Gi en gave
Meny
Foto: Eli-Kristine Moltu Last ned

Ein god start på 2024

Kva er vel betre enn å starte eit nytt år med den tradisjonelle basaren, ilag med mange andre, kjøpe seg god mat, ta lodd og ha det godt og varmt.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Årets trettandedagsbasar vart arrangert laurdag 6. januar på Ørsta bedehus.

På førehand hadde det blitt solgt lodd både på kjøpesenteret og på Kiwi, dette både for å få inn litt ekstra og samstundes så får fleire høve til å støtte det viktige arbeidet som NMS er med på.

Fleire av oss var nok litt spente på korleis oppslutninga ville verte, det var nokså kaldt (rundt -10) og glatt. Og folk hadde ikkje fått lønn i januar……

Men då basaren tok til, såg vi at her blei det bra med folk. Det var også  fleire «langvegs»farande frå både Volda og Ulsteinvik.

Og kva er vel bedre enn å starte eit nytt år med den tradisjonelle basaren, ilag med mange andre, kjøpe seg god mat, ta lodd og ha det godt og varmt.

I Ørsta er vi heldige som har mange gode og engasjerte hjelparar som stiller både til praktiske oppgåver, andakt, song og musikk.

Dette gjer at ein kan halde på tradisjonen med trettandedagsbasar.

Når oppteljinga var gjort, kunne vi glede oss over eit flott resultat, nemlig nær kr. 40 000 !!!

NMS i Møre takkar alle som har bidrege og gratulerer med flott resultat!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp