«Spanande butikk med fine priser»
Butikkleiar i Flekkefjord Bjørn Arild Hansen nikkar. – Me er heldige og har 42 veldig engasjerte, motiverte og ivrige medarbeidarar. Me fordeler ansvar til dei frivillige. Då får alle eit eigarforhold til butikken, og det er veldig viktig, seier han.
– Nokon har ansvar for klede, nokon for kjøkkenutstyr, for ting og tang, for bøker, utstillingar, transport og så vidare. Ei har ansvar for vaktlister, og ei anna har for facebook. Eg gjer nesten ingen ting, smiler Bjørn Arild. – Me har ein veldig god butikkleiar, skyt ei av dei frivillige inn. – Han er så god på informasjon og system, alle veit kva som skal skje, seier ho.
Faste kundar
To unge damer i 30-åra er innom i butikken denne dagen. Dei bur i Flekkefjord og er faste kundar. – Det er alltid noko kjekt å finne her, seier ho eine. – Det er ein fin, spanande butikk, og dei har fine priser. Det er ikkje for dyrt, seier ho. – Og så er dei veldig gode på å legge ut ting på facebook. Og det veldig hyggeleg betjening her, legg ho andre til.
Bjørn Arild fortel at omlag 80% av kundane er faste. – For at det skal vere ein spanande butikk for desse, så snur me om på utstillingane kvar veke. Det skal alltid vere noko nytt å finne her inne, seier Bjørn Arild. – Det er ein utstillingsgjeng her kvar måndag, og dei er veldig flinke. I tillegg er me veldig nøye på at me skal berre ta inn fine varer, og at det er fine bilete på facebook.
Ekstra viktig
Bjørn Arild fortel at for styret er det tre ting som er ekstra viktig. Det eine er at medarbeidarane opplever at dei har eit meiningsfylt arbeid. Det andre er at dei har med seg eit par unge, sterke karar frå ei verna bedrift i transportgruppa. Og det tredje er den gode samtalen, møteplassen i butikken, både for medarbeidarar og kundar.
Butikken i Flekkefjord har auka salet med rett over 300 000 frå i fjor. I forhold til 2019, siste normalår, har dei auka med rundt 410 000. Og det er framleis fleire veker igjen av 2022.
Tusen takk til alle som er med i Flekkefjord. Her er mykje å bli inspirert av.