Gi en gave
Meny
Last ned

Å kjøpa eit menneske

Det er nokre setningar som ikkje heng heilt i hop. «Å kjøpa eit menneske» er ein slik setning.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ikkje fordi det ikkje skjer. Nei, kjøp og sal av menneske det skjer i forbausande stor grad. Over 40 millionar menneske lever i dag under ulike former for moderne slaveri. Men det er ikkje bare setninga i seg sjølv som skurrar. Mest av alt skurrar den brutale verkelegheita. Kor avskyeleg, omfattande og hjarteskjerande denne «businessen» kan vera, kjem tydeleg fram i filmen «Sound of Freedom» som nyleg har nådd eit stort publikum både i USA og Noreg.

Sjå trailer for filmen «Sound of freedom» under.

Eit menneske er ikkje til sals. Det er ikkje ei vare som kan kjøpast. Punktum. Av og til kan ein likevel få det inntrykket, for eksempel om ein går til sporten si verd. Når fotballspelaren Erling Braut Håland vert selt til Manchester City for ein milliard kroner, er det akkurat det som skjer; eit menneske – i form av ein uvanleg dyktig fotballspelar – blir selt til marknadspris. Ein kan meina mykje om kor sunt det er å ha ein spelarmarknad med slike summar involvert. Noko heilt anna er det likevel å møta den sårbare ungjenta Nun på gata i Bangkok.

NMS arbeider fleire stader i verda med å forebyggja menneskehandel. Ikkje minst er dette målsetjinga for fleire av prosjekta som me driv saman med kyrkja i Thailand. Så kan ein spørja; kva har arbeid mot menneskehandel med misjon å gjera? Det enkle svaret på det er – ganske mykje, faktisk!

Jesus seier at «det de gjorde mot ein av mine minste, gjorde de også mot meg. Og det de ikkje gjorde mot ein av mine minste søsken, gjorde de heller ikkje mot meg». Ein sterkare marsjordre frå Meisteren sjølv er det knappast muleg å få. Det at sårbare barn og unge risikerer å hamna i prostitusjon og sex-industri, kan me ikkje lata att augo våre for.

Djupast sett handlar det om kjernen i det kristne bodskapet. Om menneskeverdet. At kvart og eitt menneske som Gud har skapt har uendeleg verdi. Ikkje ein milliard kroner. Men uendeleg verdi. Og Jesus utfordrar kvar enkelt av oss til å heigna om denne verdien. Om menneskeverdet. Fordi Gud elskar kvar og ein av oss.

Eg håpar derfor at du vil vera med å støtta årets julekampanje frå NMS som handlar om å motarbeida menneskehandel i Thailand. Rett og slett fordi barn sin verdi ikkje skal målast i slavepengar. Men i Guds eigen valuta – det uendelege menneskeverdet.

Du kan støtta årets julekampanje i Vipps-vinduet under.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp