Gi en gave
Meny
Last ned

Barabassane – 21 år med tru, misjon, samtale og kvilepuls

Barabassane vart stifta den 26. januar i 2004 i prestebustaden på Eidet. Vi saksar følgande frå "protokollen": "Til opning vart lest Openb. 15,4: "Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt åsyn"...
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det vart vedteke å la den nye mannsforeninga vere eit forum for den gode samtalen, og at deltakarane skal finne «kvilepulsen.» – Og at vi skal fordjupe oss i Barafolket på Madagaskar sine kår.»

Protokollen frå stiftingsmøtet vart underskriven av 8 Barabassar: Bjarne Øygard, Rolf Knudsen, Oddmar Hauge, Jan Ove Giske, Thomas Vadset, Oddmund Farstad, Roar Engås og Per Inge Vik.

Seinare har vi gått over til å støtte «Sat7», altså kristne tv-sendingar retta mot land der det blir snakka arabisk, farsi og tyrkiske språk.

Bortsett frå eit avbrekk i Covid-tida, har foreninga halde bass-tonen ganske godt desse 21 åra, og vi har alltid ein god kveldsmat ilag på møta våre!

Eit par «stunt» kan nemnast: I januar 2012 hadde vi eit husmøte på Skodje, der vi inviterte med nokre karar frå Skodje, med tanke på å få dei til å starte mannsforening i sitt sokn. Det vart suksess! Så vellukka vart det at både dei og vi held på framleis!

Så har Barabassane ved nokre høve pynta Vatne kyrkje til hausttakkefest med maritimt preg. Den kyrkjedagen fekk forsamlinga kjenne eimen av tare, synge salmar med tema frå sjø og fiskeri, og folk fekk oppleve kyrkja pynta med tau og teiner, garn og ruser. Etter gudstenesta serverte vi karane fiskesuppe som kyrkjekaffi. Minnerikt for alle frammøtte.

Vi kjenner oss heime i det maritime. Rolf tek oss gjerne med på ei utflukt med båten, der vi gjer strandhogg i ei lun vik på ein eller anna holme. Dei fleste møta våre har vi i på loftet i naustet til Nils Myklebust. Der er det både varmt og triveleg, og god plass til heile gruppa. Om alle møter opp, er vi 11-12 karar.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp