Gi en gave
Meny
Last ned

Vandring med Kristuskransen

Kristuskransen er ei oppfinning utvikla av den svenske biskopen Martin Lönnebo i 1995. Sidan har den blitt utvikla, pussa på og brukt av mange kyrkjelydar og kristne spesielt her i Norden.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

På Kjeldsund har vi laga ei heilt eigen kristuskransvandring med støtte frå Møre bispedømme. Perlene i kransen er erstatta med store kuler lakka i riktige fargar. Kulene er plassert rundt til ei stor vandring kor ein enten kan ha med konfirmantgrupper og undervise om perlene, eller ta seg ein stille retreat i naturskjønne omgjevnadar.

Det er eit robust opplegg med kuler som toler sjø, vind og vér. Stativa skal og tole ivrige konfirmantar eller rampete gutar. Alle stillhetsperlene er ikkje komne ut enda, men dei skal plasserast rundt på heile område med ein benk ved sidan av. Her kan du sitte og vere stille. «Stillehetsbenkane» er skorne av tømmer frå skogen vår, og ligg i skrivande stund til tørk. Benkane blir alle plassert slik at ein kan sitte å sjå uforstyrra utover havet eller naturen.

Med vandringa utarbeidar vi eit opplegg for konfirmantar. Her har vi blitt godt hjelpte av staben i Herøy kyrkje både med utprøving og opplegg. Seinare håper vi å kunne tilby eit eige opplegg for pilegrimar, retreat og kanskje fleire også. Uansett så står perlene her klare til besøk året rundt.

Vi takkar for alle som har gjort vandringa mogleg; bispedømme med midlar, Herøy kyrkje med utprøving og opplegg, Egersund trål som har skaffa til veie store kuler, og ikkje minst alle dei frivillege som har lakka, saga, laga benker og mykje anna.

Vi håper mange vil nytte seg av perlene til både vandring og undring.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp