Gi en gave
Meny
Foto: Privat / AFTER SCHOOL SPORTS: Eirik Norheim starta opplegg for barn og unge med andakt og idrett. Last ned

– Det vekte interesse då eg fortalte om arbeidet i kyrkja

– Året var fullt av kjekke og mangfaldige opplevingar, fine folk og gode møte. Det har vore veldig kult, og tida gjekk utruleg fort! Eirik Gautestad Norheim har eit innhaldsrikt år som Ucrew-er bak seg.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

– Kvifor nettopp Estland?

– Eg hadde allereie eit forhold til landet og har vore der fleire gonger. Foreldra mine er tidlegare Estland-misjonærar. Eg har sett at sjølv om landet er i utvikling, så er det framleis store behov, og derfor hadde eg eit ønske om å hjelpe til. I tillegg ønska eg å lære meir om landet og språket og bli skikkeleg kjent med folk og kultur. Det er eit interessant land med mykje historie, fortel han.

Foreldra hans, Kjersti Gautestad Norheim og Bård Eirik Hallesby Norheim, var misjonærar i Estland i tre år og reiste tilbake til Noreg då Eirik var eitt år gamal.

Ucrew

– Å reise som Ucrew-er var ein fin moglegheit til å få eit år i utlandet. Gjennom Ucrew kunne eg både oppleve land og kultur og samtidig bidra med eit meiningsfylt arbeid, seier 20-åringen, som i haust begynte å studere filosofi.

Eirik reiste til Estland i september i fjor og budde på hybel i Mustamäe-kyrkja der han deltok som frivillig i ungdomsarbeid, sundagsskule, bønnekveldar og som leiar på leir.

Taizè-treff

Det som tok mest tid i løpet av hausten var førebuinga av det store nyttårstreffet for ungdom og unge vaksne mellom 18-35 år. Tallinn var nemleg vertsby for det europeiske Taizé-nyttårstreffet frå 28. desember til 1. januar. Fleire Taizé-brør kom frå Frankrike og budde i kyrkja i månadane før treffet. Saman med Eirik og kyrkjelyden i Mustamäe hadde dei mykje å gjere både i forkant av og under sjølve treffet.

Ucrew

  • Ucrew er NMS sitt ti månadar lange volontørprogram for unge mellom 18-30 år.
  • I Ucrew får ein praksisplass hos ein av NMS’ partnarar i England, Estland, Frankrike eller Spania.

– Det kom i underkant av 3500 unge vaksne frå heile Europa, ungdom og unge vaksne frå forskjellige land og ulike trusretningar. Det var veldig kjekke dagar, fulle med gudstenester, lovsong, bønn, samtalar og diskusjonsgrupper om tru og liv. Årets tema var «People of hope», smiler han, og fortel at dette nyttårsmøte blir arrangert kvart år i ein valt by i Europa. I 2025 skal arrangementet vere i Paris.

– Det skal ikkje koste noko å delta på treffet, så ein stor del av jobben min i fjor haust var å skaffe overnattingsstader til alle. Nokre budde heime hos folk i kyrkjelydane, nokre på skular eller andre kommunale bygg og nokre  i kyrkjer. Medlemmane i kyrkjelyden la ned ein stor innsats for å få dette til, og mange var frivillige under sjølve arrangementet også, fortel han.


SAMLING: Eirik saman med ungdomsarbeidarar i ulike kyrkjer i Estland. Foto: Privat

After school sports

Eirik er av den sportsinteresserte typen og ønska å gjere noko som inkluderte idrett medan han var i Estland.

– Eg hadde som mål å få til noko KRIK-liknande greier for barn og unge, og sidan Mustamäe-kyrkja ligg like ved ein stor barne- og ungdomsskule med eit veldig bra uteområde, starta eg det eg kalla «After school sports» i april. Eit par dagar i veka fram til sommarferien var eg på skulen etter skuletid. Rundt 15 barn og unge var fast med. Først samla eg dei til ei lita andakt og så hadde vi ulike idrettsaktivitetar. Det var veldig kjekt, smiler Eirik, som sjølv er aktiv handballspelar.

– Eg blei med på eit herrelag i Tallinn, noko eg likte godt. Der kom eg i kontakt med andre menneske enn dei eg møtte i kyrkja. Lagkameratane mine lurte på kva eg gjorde i Tallinn, og eg merka at det vekte interesse då eg fortalte om arbeidet i kyrkja.

Stor innsats

Eirik synest det var utruleg fint å sjå alt arbeidet som kyrkjelydane gjer. Og sjølv om det dei får igjen ikkje står i stil til innsatsen dei legg ned, meiner han at det er fantastisk å sjå kor langt kyrkjene har kome.

– Kyrkja i Estland er ikkje stor, og mange av dei som jobbar der har andre jobbar ved sidan av. Det som har skjedd i Saku og Mustamäe er heilt fantastisk. Det er imponerande at dei klarar både å bygge opp, få inn nye folk og samtidig halde på dei dei har. Men det trengst framleis krefter inn for å støtte opp om det vidare arbeidet, oppfordrar han.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp