøtta og dei ustøe rørslene ber preg av. Men som me etter kvart skal lære, har Tamio både tolmod og omsorg nok til dei som treng det.

Sneik seg til kyrkja
For nesten 50 år sidan flytta Tamio, mannen og dei då tre borna hit. I nabolaget budde det ei kvinne som hadde vore sengeliggjande i 15 år på grunn av tuberkulose. Ho var sikker på at ho skulle døy snart. Ein norsk misjonær (Per Kivle) kom til området, og kvinna blei etter kvart ein kristen og let seg døype. Etter ei stund blei helsa hennar betre, ho fekk kreftene tilbake, og til slutt var ho på føtene igjen. Då kom lysten til å fortelje det ho hadde lært om Gud til andre. No ville ho byrje barneklubb, og ho spurte den nyinnflytta Tamio om borna hennar ville koma.

– Både borna mine og venene deira blei med, og dette var også starten på at eg byrja å søkje Gud, seier Tamio.

Nærmaste kyrkje ligg i byen Takarazuka. Presten her og fleire misjonærar, mellom anna Bjørg Sand, byrja å koma på barneklubben og heldt også møte for vaksne. Og etter kvart heldt dei nokre av møta heime i huset hjå Tamio. Arbeidet vaks parallelt med familien til Tamio. Dei fekk nemleg barn nummer fire, og fleire barn frå nabolaget blei også med på møta.

Etter kvart reknar både Tamio og dei fire borna seg som kristne, og dei vil gjerne bli døypt. Dei ender med å døype seg på same gudsteneste som ektemannen til den tidlegare tuberkulosesjuke kvinna.

Både Tamio og presten i Takarazuka ville så gjerne at også mannen til Tamio skulle få bli kjent med Jesus. Men han jobba lange dagar i golf-firmaet han var tilsett i, og han hadde ikkje fri på sundagar slik at han kunne gå på gudsteneste. Men dåpsdagen til resten av familien ville han ikkje gå glipp av, og han sneik seg unna nokre timar for å få det med seg.

Sjølv heldt han minstejenta då ho vart døypt. Og då Tamio spurte han etterpå kva kjensle han sat att med, svarte han at «i dag blei heile familien min døypt utanom meg. Eg kjenner meg forlaten».
– Då eg høyrde det fekk eg ei vond kjensle, men eg sa til han at «eg skal ikkje la deg vera aleine», fortel Tamio

Ofra ris og te
I Japan er det ikkje uvanleg at ektemannen eller hans familie ikkje vil at kona i familien skal bli kristen eller la seg døype. Men i Tamio sitt tilfelle var ikkje dette noko problem. Likevel var nok svigermor til Tamio ein del av grunnen til at mannen hennar heldt att med å rekne seg som ein kristen. Ho var nyleg blitt enke og flytta derfor inn hjå Tamio og familien. Ho var buddhist, og sjølv om ho ikkje tok med seg husalteret sitt, ofra ho kvar morgon varm ris og grøn te til eit bilete av den avdøde ektemannen. Sonen var redd for korleis ho kom til å reagere viss han valte å døype seg. Likevel var han interessert i den kristne trua. Og presten i Takarazuka kom faktisk heim til Tamio og familien for å halde husmøte berre for mannen, sidan han ikkje fekk til å koma i kyrkja saman med kona og borna på sundagane. Tamio hadde eit håp om at svigermora ville bli med på husmøta, men ho valte å vera i eit anna rom i huset når presten kom.

Men ei interesse var blitt vekt. Ho hadde nemleg byrja å lese i Bibelen. Og ein dag spurte ho Tamio: «Kva betyr det at dei ofrar lam?»
– Eg visste ikkje kva eg skulle svara, men eg sa at i gamledagar var det vanleg å bli tilgjeven for dårlege handlingar ved å ofre eit lam, men at ein no kan bli frelst og tilgjeven for synder av Jesus, sidan han døydde på krossen, seier Tamio.

Ei veke att av livet
Så ein dag blei svigermor til Tamio plutseleg ramma av eit slag medan dei sat og åt. Ho kunne ikkje lenger verken snakke eller eta, og legen slo fast at ho hadde om lag ei veke att å leva. Tamio tok seg av ho og stelte ho. Sidan ho ikkje lenger kunne snakke, gav ho svar med å klemme handa på den som prata med ho.
– Eg sat på sengekanten hennar og ba høgt til Gud og song salmar, seier Tamio.

Ho fortel at ein dag kom presten på besøk til svigermora og fortalte ho meir om Gud og om dåp. Svigermora byrja å gråte, og signaliserte med handa at ho ville bli døypt. Ho blei døypt der og då, i senga, med sonen til stades.

Nok ein gong fekk mannen til Tamio ei kjensle av å ha blitt forlaten, men det varte ikkje lenge. I tida framover fekk han nemleg hyppig dåpsundervisning av presten, og ei stund etterpå tok han valet om sjølv å bli døypt. Og mor hans? Ho levde ikkje berre i ei veke, men i tre år etter slaget.

Inga tru med tvang
Tamio har stelt mange gamle og sjuke familiemedlemmar opp gjennom livet. Ikkje lenge etter at svigermor hennar døydde, flytta nemleg hennar eigne foreldre inn. Faren blei over 100 år gamal. Også dei blei kristne i løpet av tida si i huset i Najio.

– Du er reine misjonæren?
Tamio bryt ut i høg latter av spørsmålet.
– Nei, nei, det var ikkje eg som gjorde det, det var som om Gud ordna alt etter at eg flytta hit. Han har gjort det slik at alle i familien blir kristne. Og det som er litt rart, er at alle som bur her i området er buddhistar. Heile nabolaget. Men etter at me kjøpte denne tomta, fann me ut at dei som budde her før oss, akkurat her som huset vårt står no, også var kristne.

Men kva er nykkelen? Ho som har fått sjå så mange rundt seg ta imot Jesus, kva tenkjer ho er viktig for at fleire japanarar skal oppleve det same?
– Me kan ikkje tvinge folk til tru. Det viktigaste er korleis me lever, me må få folk til å forstå at det er fint å vera kristen, at me får glede av trua og at me er tilfredse. Det trur eg kan «smitte». Uansett kva eg møter i livet, så kan eg få hjelp og leiing frå Gud. Og Gud kan bruke meg der eg er og jobbe gjennom meg, meiner Tamio.

Alle borna hennar er kristne, og både ektemannen og ungane til eldstedottera er døypte.
– Det er ikkje så vanskeleg å oppdra kristne born. Det er verre med foreldra våre, seier Tamio med eit lurt smil.

Tolv års sjukeleie
No for tida er det berre Tamio, yngstedottera og hunden som bur i heimen på toppen av bakken i Najio. Ikkje lenge etter at hennar eigna foreldre døydde, vart mannen hennar ramma av slag. Etter 12 års sjukdom døyr han. Når me møter Tamio er det berre fire månadar sidan.
– Fram til rundt ein månad sidan følte eg at han var i huset. No har eg endeleg innsett at han faktisk ikkje er her lenger, seier Tamio og senkar blikket.

Etter slaget hamna han i rullestol, men det gode humøret og det store smilet hans forsvann ikkje. Ekteparet brukte mykje tid på å be og synge saman. Etter kvart mista han taleevna, men å synge greidde han livet ut.
– Slik heldt me på i fleire år. Han kunne veldig mange salmer utenat. Og så las me i Bibelen. Når han ikkje kunne prate lenger, ba eg ei setning om gongen og fekk han til å gjenta etter meg. Det var ei veldig verdifull tid. Eg tenker på den perioden meir som at me hadde fellesskap med Gud enn at eg pleia han.

Heile nabolaget møtte
Tamio skreiv i desse åra ned alle bønene hans. Ho går bort til eit skåp og viser fram ein heil stabel med utskrivne notatbøkar. Ein merkar at det er tungt for Tamio å snakke om den ferske sorga.
– Eg har hatt mange år der eg har pleia folk, og sjølv om eg no er heilt «fri», skulle eg så gjerne hatt mannen min her framleis, seier ho med tårer i augo.

For Tamio var det godt å sjå at heile nabolaget møtte opp i kyrkja då mannen skulle gravleggast. Ho veit at han var godt lika. Til og med leiaren i det største buddhistiske tempelet i området skrytte av han. Mannen hennar møtte nemleg alltid opp når det var gravferd i bygda og hjelpte til med det praktiske.
– At han som var ein kristen ikkje berre stilte opp, men gjorde så godt arbeid, det gjorde visst inntrykk.

Godt å vera kristen
Tamio kjenner seg som ein likeverdig medlem av lokalsamfunnet. Men i tillegg betyr fellesskapet ho har i kyrkja mykje.
– Det er så godt å vera kristen. Det er slett ikkje noko ork å gå i kyrkja, tvert imot trur eg at eg hadde kome meg mykje mindre ut av huset og vore eldre til sinns hadde det ikkje vore for kyrkja. Og det er noko veldig fint med å ha eit kristen fellesskap. Eg takkar Gud for det.

– Det er mange japanarar og misjonærar som har prøvd i årevis å få fleire til å bli kjente med Jesus og bli ein del av det kristne fellesskapet, men det viser seg å vera vanskeleg. Er du nokon gong redd for at folk skal miste motet og gje opp, spør underteikna.
– Nei, eg trur ikkje det kjem til å skje. Eg er ikkje mismodig, og dessutan er det opp til Gud. Eg trur ikkje det handlar om at eg eller andre ikkje er «flinke nok». Han kan bruke alt me gjer.

Men Tamio har eit håp for kyrkja i Japan. Og det er at kristne ikkje berre skal gå på gudsteneste på sundagane, men også leve slik at folk skjønar at dei er litt annleis.

På den måten kan dei bli eit vitnesbyrd i sitt nabolag. Og kven veit, kanskje er resultatet ei heil slekt som blir kristne?

————————————

Misjonstidende 2-2019 har Japan som tema. Les hele bladet her: Misjonstidende nr 2-2019
Vil du abonnere og få bladet gratis i postkassen? Send en SMS med tekst «NMS MT» til 2490, eller en mail til infosenter@nms.no

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp