Gi en gave
Meny
Last ned

Volda konfirmantane «løp» inn over 40.000 kr!

Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

«brud» Ingeborg og konge/presten Kristian laga god stemning som kommentatorar og motivatorar i målområdet.

Siste veka i sommarferien var nesten 80 konfirmantar frå dei seks kyrkjelydane i Volda kommune samla på  to bu-heime-leirar på Kjeldsund. Eit tema på leir var diakoni. Og i samband med dette har vi hatt sponsorløp på kvar av leirane, der vi samlar inn pengar til misjonsprosjektet vårt på Madagaskar. Konfirmantane vart oppfordra til å finne seg sponsorar.

For dei som ville, hadde vi kostymer og teatersminke. Etter felles oppvarming var stemninga og pulsen på plass hos alle. Alle var med – anten på runden eller som heiagjeng.

Det vart delt ut premie for best innsats på rundetal, orginalitet og kostymer. Beste heiagjeng fekk òg premie. Og engasjementet blant ungdomane har vert overveldande! Dei samla inn over 40.000 kr.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp