Gi en gave
Meny
Foto: Life-of-Pix-free-stock-photos-city-woman-camera-leeroy Last ned

TV-program opnar hjarta for nye tankar

Nyhetsbrev 3/25-Midtausten. Eit barneprogram på Disney Channel fekk den arabiske statstenestemannen til å tenka. Programmet var produsert av Middle East Media (MEM), som er NMS sin eldste samarbeidspartnar i Midtausten. Me vil gjerne fortelja deg Habib si historie:  
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Habib* er gift med ei som produserer barneprogram for Middle East Media (MEM). På jobbreise til Qatar kom han i snakk med ein høgare statstenestemann som fortalde at han hadde sett eit barneprogram som fekk han til å tenka. Dette gjekk på den arabiske Disney Channel. Han la merke til at dette programmet ikkje var slik som dei andre programma på kanalen.

«Dei får meg til å tenka», sa han.

Det han såg på skjermen begynte å utfordra korleis han alltid hadde tenkt om åndelege ting, som tilgjeving, sannhet og håp.

«Då forstod eg at han snakka om MEM sine teikneseriar» sa Habib.

«Eg var stolt av at kona mi hadde vore med å laga desse programma.»

Så sa mannen noko som overraska han: Han ba om å få ein bibel.

«Eg gav han min eigen bibel», fortel Habib.

Det er dette MEM sitt arbeid handlar om: Å så ut bibelske sanningar på heilt vanlege mediekanalar, så det er tilgjengeleg for alle.

MEM 50 år

Mange har høyrt om medieorganisasjonen SAT-7, men få kjenner til forløparen, Middle East Media (MEM). Organisasjonen begynte som litteraturarbeid i Libanon i 1975, men då borgarkrigen braut ut, måtte dei flytta arbeidet til eit anna land i Midtausten. I år kan MEM feira at det er 50 år sidan dei starta, og sidan den gongen har dei fått bety mykje for at menneske i den arabiske verda har fått bli kjend med Jesus. NMS har samarbeidd med MEM sidan 1990 og har hatt fleire misjonærar i regionen i dette viktige arbeidet.

Ibrahim* var tidlegare medlem i Det muslimske brorskapet.

«Det var MEM sitt arbeid som gjorde at eg kom til tru på Jesus, og no har eg vore ein kristen i 20 år. Eg er så takksam» seier han.

Over heile den arabiske verda kjem det no menneske til tru på Jesus. Gud arbeider på mange måtar, både gjennom massemedia og lokale kristne grupper. Ein kristen leiar frå Saudi-Arabia fortel at det no er tusenvis av menneske som trur på Jesus i det landet som før har vore stengd for kristne heilt sidan islam oppstod på 600-talet.

MEM arbeider også for å styrka rettane til kvinner og barn, og for å løfta opp dei svake i samfunnet.

Opplæring

MEM har alltid vore opptatt av å læra opp nye til å bruka massemedia for å dela trua på Jesus. No støttar NMS praktisk opplæring av nye medieteam til Sudan. Pga. den pågåande krigen i Sudan, kan dei ikkje driva dette arbeidet inne i Sudan, men flyktningar som bur i eit naboland lærer korleis dei kan nå sitt eige folk gjennom TV og internett.

Sjølv om arabisk er eit språk som folk i mange ulike land kan forstå, er det likevel mange lokale dialektar og ulike kulturelle uttrykksformer. Dei lokale kristne i kvart land er dei beste til å nå ut til sitt eige folk. Derfor er det viktig at dei får god opplæring i bruk av massemedia.

TAKK for at du er med og støttar NMS sitt arbeid i Midtausten!

*) Namna er endra av omsyn til tryggleiken.

Offerappell til kyrkjelyden

Hjarteleg takk for gåva til NMS sitt arbeid i Midtausten. Saman med kristne i Midtausten deler vi trua på Jesus, er med og utryddar fattigdom og kjempar mot urett.

I Midtausten samarbeider NMS med kyrkjer og kristne organisasjonar som deler evangeliet gjennom massemedia, arbeider for trusfridom og menneskerettar og gir støtte til kvinner, barn og marginaliserte grupper.

Vær med og be for:

  • Fred og rettferd for alle folk i Midtøsten.
  • Takk for Middle East Media sitt arbeid gjennom 50 år.
  • Be om at flere må bli kjent med Guds kjærlighet i Jesus Kristus.
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp